Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Barnehagevedtekter for kommunale barnehagar

Utskriftsvenleg side Lagt ut 19. februar 2014 kl. 09:00 av Nita Aamelfot
Del 1. FORMÅL OG ORGANISASJON

1.1 Formål

a. Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta born sine behov for omsorg og leik, og fremja læring og daning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal byggja på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn som er forankra i menneskerettane.


b. Barnehagen skal vera ei pedagogisk verksemd. Barnehagen skal møta borna med tillit og respekt og anerkjenna barndomen sin eigenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vera ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremja demokrati og likestilling og motarbeida alle former for diskriminering.

1.2 Born sin rett til medverknad.

Born har rett til å uttala seg om det som vedkjem dei, og skal ha høve til å ta del i det som omfattar livet deira i barnehagen. Det skal leggjast vekt på born sine synspunkt i samsvar med alder og modning.

1.3 Organisasjon

Dei kommunale barnehagane blir drivne i samsvar med lov om barnehagar, vedteken rammeplan for barnehagar og gjeldande departementale forskrifter og retningsliner, kommunale vedtak og planar gjeldande den einskilde barnehagen.
Kvam herad har ansvar for utbygging og drift av barnehagane i heradet jf. § 7 i lov om barnehagar. Den daglege drifta er delegert til administrasjonssjefen.
Barnehagane skal ha eit samarbeidsutval og eit foreldreråd, jf. § 4 i Lov om barnehagar og forskrifter § 1.6.

1.4 Eigartilhøve

Kvam herad driv kommunale barnehagar i eigne lokale eller i leigde lokale.
Heradstyret har det overordna ansvaret for å skapa gode rammevilkår for barnehagane.

1.5 Opptaksmynde

Førerett til plass i barnehage er fastsett i vedtektene del II Samordna opptak. Administrasjonssjefen stadfester eventuell førerett etter retningsliner gjeve i vedtektene.
Det er kontinuerleg opptak etter fastsette retningsliner, jf. vedtektene del II Samordna opptak.
Enkeltvedtak som gjeld førerett kan føresette klaga til Klagenemnda.
Klagen skal sendast til Kvam herad innan 3 veker frå motteke brev, jf. § 28 i forvaltningslova.


1.6 Opptaksperioden

Opptaksperioden går frå barnet får plass og fram til veke 28 det året barnet skal ta til på skulen.

1.7 Opptakskrinsar

Kommunen er ein opptakskrins. Private barnehagar er gjennom ei samordning av opptaket ein del av opptakskrinsen. Kommunen skal i størst mogleg grad tilby søkjar plass i den barnehagen det blir søkt plass i, og tildelinga skal sjåast i samanheng med gruppesamansetjing og nærleik til heimen. Dersom det ikkje er mogleg å tilby plass i den barnehagen det er søkt om, kan kommunen tilby plass ved ein annan barnehage i kommunen.


1.8 Opningstida

Opningstida i barnehagane blir fastsett av styrar i samråd med leiar for barnehage og skule.
Barn si opphaldstid i barnehagen skal ikkje overskrida 9 timar per dag.

1.9 Leike- og opphaldsareal

Leike - og opphaldsareal følgjer rettleiande normer frå Kunnskapsdepartementet sine merknader til barnehagelova.

1.10 Eining/plass

Born som fyller 3 år innan 31.07 i vårhalvåret vert rekna som 3 år frå 1.januar, og vert rekna som ei eining. Born som fyller 3 år innan 31.12 i hausthalvåret, vert rekna som 3 år frå nytt barnehageår i august. Born under 3 år svarar til 2 einingar.

1.11 Fleire born enn norma tilseier

Styrar, i samråd med verneombod og leiar for barnehage og skule, avgjer om det skal vera fleire born i barnehagen enn norma tilseier. Det må her takast omsyn til alderen på borna, fysiske rammer og eventuelt andre forhold. Dersom det er ei eining ledig i høve norma må barnehagen ta opp eit barn under 3 år dersom det ikkje er søkjarar over 3 år.

1.12 Planleggings- og kursdagar.

Barnehagane blir stengde 7 dagar i løpet av barnehageåret. Fem av desse dagane går til planlegging og samarbeid for personalet, jf. arbeidsavtale for personalet. (SFS nr. 2201, 3.4.). To av dagane går til kompetanseutvikling for personalet.

1.13 Serviceerklæring.

Driftseining barnehage har eiga serviceerklæring. Denne vert justert når vedtektene er klare.




Del 2. SAMORDNING AV OPPTAK

2.1 Retningsliner for opptak

a. Ved hovudopptaket gjeld lovfesta rett til barnehageplass (jf. Lov om barnehagar § 12- a).

