
|
Du er her: Startside / tenester /
Tilskot til vaksenopplæring
|
Lagt ut 3. mai 2013 kl. 12:55 av Mary Ann Sørheim
|
|
Kvam herad gjev tilskot til vaksenopplæring i organisasjonane i Kvam
|
|
Målet er å gje tilskot til organisasjonar i heradet slik at dei kan gjennomføra studietiltak i samsvar med gjeldande lov om vaksenopplæring.
Søknad skal sendast på eige skjema til kulturkontoret, og det er krav om at arrangøren må vera ein organisasjon med eige styre, samt vera godkjend etter kap III i Lov om vaksenopplæring. Studietiltaket må ha rett til statstilskot etter gjeldande reglar, og rekneskap med alle bilag det er krav om må sendast kulturkontoret seinast 6 månader etter kurset er avslutta.
Studieringar og kurs som fyller vilkår for tilskot, vil få ein stønad frå heradet på inntil 20 % av samla utgifter til lærarløn, rekna etter den høgast godkjende grunntakst som tilskotet vert gjeve av. Andre studietiltak, som studieringar, utvikling av tilbod og tiltak for spesielle grupper, samt foredragsverksemd o.l. kan få stønad etter særskild søknad.
Heradet dekkar utgifter til reiser for kurslærar når kvar reise er minst 3 km ein veg. Reisetilskotet er avgrensa oppover til kr 300,- pr kurs.
Epost: mary-ann.soerheim@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|
|
 |
 |
| |
 |
ARILD M. STEINE RÅDMANN
 |
ASBJØRN TOLO ORDFØRAR
 |
|
|
| |
|
|