Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Grøn omsorg - Grønt samarbeid

Utskriftsvenleg side Lagt ut 16. juli 2013 kl. 10:39 av Siri Byrkjeland
Informasjon om handbok utarbeida i Kvam herad.
Boka kan tingast på Rådhuset, 5600 Norheimsund. Telefon 56553000
Grøn omsorg -  Grønt samarbeid

Handbok med råd og tips

til bonden omtalar satsing innan Grøn omsorg - Grønt samarbeid.
Grøn omsorg/Grønt samarbeid er eit formalisert samarbeid mellom landbruket og det offentlege.
Grøn omsorg/Grønt samarbeid er omtala som satsingsfelt i Stortingsmeldingar både frå Landbruksdepartementet og Sosial og helsedepartementet. Evalueringsresultat frå andre kommunar og fylke som har etablert prosjekt er gode.
Ein kort definisjon av kva Grøn omsorg - Grønt samarbeid er vil du finna under eige punkt i handboka. Handboka er gjeve ut i eit samarbeid mellom helse og sosialkontoret og landbrukskontoret i Kvam herad.

Kvam herad ligg i Hordaland

, og er ein av dei største jordbrukskommunane i fylke. Jordbruksverksemda opp gjennom tidene, innan både jord- og skogbruk, har påverka omgjevnadane, landskap og miljø. I Kvam finn me enno fleire intakte kulturlandskap som er særmerkte for regionen og typiske for den perioden dei tilhøyrer. Bøndene i Kvam har vist evne og vilje til å nytta desse rike kultur- og naturressursane i satsing på ulike tilleggsnæringar, som til dømes turisme. I Kvam har det og vist seg å vera interesse for etableringar innan Grøn omsorg/Grønt samarbeid; altså ei utvida bruk av dei ressursane me finn innan landbruksnæringa lokalt.

Å etablera samarbeid

med landbruket, og ta i bruk dei lokale ressursar me finn i landbruket, er ein lekk i det å møta nye utfordringar kommunen vår står overfor. Eit overordna mål med satsinga er å skapa varierte og gode tilbod for innbyggjarane.

Kvam herad

starta våren 1999 eit forprosjekt innan Grøn omsorg - Grønt samarbeid. Det vart tidleg i prosjektperioden inngått intensjonsavtale med ein bonde for å få i gang eit prøveprosjekt med arbeidstilbod for menneske med psykiske vanskar. Eit av resultata frå prosjektperioden ligg no føre i form av ei handbok. Handboka er i stor grad bygd på erfaringar frå prøveprosjektet. Prosjektgruppa har vore sett saman av fagfolk frå ulike etatar i kommunen. Prosjektleiar har vore Siri Byrkjeland, vernepleiar. Bondelaga lokalt; Norsk Bondelag og Bonde og småbrukarlaget har vore referansegruppe i prosjektperioden. Handboka er rikt illustrert med teikningar utført av born ved grunnskulen i Norheimsund. Elevane hadde i november 2000 temadagar på gard.

Handboka rettar seg

i fyrste omgang til bonden med nyttige råd og tips, men boka vil og vera eit hjelpemiddel for offentlege instansar som skal kjøpa tenester og tilbod frå landbruket. Handboka inneheld informasjon om avtaleverk, organisering og kan nyttast som mal ved etableringar, men det er viktig at sjølve samarbeidsavtalen vert utforma og tilpassa kvart enkelt tiltak. Sjølv om handboka ikkje gjev svar på alle problemstillingar i etableringsprosessen vonar me at boka kan vera til støtte, hjelp og inspirasjon for deg som ynskjer å etablera eit tilbod.

Handbok med råd og tips

til bonden; Grøn omsorg - Grønt samarbeid er kome i nytt opplag og er igjen tilgjengeleg.

Handboka er på 38 sider i A4-format.
Den kostar 150,- kr. + porto.


Epost: Siri.Byrkjeland@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no