Det betyr at born som har fylt eitt år innan utgongen av august det året det vert søkt om barnehageplass, og som søkjer plass innan fristen for hovudopptaket, skal ha rett til barnehageplass i Kvam herad frå nytt barnehageår i veke 32.


b. Nedre alder for barnehageborn i Kvam er 1 år ved utgongen av den månaden dei startar.


c. Opptakskriterier etter følgjande prioritering:

· Lovpålagte kriterier:

- Funksjonshemma born som er tilrådd utviklings-/opplæringstilbod i barnehage av sakkunnige. (Jf. § 13 i lov om barnehagar).

- Born med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4- 4 andre og fjerde ledd.


· Kommunale kriterier:

- Året før skulestart

- Barn frå familiar der begge foreldra er framandspråklege/ tospråklege.

- Eldre barn blir prioriterte framfor yngre barn

Kommunen skal i størst mogleg grad tilby søkjar plass i den barnehagen det blir søkt plass i, og tildelinga skal sjåast i samanheng med gruppesamansetjing og nærleik til heimen.(del I pkt 7)

Ved tildelt plass har born med søsken i barnehage førerett til plass i den barnehagen søsken går i.

Tvillingar skal til vanleg bli vurdert saman ved opptak.

d. Føresette med redusert barnehageplass har rett til å få tilbod om å auka plassen før barnehagen tek opp nye born på ledige plassar. Barnehagane skal til ein kvar tid ha oversikt over ledige plasser den enkelte dag. Opptak skjer etter gjeldande kriterier.


e. Born utan plass etter hovudopptaket blir sett på venteliste og det blir praktisert fortløpande opptak etter gjeldande kriterier.

Ved søknad etter søknadsfristen: Barn som ikkje får plass i barnehage frå ønska tidspunkt, blir sett på venteliste. Fortløpande opptak gjennom året skjer etter gjeldande kriterier, og barnet får i tillegg ansiennitet i samsvar med dato for søknad. Det blir ikkje tatt omsyn til opparbeida søkjaransiennitet ved nytt hovudopptak.


f. Mottaksordning for nykomne flyktningar. Som ein del av introduksjonsprogrammet i Kvam held administrasjonssjefen 3 barnehageplasser opne for mottak av nykomne flyktningborn.


g. Administrasjonssjefen avgjer om heradet kan gje førerett til plass i barnehage i samband med rekruttering til stillingar der heradet har vanskar med å skaffa kvalifisert personale.


h. Dersom føresette takkar nei til plass på 1. ønskje, blir søknaden sletta frå ventelista, og ny søknad må eventuelt sendast. Takkar ein nei til ein av dei andre ønskja, blir søknaden ståande på ventelista til 1. ønskje.

2.2 Søknad

- Søknadsfrist 1. feb til hovudopptaket for tildeling av plass frå nytt barnehageår i august v 32.

- Alle søknader må sendast elektronisk via kommunen si heimeside.

- Føresette skal søkja om plass i 2 barnehagar, der ein prioriterer etter ønskje.

- Svar på motteke plass må skje skriftleg innan 2 veker frå tildelingsbrevet vert sendt ut.

- Søkjarar som ikkje får 1. og 2. ønskje oppfylt, kan krevja at avslaget blir grunngjeve skriftleg.


Ved søknad om barnehage-plass kan ein søkja om heil eller halv plass, 100 % eller 50 %. Dei halve plassane blir som hovudregel delt mellom dagane måndag og onsdag og annakvar fredag eller tysdag og torsdag og annakvar fredag. Ved opptak vil søknad om 5-dagars plass gå føre søknad om færre dagar ved elles lik alder.
Styrar kan dispensera frå 100 % plass, under føresetnad av at den ledige plassen vert fylt opp.

2.4 Opplysningar til søkjar

Søkjar har rett på opplysningar om talet på søkjarar til barnehagen, aldersfordeling og korleis grupperinga er i høve til opptakskriteria.

