Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Bygdebok for Kvam

Utskriftsvenleg side Lagt ut 16. august 2013 kl. 10:44 av Mary Ann Sørheim
Bygdebok for Kvam omhandlar tilhøva på 1800-talet i dei bygdene som i dag utgjer Kvam herad. Forfattar er Nils Kolle.
Bygdebok for KvamBygdeboka for Kvam : "Liv og lagnad på 1800-talet" tek føre seg den perioden då bygdene gjekk over frå å vera eit bondesamfunn med sjølvberging, til å verta eit samfunn med eit meir allsidig næringsliv. Dette var og tida då allmen opplysing og kulturell oppvaking spreidde seg i alle samfunnslag. I føreordet til boka vert det sagt at "skal ein forstå den utviklinga me seinare har hatt, må me og ha med det som skjedde på 1800-talet".
På 1800-talet skjedde grunnleggjande kulturelle, økonomiske, sosiale og politiske endringar.
Det er ikkje berre dei store hendingane og kjende personane i tida som vert omtala i bygdeboka. Det daglege strevet for levemåten er gjeve stor plass. Gjennom mange enkeltståande småsoger, bilete, tabellar m.m får lesaren innsikt i korleis folk levde.

Boka er inndelt i sju hovudkapittel:


Folk og næring:


Ved inngangen til 1800-talet budde det 2.770 menneske i det området som i dag høyrer til Kvam herad. Ved utgangen av hundreåret var folketalet meir enn dobla. Dette kapittelet omtalar nokre hovuddrag ved folkesetnaden og næringsutviklinga, og prøver peika på kva som skapte endring og omskifte gjennom hundreåret.

Jordbruksnæringa:


I dette kapittelet ser ein på korleis folk hausta av dei ressursane garden kunne by på, samt utviklinga frå det tradisjonsbundne haustings- og sjølvforsyningsjordbruket, til eit meir moderne, markandsretta sals-jordbruk mot slutten av perioden.

Næringsgrunnlaget vert utvida:


Her vert sidenæringane omtala, dvs næringsaktiviteten utanom jordbruket, f.eks fiske og sjøfart.
I tillegg vert temaet om korleis bygdene i stadig høgare grad vart dregne inn i eit breiare økonomisk mønster drøfta.

Flytting og utvandring:


Arbeidsvandring og flytting til og frå bygdene, samt utvandring til Amerika vert omtala.

Individ og samfunn:


Dei sosiale lag i bygdene, helsestell,det sosiale livet, samt generelle levekår blandt folk er viktige tema.

Kulturlivet:


I dette kapittelet ser ein på nokre trekk ved den kulturelle utviklinga i Kvammabygdene ut gjennom 1800-talet, der viktige tema er den gamle folkekulturen, kyrkjelivet, lekmannskristendom, skulestell og dei nye kulturelle straumdraga frå 1870.

Folkestyret veks fram:


Kapittelet handlar overgangen frå elitestyre til folkestyre,der tema som øvrigheit, formannskap/heradsstyre, kommunale finansar og vaknande politisk interesse er hovudtema.

Epost: mary-ann.soerheim@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no