Lenke til artikkelinnhald - Informasjon om appen Sarahah – potensiell mobbeappLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Budsjett 2018 og..
- Registreringspli..
- Øystese musikkla..
- Me gratulerer Kj..
- Eigna bustad i m..
- Høyring: Nye kom..
- Ung fritid i Kva..
- Informasjon om a..
- Høyring: Ny vegn..
- Kulturmidlar 201..
- Vegarbeid på Fv7..
- Kommuneplanen si..
- Informasjon om t..
- Nye skjema for k..
- Innsamling av ar..
- Pris- og gebyrhe..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Informasjon om appen Sarahah – potensiell mobbeapp

Utskriftsvenleg side Lagt ut 7. november 2017 kl. 13:46 av Beate Gauden
Kvam herad vil retta ei sterk oppmoding til at alle foreldre/føresette saman med sine born/unge slettar appen Sarahah frå mobiltelefonane.

Informasjon om Sarahah


Sarahah er ein populær nettstad blant ungdom. Nettstaden har 17 års anbefalt aldersgrense.

Sarahah blei utvikla av ein grunder i Saudi Arabia sommaren 2017 for at tilsette skulle kunna gje anonym og konstruktiv tilbakemelding til sjefen sin. Appen har spreidd seg raskt og blir i dag mellom anna nytta til nettmobbing og hetsing. Barn ned i 12 års alderen sender og mottek anonyme meldingar via Sarahah, og mange mottek grove meldingar/stygge karakteristikkar via appen.

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), politiet og barnevernvakten advarar mot å lasta ned appen Sarahah. Kvam herad er kjent med at fleire unge i Kvam har vore utsett for mobbing via Sarahah. Dei konkrete tilfella me kjenner til, tek me tak i og foreldre er kontakta.

Oppmoding om å sletta Sarahah

Me vil retta ei sterk oppmoding til alle foreldre om å snakka med borna og ungdomane sine om appen og at de hjelper dei med å sletta den frå mobilen. Ver nysgjerrig på kva appar borna og ungdomane dykkar lastar ned, også Jodel, Kiwi og Ask.fm. kan brukast anonymt.

Barn og unge er i ein sårbar alder og det siste dei treng er hetsing og mobbing frå ein anonym avsendar. Det er lett for barn og ungdom å «fylja flokken» for å vera lik og kanskje oppnå popularitet. Dei tenkjer ikkje over korleis ei stygg melding kan opplevast for mottakaren. Det er ein grunn til at appen har fått anbefalt aldersgrense 17 år og at brukarar under 17 år treng foreldrerettleiing for å bruka den.

Korleis virkar Sarahah


Appen lastast ned frå Apple store eller Google play, der ein opprettar ein Sarahah-profil (navn/epost, du er anonym inne på appen). Alle kan søkja på navn, gå inn på profilen og senda anonyme meldingar som ein ikkje kan svara på. Sarahah kan brukast via Facebook, Snaphat og Instagram. Den kan linkast til Snapchat for å senda og motta anonyme meldingar frå Sarahah. Når du skal dela ein snap, trykkjer du på «vedlegg»-ikonet og limer inn lenka til Sarahah-profilen. Slik vert det diverre lett for snap-vener å senda anonyme meldingar.

Relatert informasjon frå ulike nettsider





Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 - med vedlegg

21. november 2017 kl. 14:53 - Anita Hesthamar
Rådmann Arild M. Steine presenterte framlegg til budsjett for 2018 og økonomiplan 2018-2021 i heradsstyremøtet tysdag 7. november 2017.

Budsjettframlegget skal handsamast i formannskapet måndag 27. november og i heradsstyre tysdag 12. desember.

Registreringsplikt for sal av tobakksprodukt

21. november 2017 kl. 14:28 - Bjørnar Dagstad
Frå 2018 må alle som skal selja tobakksprodukt registrera verksemda i Tobakksalsregisteret. Dette må gjerast innan utgangen av 2017. Dette vart vedteke i Tobakkskadeloven §4 i juni.

