Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Avlastningsplass i institusjon

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. juli 2014 kl. 10:48 av Åslaug Bøhn Botnen
1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (nr.:25300 Pleie og omsorg i Institusjon)

For å hjelpa personar som har behov for omsorg i ein kortare periode
kan omsorgstenesta i Kvam Herad gje tilbod om avlastningsplass i institusjon.


2. Kven får tenesta

Personar som har behov for ekstra omsorg og hjelp i ein kortare periode, som avlastning for familie som har dagleg omsorg.


3. Korleis få tenesta

Søknad om avlastningsplass skal rettast til avdeling Stab og forvaltning i helse og omsorg, sjå oversikt.
Søknadsskjema kan du få ved å kontakta avdeling Stab og forvaltning, pleie og omsorgsleiar eller fellessekretariatet på rådhuset. Du kan også ta muntleg ta kontakt med dei.
Dersom du ikkje alt er brukar av heimetenester innan pleie og omsorg, kjem sakshandsamar på heimebesøk snarast råd og seinast innan 14 dagar og føretek fagleg vurdering av behovet. Tildeling av plass etter fagleg vurdering skjer i inntaksmøte som vert halde kvar veke.
Du vil snarast, og seinast innan 14 dagar etter inntaksmøtet, få tilsendt vedtak.
Av vedtaket går det fram:

Om du har fått plass straks
Om søknad om avlastingsplass er avslått. Det er høve til å søkja på nytt dersom situasjonen endrar seg






4. Kva omfattar tenesta

Omsorg og fagleg kompetanse heile døgnet. På Toloheimen og Øysteseheimen er det sjukepleier på vakt heile døgnet, på Strandebarmsheimen er det sjukepleiar på vakt dag og kveld ( heimevakt natt).Det er redusert bemanning i helger og høgtidsdagar.


Etter fagleg vurdering av individuelle behov:

Innan kl 11.00: Hjelp til morgonstell, med personleg hygiene og påkledning
Hjelp til å stå opp/leggje seg, etter ynskje om tidspunkt.
Hjelp til dusj/bad, toalettbesøk
Hjelp ved forflytting
Tilsyn og fagleg vurdering etter behov
Hjelp ved måltid-situasjonar.
Daglege måltid: frukost, frukt/saft formiddag, middag, kaffimat og kvelds. Ved behov tilrettelagt mat: Mosa mat, ulike diettar m.m.
Hjelp ved middagskvil for dei som ynskjer det
Hjelp ved kveldsstell med personleg hygiene og avkledning. Hjelp til å leggja seg, særlege ynskje om tidspunkt vert imøtekome.
Vask av merka privat tøy i institusjonen.
Hjelp ved ulike medisinske tiltak etter individuell fagleg vurdering, som t.d.
medikamentutdeling, injeksjonar, sårstell, stomistell, kateterstell, blodprøvetaking,
blodtrykkskontroll m. m
Regelmessig tilsyn av tilsynslege og elles etter fagleg vurdering.
Hjelp til planlegging og tilrettelegging ved utskriving til heimen


Etter ynskje:

Felles arrangement som: gammaldans, song og musikk, evt. felles turar.
Formidle kontakt med familie.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si .
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Tenesta er gratis.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr.6 d
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du opplever at du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med sakshandsamar, Stab og forvaltarkontoret eller pleie og omsorgsleiar, sjå punkt 11.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på vedtaket eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med Stab og forvaltarkontoret eller pleie og omsorgsleiar, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom Pleie og omsorgstenesta ikkje imøtekjem ein klage som gjeld innhaldet i tenesta, eller helsepersonellet, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland, for vurdering og endeleg avgjerd.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Aktuelle brosjyrar kan du finna på Rådhuset, Legekontor, Apoteket, i Pensjonist foreininga og på Institusjonane til pleie og omsorg i Kvam herad. Du kan og finna informasjon på Kvam herad si nettside: www.kvam.kommune.no


11. Praktiske opplysningar

Eining helse og omsorg: Rådhuset Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider kvardagar: 09.00 – 15.00.
Telefonnummer 56 55 30 00, Fax,56 55 30 01
E-post, postmottak@kvam.kommune.no
Helse og omsorgssjef: 56 55 30 93/ 90 59 85 79
Avdeling Stab og forvaltning :Toloheimen,Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund . 56 55 86 00/ 77 12 / 99 54 88 56
Pleie og omsorgsleiar: 56 55 86 00/ 86 02 90 68 10 38

Epost: aaslaug.boehn.botnen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no