Del 3. FORELDREBETALING

A. Barnehagane nyttar dei betalingssatsane som blir fastsett av heradsstyret.
Betalinga gjeld frå den dato barnet startar (inkludert tilvenjing) og fram til oppseiingsdato. Før skulestart er siste betalingsdag 30.juni. Viss born som skal over i skulen nyttar dagar i juli, må det betalast ekstra. Born som skal starta på skulen vil ikkje få tilbod etter ferien. Betaling for barnehageplass skjer forskotsvis med forfall fyrste dag i kvar månad.


a. Ved for sein betaling vert det etter minimum 2 – to – veker sendt eit første purrebrev frå Kvam herad v/ økonomikontoret. Det skal nyttast satsar for purregebyr og forseinkingsrente som vert fastsett i det årlege gebyrheftet i kommunen.
Etter 1 – ein – månad seier Kvam herad opp plassen gjeldande frå 1. i månaden etter. Økonomikontoret sender varsel om inkasso ved manglande betaling. Vidare krav blir innfordra ved tvang.
Ny barnehageplass eller plass i SFO blir ikkje tildelt før barnehageavgifta er betalt, eller det føreligg ei betalingsordning økonomisjefen kan godkjenna.


B. Foreldrebetalinga kan bli redusert til 50 % dersom barnet samanhengande er borte frå barnehagen meir enn ein månad på grunn av alvorleg sjukdom. Dette må dokumenterast med legeattest. Den første fråværsmånaden, rekna frå den dagen søknaden er motteken, blir likevel betalt etter vanlege satsar.


C. Ved ekstraordinær stenging i heile dagar blir det gjeve prisavslag tilsvarande 100 % reduksjon av dagbetalinga.


D. Det vert gjeve søskenmoderasjon etter reglar gjevne av heradstyret. Det vert gjeve 30 % søskenmoderasjon for 2. barn og 50 % frå og med 3. barn. Moderasjonen blir gjeven for det barnet som har lågast månadssats. Søskenmoderasjon for born som ikkje er søsken, men bur i same hushald, kan bli gjeven etter særskild søknad.

E. Barnehagane i Kvam skal krevja eit gebyr på kr. 250,- kvar gong føresette hentar born etter stengetid, dvs. at borna må vera ute av lokala før stengetid.


F. Redusert betalingsevne.
Inntektsgradert foreldrebetaling kan gjevast etter søknad frå foreldre/føresette med låg betalingsevne. Moderasjonen vert rekna ut frå den type plass barnet har i barnehagen
og aktuell pris på plassen. Kvam herad har to satsar:
1) Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 2 G (grunnbeløp) blir gjeve 80 % reduksjon
2) Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 3 G (grunnbeløp) blir gjeve 50 % moderasjon


Del 4. ENDRING OG OPPSEIING AV BARNEHAGEPLASS

4.1 Permisjon frå barnehageplassen

Oppvekstsjefen i samråd med styrar, kan gje permisjon frå barnehageplass ved brå endring i barnet sin livssituasjon. Permisjon etter desse vilkåra blir gjeve etter skriftleg søknad frå føresette og med dokumentasjon. Frå den dagen søknaden blir motteken, og heile påfølgjande månad blir det likevel kravd betaling etter vanlege satsar.

4.2 Dagopphald

For born med redusert plass blir det til vanleg ikkje gjeve høve til dagopphald ved dei kommunale barnehagane. I særskilde høve kan styrar i barnehagen gjera unntak frå denne regelen. Kostnad for dagopphald blir fastsett av administrasjonen.

4.3 Reduksjon

Reduksjon av barnehageplass kan ein få innvilga etter søknad. Føresette må betala for opphavleg barnehageplass den månaden dei seier opp og for tre heile påfølgjande månader. Dersom barnehagen kan ta inn nytt barn før perioden har gått, kan reduksjon bli innvilga tidlegare, men ikkje før den datoen det blir betalt for nytt barn.



4.4 Oppseiing

Ved oppseiing av barnehageplass må det betalast for den månaden styrar har motteke skriftleg oppseiing og for tre påfølgjande månader.
Kvam herad kan seia opp barnehageplassen ved manglande foreldrebetaling jf. pkt. IV.

Del 5. FERIE

Barnet skal ha minst 4 veker ferie i løpet av året.
Barnehagane er stengde i 4 veker, i vekene 28, 29, 30 og veke 31.

Del 6. MELDING OM HELSA TIL BARNET

Føresette pliktar å gje barnehagen naudsynt informasjon om tilhøve ved barnet si helse som tilsette må ta særskilt omsyn til. Informasjonen blir arkivert i barnet si mappe i barnehagen.

Del 7. INTERNKONTROLLSYSTEMET I BARNEHAGEN

Barnehagane følgjer systemet for internkontroll i Kvam herad tilpassa den enkelte barnehage. IK-handboka og handbok for miljøretta helsevern i barnehage og skule, MHBS.
Ein representant frå samarbeidsutvalet skal vera med på vernerunde i høve MHBS.

Del 8. VEDTEKTSENDRINGAR

Vedtekne lovendringar vil bli ført inn i vedtektene når dei føreligg.






Epost: nitaam@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no