Øystese musikklag fekk kulturprisen 2017

20. november 2017 kl. 10:36 - Frank Tangen
Kvam herad sin kulturpris for 2017 vart delt ut til Øystese musikklag under deira jubileumsfest i Øystesehallen laurdag. I grunngjevinga står det:
Øystese musikklag har vore eit aktivt musikklag i 100 år. Musikklaget har med dette vore ein viktig bidragsytar til det lokale kulturlivet i svært lang tid. Musikklaget har god rekruttering og har medlemmar i frå mange årsklassar. Musikklaget stiller opp på aktivitetar frå 17. mai til Siderfestival, har eigne konsertar og tek sin andel av ansvaret for Stafettkonserten i mellom musikklaga. Kulturprisen har tidlegare ikkje vore utdelt til noko musikklag i kommunen, så no var det på tide å gje pris til ein aktivitet som har vore viktig for kulturlivet i generasjonar i kommunen. Ein slik aktiv hundreåring som musikklaget i Øystese, fortente rett og slett kulturprisen i 2017.

Me gratulerer Kjell Magne Seim med Hordaland fylkeskommune sin trafikksikringspris for 2017

17. november 2017 kl. 12:51 - Frank Tangen
Prisen som er på kr. 25.000 får Seim mellom anna for sitt arbeid med trafikksikring/-tryggleik særleg retta mot ungdom mellom 16 og 24 år. Seim var initiativtakar til øvinga "Børvenestunellen 2017" der alle naudetatane i Kvam, russen v/Øystese gymnas og Kvam motorsportklubb med fleire deltok.

Eigna bustad i møte med framtida?

13. november 2017 kl. 12:52 - Reidun Braut Kjosås
Folk flest ønskjer å bu heime og klara seg sjølve. Eldrebølgja utfordrar oss på mange felt. Frå 2020 og framover veit me at det vert ein merkbar auke i tal på eldre i samfunnet. Auken i Kvam er særleg stor. Kvam herad, Rådet for menneske med nedsett funksjon og eldre (RMNFE) og Kvam næringsråd inviterer til fagseminar med temaet eigna bustad i møta med framtida.

Høyring: Nye kommunedelplanar for vatn og avløp 2017 - 2024

10. november 2017 kl. 11:01 - Jarle Ystebø
Kvam heradsstyre har i møte den 27.09.2017 vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 å leggja kommunedelplanar for vatn og avløp ut til høyring og offentleg ettersyn i inntil 6 veker.
Høyringsfrist: 29.12.2017

Ung fritid i Kvam

10. november 2017 kl. 08:09 - Frank Tangen
Novemberprogrammet for "Ung fritid i Kvam" er klart! Påmelding seinast to dagar før arrangementet til epost ungfritid@kvam.kommune.no. Om du ikkje har epost, send sms/ring 915 85 236. For born og unge frå 10 til 18 år. Avgrensa tal plassar!

Høyring: Ny vegnorm for Kvam herad

7. november 2017 kl. 06:08 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad har vore med på å utarbeida vegnorm i lag med 11 andre kommunar i Hordaland. Norma skal sikra lik praksis knytt til bygging av nye vegar. Den set òg vilkår knytt til overtaking av private vegar, eller nedklassifisering (overføring frå kommunal til privat) av vegar. Før kommunal veg kan nedklassifserast til privat veg, skal det gjerast politisk vedtak i kommunen.
Høyringsfrist: 29. desember

Kulturmidlar 2017 - Utbetaling av tilskot

3. november 2017 kl. 10:20 - Mary Ann Sørheim
Illustrasjon av pengesedlar I samband med vedtak om tildeling av kulturmidlar 2017 (t.d driftstilskot til kulturorganisasjonar,kulturhus, nærmiljøtiltak,leikeplassar,turvegar,idrett mm ) er fristen for innsending av bilag og oppdatering på lagsportalen 30.11.17. Ein kan ikkje overføra tilskot til 2018. Dokumentasjon skal sendast postmottak@kvam.kommune.no. For meir informasjon, kontakt kulturkontoret v/Mary Ann Sørheim, 56 55 69 06 / 954 07 710, mars@kvam.kommune.no

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

26. september 2017 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert preiodevis stengt på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 26. september til 22. desember. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Vegen vert stengt:
  • Måndag - torsdag
    • kl. 0820-1045
    • kl. 1115-1410
    • kl. 1430-1505
    • kl. 1535-1610
    • kl. 1630-1830
Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no

Kommuneplanen sin arealdel er klar til første handsaming

22. september 2017 kl. 15:25 - Trond Inge Brakestad
Eit omfattande og viktig arbeid har no nådd ein milepæl. Den nye arealdelen til kommuneplanen skal til politisk handsaming for fyrste gong.

Informasjon om tilrettelegging for born med nedsett funksjonsevne i barnehagen

21. august 2017 kl. 07:56 - Beate Gauden
Endringar i Lov om barnehage frå 1. august 2016.

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no