
|
Du er her: Startside / tenester /
Ingebrigt Vik museum - Øystese
|
Lagt ut 2. mars 2013 kl. 14:51 av Ann Charlotte Ellingsen
|
I Ingebrigt Vik museum har ein samla dei viktigaste arbeida til bilethoggaren Ingebrigt Vik (1867-1927). I løpet av femten aktive år som kunstnar markerte kvemmingen Vik seg som ein av dei fremste skulptørane i Noreg. Samlinga etter Vik er plassert i eit eige museum sentralt i Øystese, vegg-i-vegg med Kunsthuset Kabuso.
|
|
Her kan du oppleva Vik sine vakre verk i bronse, gips og marmor. Bygget er elles ei arkitektonisk perle og er i seg sjølv vel verdt ei vitjing. Ein nydeleg park med fleire av Vik sin verk omkransar museet.
Filmen "Han skapte liv" (25 min.) vert vist i konsertsalen i Kabuso etter ynskje. Ei vitjing i museet kan også gjerne kombinerast med ei omvising i den aktuelle utstillinga i Kabuso. Dei to visningsstadane har felles billett og opningstid(så langt det er praktisk mogeleg). Skuleklassar, barnehagar og andre interesserte er hjarteleg velkomne til omvisningar i Ingebrigt Vik museum og Kabuso. Ver vennleg ta kontakt på tlf 56 55 39 03 eller epost post@kabuso.no for tinging av omvising.
Praktisk informasjon: Sjå www.kabuso.no for opnigstider m.m. Busstopp like ved museet. Tilgjengeleg for rullestolbrukarar. Toalett tilgjengeleg i Kabuso. Servering av kaffimat og lunsjrettar i Kabuso-kaféen.
Epost: post@kabuso.no
Heimeside: http://www.hardangerogvossmuseum.no/ingebrigt-vik-museum/norsk/aktuelt.aspx
|
|
|
|  |

|
|
 |
 |
| |
 |
ARILD M. STEINE RÅDMANN
 |
ASBJØRN TOLO ORDFØRAR
 |
|
|
| |
|
|