Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Fysioterapi for vaksne/eldre

Utskriftsvenleg side Lagt ut 5. mars 2013 kl. 11:01 av Torild Kveberg
1. Tenestedefinisjon: (teneste nr. 24120)

For å hjelpa personar med
- nevrologiske lidingar og lidingar i muskel-, skjelett-og lungesystemet.
- gje behandnlingstilbod til pasienter innan rehablitering og habiliterong
- Førebyggjande tiltak
Tenesta er både stasjonær og ambulerande, og vert utført av kommunefysioterapeut.


2. Kven får tenesta

Vaksne og eldre personar som ikkje har høve til å nytte fysioterapitilboda ved dei fysikalske institutta i heradet.
Det er ein føresetnad at brukaren samarbeider med den som skal yte tenesta.


3. Korleis få tenesta

I sone Norheimsund,Øystese og Strandebarm: Fyll ut og send eit tilvisingskjema til Fysioterapitenesta for vaksne i Kvam herad, Toloheimen, 5600 Norheimsund. Tilvisningskjema fås ved å kontakte kommunefysioterapeut eller gruppeleiar i dei ulike sonene.Tilvisingsskjema kan ein og finne på nettsidene til Kvam herad, se under skjema.
I sone Ålvik tek ein kontakt med Ålvik fysioterapi, soneleiar eller fastlegen.
Fagleg vurdering av ditt behandlings- og hjelpebehov vil avgjere kor raskt tiltaka vert iverksett.
Hastesak: Fagleg vurdering inntil 1 veke etter melding.
Vanleg sak: Fagleg vurdering inntil 3 veker etter melding.


4. Kva omfattar tenesta

Undersøking og vurdering.
Behandling, rettleiing og oppfølging individuelt og /eller i gruppe.
Formidling og tilpassing av hjelpemidlar.
Førebyggjande arbeid.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si.
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Tilbodet er gratis.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Lov om helse- og omsorgstjenester
Lov om folkehelsearbeid
Lov om helsepersonell.
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Det kan bli noko lengre ventetid i ferier og ved sjukdom, men akutte situasjoner vil ha særs høg prioritet.
Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med sjefsfysioterapeut, sjå punkt 11.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med sjefsfysioterapeut.sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom sjefsfysioterapeut ikkje imøtekjem ein klage som gjeld helsepersonellet som utfører tenesta vert klagen sendt vidare til Fylkeslegen i Hordaland, for endeleg avgjerd der.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Du kan finna informasjon på Kvam herad si nettside: www.kvam.no


11. Praktiske opplysningar

Sjefsfysioterapeut. Helsebanken. Hardangerfjordvegen 650 5610 Øystese
Tlf. 56 55 38 50 Mob. 90 17 61 66
I sone Ålvik er tenesta knytta opp mot Ålvik Fysioterapi, telefon 56 55 75 00, måndag, onsdag, fredag
I sone Øystese,Norheimsund og Strandebarm kan ein nå fysioterapeutane på mobiltelefon
Fysioterapeut Mona Kaldestad Ystebø mobil:48149284
Ruth Fjose mobil:91599044
Rikke Gjerde mobil:91379665

eller ved å kontakta institusjonane.
Adresser: Rådhuset Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer..56 55 30 00, Fax,56 55 30 01
E-post, postmottak@kvam.kommune.no
Ajourført av sjefsfysioterapeut 05.03.13

Epost: torild.kveberg@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no