Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Måleplikt og skogavgift

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. september 2014 kl. 10:58 av Jan Tjosås
Skoglova med forskrifter tilseier at det er måleplikt på alt skogsvyrke til sal . Det er vidare plikt til å svara skogsavgift for sal av tømmer , foredling til sal og ved til brensel. ( også sal av virke på rot eller ekspropriasjon) For juletre og pyntegrønt kan skogeigaren velja om han vil betala inn skogavgift .

Skogavgiftordninga er å samanlikna med pliktig fondsavsetjing. Avsetjinga vert ståande på gardsbruket sin skogavgiftskonto til investering i eigen skog. Fondet gir ikkje renteinntekt direkte til skogeigaren.
Skogeigaren kan velja frå 4 til 40 prosent av vyrket sin bruttoverdi.
( ikkje medrekna foredlingsverdien for skur eller oppkløyving til ved )
Dersom satsen er ukjent vert det nytta 10 %.
Innbetaling vert rekna som driftsutgift, ved utbetaling vert det rekna inntekt.
Ved utbetaling vert frårekna ein skattefri del .
Til skogkulturarbeid blir 60 % gjort skattefritt, dvs utbetaling av skogavgift blir berre skattlagd med 40 % .
Dette siste er kome som kompensasjon for fråfall av statstilskot til skogkulturarbeid.

Skogeigarar som bygger skogsvegar med statstilskot, har vanlegvis fått vilkår om hogst av skogsvyrke til sal. Det som blir selt gjennom Hordaland skogeigarlag, eller til større kjøparar, vert automatisk registrert. Men småsal av tømmer og ved må skogeigaren sjølv syta for å få registert.
Dette gjeld også sal på rot, eller tømmer som ein foredlar til sal som material.
For å få kvantumet godkjent i systemet, må det innbetalast skogavgift.

Praktiske døme på verdsetjing av småsal.
Det er tømmerverdien levert til bilveg som skal leggast til grunn.
Bjørkeved (1 famn = 1,6 kbm), tømmerverdi kr 300,- pr kbm
Anna ved ( 1 famn = 1,6 kbm ), tømmerverdi kr 250,- pr kbm .
Ved på rot må utreknast etter beste skjøn, og verdisetjast som over. Om skogeigaren gir burt ved , eller sel ved for t.d. kr 20,- pr kbm , kan det likevel verdisetjast (som over) og takast med.
Blanda furutømmer og grantømmer kan verdisetjast til kr 300,- pr kbm.
Fint skurtømmer kan setjast til kr 400,- pr kbm.

DET ER VIKTIG FOR SKOGOPPSYNET Å FÅ INN OPPLYSNINGAR OM KUBIKKMETER, SORTIMENT OG PRIS.

For skogeigarar med skogsvegbygging på vilkår er det altså særs viktig å få registrert alt skogsvyrke som går til sal.

I tillegg til at ein rettar seg etter lover og forskrifter, er ein med på å få eit betre bileta av skogbruket (landbruket), som atter kan vera med å styrkja næringa sine interesser. Til dømes ansynes tilskotsforvaltninga til skogsvegar.

Det vert lagt med ein GIROBLANKETT for innbetaling av skogavgift.

NB! Om du får plass til opplysingar kan du skriva dette på blanketten.
Til dømes: Anna vedtømmer, 10 kbm, bruttoverdi kr 2500,-
Furu, blandingstømmer 10 kbm, bruttoverdi kr 3000,-
Gran, blandingstømmer 10 kbm, bruttoverdi kr 3000,-

Er det mykje opplysingar så send hit ein lapp, eller ta ein telefon til rådhuset tlf 56553000.

Kvantum, sortiment og pris vert registrert i vyrkesdatabasen for skogavgift og måleplikt (kalla VSOP) av underskrivne, og etter ca 1 mnd er pengane klare for utbetaling til skogformål

Om det er skogeigarar som ønskjer det, kan dei få skjema tilsendt, og kan sjølve registrera kvantumet.
Dei vil då få krav om innbetaling i etterkant, tidsskilnaden mellom inn- og utbetling vert då endå mindre.

Til informasjon

Med helsing
Landbrukskontoret i Kvam



Epost: jatj@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no