

|
Onsdag 22.05.2013:
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.



20:00 PREMIERE: The Great Gatsby..
Nyinnspilling av den verdenskjente boka til F. Scott Fitzgerald med Leonardo DiCaprio og Carey Mulligan, fra den verdenskjente regissøren av Romeo og Julie og Moulin Rouge, Baz Luhrmann.
11 år. Kr
|  | Torsdag 23.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
12:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
19:00 1 bane reservert - Kleppetrening..
.



20:00 Kompani Orheim (Gratis framsyning i samband med kampanjen «Kor mange glas tåler barnet ditt?»)..
|  | Fredag 24.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
10:00 Kvam bibliotek - Ålvik..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
17:00 Hallen reservert..
Olav Tjosås leiger hallen frå 17 til 19.
Vakt: Finn.



20:00 PREMIERE: Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|
|
Du er her: Startside / tenester /
PPT-kontoret
|
Lagt ut 8. mars 2013 kl. 11:29 av Beate Gauden Lid
|
|
|
|
Pedagogisk-psykologisk teneste for Kvam og Jondal.
LOVGRUNNLAG Opplæringslova §5-6. PPT skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PPT skal sørge for at det vert utarebeidd sakkunnig vurdering (§5-3) der lova krev det. Departementet kan gje forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.
KVA ER EI PPT-TENESTE? Ei PPT-teneste er ei lovpålagt teneste, kommunen sin einaste sakkunnige instans som føretek utgreeing i høve born/unge sine rettar til spesialundervisning etter § 5.1 i opplæringslova. Hovudspørsmålet for vurdering av spesialundervisning er: Har barnet tilfredsstillande utbyte av opplæringa? Foreldre og tilsette i barnehage og skule kan søkja råd i spørsmål som gjeld trivsel, utvikling og opplæring for barn og ungdom. Ungdomar og vaksne kan ta direkte kontakt. På PPT-kontoret arbeider fagfolk med tverrfagleg pedagogisk og spesialpedagogisk kompetanse, med ulik bakgrunn og erfaring. Vi samarbeider med dei som er rundt barnet for å hjelpa til for å sikra barn og unge best mogleg utvikling. PPT-kontoret samarbeider tett med skular og barnehagar. Vi prøver å hjelpa skulen i arbeidet med å gjera undervisninga tilpassa elevane sine behov for å sleppa at dei kjem til kort fagleg eller sosialt, samt at vi har fokus på kva faktorar i systemet rundt barnet som endrast for at barnet skal ha tilfredstillande utbyte av opplæringa.
PPT skal arbeida på systemnivå for å auke barnehagar og skular sin kompetanse, slik at dei i best mogeleg grad kan gje born og unge tidleg hjelp og rett hjelp. Tidleg innsats er regjeringa si målsetjing når det gjeld arbeidet kring born og unge, for å sikra hjelp og ivaretaking og hindra fråfall i vidaregåande skule.
KVA TYPE VANSKAR ARBEIDER VI MED? * lærevanskar/fagvanskar * språk-og talevanskar * lese-/skrivevanskar * barn med redusert funksjonsevne * psykiske vanskar * skulevegring * mistrivsel i heim, skule eller barnehage * ulike typar utviklingsvanskar * angst * mobbing
KORLEIS ARBEIDER PPT? Sakkunnig arbeid på individnivå: Først har vi ein samtale med foreldra som kjenner barnet best, deretter føretek vi ei kartleggjing/utgreiing som munnar ut i ei sakkunnig vurdering. Denne kan tilrå spesialundervisning dersom barnet ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa, eller den kan konkludera at eleven har tilfredsstillande utbyte av opplæringa, og vi føreslår tiltak for tilpassa undervisning og endring i strukturar i miljøet kring barnet. ved behov, tilviser vi barnet vidare til til 2.linjetenesta.PPT gjev rådgjeving til føresette og fagpersonar.
Arbeid på systemnivå i barnehagar og skular: Vårt førebyggjande arbeid har fokus på kompetanseheving og organisasjonsutvikling i barnehage og skule. Vi bidreg gjennom føredrag på personalmøte og foreldremøte, deltaking i team på skulane, deltaking på leiarmøta i barnehage/skule, gjennomføring av kurs og opplæring retta mot systemnivå i barnehagar og skular. Døme på slik kompetanseheving kan vera tema som; året før skulestart, lesing, språk og mobbing.
KVEN KAN TA KONTAKT? Når andre enn foreldra ynskjer at barnet skal få hjelp frå PPT, må alltid foreldra vera einige i at det blir teke kontakt. PPT-kontoret må ha skriftleg samtykke før vi kan starta utgreiing, men foreldra er velkomne til å drøfta problem eller spørsmål når dei er usikre på utviklinga til eit barn eller ungdom.
- Alle tilsette ved PPT-kontoret har teieplikt. - Alle tenester ved PPT-kontoret er gratis. - Føresette og fagfolk kan få 2 konsultasjonar utan at barnet er tilvist skriftleg.
RUTINER i høve sakkunnig arbeid: - tilvising med pedagogisk rapport frå barnehage/skule - føresette får førstesamtale innan 2 mnd etter inntaksmøtet - førstesamtalen dannar grunnlag for vurdering av vidare arbeid - innhenting av opplysningar/kartleggjing frå skule/bhg/andre - kartleggjing/testing/observasjon m.m. - sakkunnig vurdering
PPT skal hjelpa til slik at barn og unge får utvikla seg best mogeleg. Målgruppa til tenesta er barn som viser vanskar som er større enn det ein til vanleg kan venta hos barn, eller som står i fare for å utvikla særskilde vanskar. PPT er ein stad der føresette, lærarar og førskulelærarar kan søkja råd og rettleiing i tilhøve som har med barna sin trivsel, tilpassing og opplæring å gjera. Ungdomar kan også sjølve ta direkte kontakt med PPT.
PPT-kontoret er organisert som ei avdeling under eining for OPPVEKST. Konstituert einingsleiar er Astrid-Anett Steine.
Adresse; "Gamlebanken" i Norheimsund i Grovabrotet 8, 4.etasje, tlf. 56553050, fax 56557980. Vil de senda e-post til oss, kan de gjera det til kvar enkelt tilsett eller til leiar ved kontoret, adressa er: Beate.Gauden.Lid@kvam.kommune.no
VELKOMNE TIL SAMARBEID MED PPT!
Oversikt over tilsette ved PPT-kontoret pr.15/11-2012: Anne Karin Laupsa Nes - Rådgjevar/spesialpedagog-sosialmosjonelle vanskar Gunvor Ulltang - Rådgjevar/spesialpedagog- samansette lærevanskar Åse Sandnes Fosse - logoped Karen Matthiessen, - logoped Bente Oma Tveiten, - logoped Tonje Næss Korshavn - psykolog (i morspermisjon) Synnøva Alsaker - vernepleiar med spes.ped. May Stenberg Lysen - kontormedarbeidar PPT/Barnevern Beate Gauden Lid - leiar/rådgjevar spesialpedagogikk- psykisk helse
PPT har ei eiga logopedavdeling med kommunelogoped for Kvam som gjev behandling vedr.ulike typar språklege vanskar hjå born,ungdom, vaksne og eldre.(Stamming, stemmevanskar, afasi, uttalevanskar, dyspraksi m.m.) Åse Sandnes Fosse, Bente Oma Tveit og Karen Matthiessen deler i denne stillinga. Tilvisningsskjema som til PPT.
PPT har ei avdeling for spesialpedagogisk hjelp til barn i barnehage som har enkeltvedtak etter § 5.7.i opplæringslova. Torunn Klyve Soldal er tilsett i 100 % stilling på dette arbeidsfeltet. I tillegg arbeider Laila T Dagstad og Hildegard Berge i deltidstilling innan området.
Pedagogisk Fagteam driv lavterskeltilbod for born i barnehagane i Kvam, med særleg vekt på språkgrupper knytt til born med språklege vanskar og minoritetesspråklege born. Avdelinga ligg under PPT-leiar, Åse Sandnes Fosse er fagleg leiar, Hildegard Berge og Laila Dagstad er spesialpedagogar. Tilbodet vert utført i barnehagane.
PPT er samlokalisert med PPT/OT for vidaregåande skular, der Tone Flotve er tilsett.
BUP Voss (barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) har psykolog og barnepsykiater ved vårt kontor kvar torsdag; Sveinung Nygård og Marit Hafting.
Kommunepsykologen i Kvam held til i PPT sine lokale, og er personalmessig knytt til PPT. I stillinga er Anna Mo-Bjørklund, som har samtaler med born/ungdom, foreldre og fagfolk som treng hjelp. Ikkje skriftleg tilvising, kontakt innan 2 veker.
Epost: beate.gauden.lid@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|