Lenke til artikkelinnhald - Kommuneplanen sin arealdel er klar til første handsamingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Fotokonkurranse ..
- Ny makspris i ba..
- Informasjon om t..
- Offentleg etters..
- Gratis HPV-vaksi..
- Budsjett 2018 og..
- Registreringspli..
- Høyring: Nye kom..
- Høyring: Ny vegn..
- Vegarbeid på Fv7..
- Nye skjema for k..
- Innsamling av ar..
- Pris- og gebyrhe..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Kommuneplanen sin arealdel er klar til første handsaming


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 22. september 2017 kl. 15:25 av Trond Inge Brakestad

Eit omfattande og viktig arbeid har no nådd ein milepæl. Den nye arealdelen til kommuneplanen skal til politisk handsaming for fyrste gong.

framsidebilete


Kommuneplanen er ein overordna og strategisk plan for utvikling av Kvam herad, og arealdelen er kartet som syner korleis areala på sjø og land skal forvaltast på ein berekraftig måte. Saman med plankartet er det laga juridiske føresegner som utdjuper og supplerer kartet, og planomtale som forklarer og grunngjev plangrepa. Det er òg laga konsekvensutgreiingar og ROS-analysar som set søkeljos på kva konsekvensar og farar planframlegget får for liv og helse, miljø, samfunn, folkehelse og økonomiske verdiar med meir.

Visjonen til Kvam herad er å "Skapa ei oppsiktsvekkjande framtid - Create a remarkable future", og hovudmålet er å "Vidareutvikla eit pulserande og sjølvstendig regionsenter som knyter saman Hardanger og Bergensregionen."

For å nærme seg målet er det i kommuneplanen formulert 5 viktige strategiområde som me meiner arealdelen bidreg til gode og framtidsretta løysingar for. Dei 5 strategiområda er:
- Stadutvikling
- Bustad
- Kommunikasjon og infrastruktur
- Verdiskaping gjennom samarbeid
- Livskvalitet

Viktige datoar framover
- 27.09 vert planen presentert for Kvam formannskap
- 31.10 vert planen handsama av Kvam formannskap
- Frist for høyringsinnspel vert truleg i januar/februar 2018, men dette vil det kome meir informasjon om etter at planen er handsama.

Presentasjon av plankart
Plankartet er no tilgjengeleg i kommunen si kartløysing webinnsyn

Her kan ein navigere i kartet og gjere seg kjent med administrasjonen sitt framlegg til arealbruk. Ein kan og slå av og på ulike kartlag (omsynssoner, faresoner, føremål mm) for at kartet skal verte lettare å forstå og lese.

Presentasjon av saksutgreiing og plandokument
(obs. store filer som kan ta litt tid å laste inn)

- Saksutgreiing Formannskapet 27.09
- Plankart
- Føresegner
- Planomtale
- Temakart frå kommunedelplan for Norheimsund
- Referat frå planforum 21.02.2017
- Konsekvensutgreiing og ROS-analyse
- Faresonekartlegging - Rapport frå NVE
- Konsekvensutgreiing for utviding av akvakulturlokalitetar - Rapport frå Rådgivande biologar på oppdrag for Lingalaks
- Risikovurdering av oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden - Rapport frå Safetec Nordic på oppdrag for Lingalaks






Fotokonkurranse - ny nettportal

6. desember 2017 kl. 08:10 - Frank Tangen
Vinn kr. 2000 og få ditt bilete brukt som illustrasjon i Kvam herad sin nye nettportal!
Kvam herad inviterer til fotokonkurranse med Kvam som tema. Bileta skal syna eitt eller fleire motiv du meiner illustrerer Kvam på ein interessant og/eller heilskapleg måte. Du vel sjølv kva årstid bilete skal visa.

Ny makspris i barnehagen frå 1. januar 2018

1. desember 2017 kl. 12:38 - Beate Gauden
Kvam herad følgjer staten sin makspris for foreldrebetaling i barnehage. Frå og med 01.01.18 aukar maksprisen for ein 100% plass pr. månad frå kr. 2730,- til kr. 2910,-. Betaling for plass i barnehage kan ikkje vera høgare enn maksgrensa. Dette gjeld både offentlege og private barnehagar. Maksprisen er fastsett av Stortinget sitt årlege budsjettvedtak.

Informasjon om tildeling av plass i barnehage frå januar/februar 2018

28. november 2017 kl. 13:21 - Beate Gauden
I løpet av desember vil barnehageadministrasjonen tildela eventuelle ledige barnehageplassar frå januar/februar 2018. Dei som får tilbod om barnehageplass, vil få epost om dette. På grunn av forskriftsendring vert det frigjeve færre plassar enn tidlegare, og det er betydeleg større etterspurnad for vårhalvåret 2018 enn føregåande år. Fint om foreldre sjekkar at eposten som ligg inne på søknadsportalen stemmer.

Offentleg ettersyn – Budsjett 2018, Økonomiplan 2018-2021 og Avgiftsbudsjett 2018

28. november 2017 kl. 12:59 - Kari Weltzien Vik
Kvam formannskap si tilråding til Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021. Formannskapssak nr. 052/17.

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde i 1991 eller seinare

22. november 2017 kl. 08:25 - Torill Høyland
Infeksjon med humant papillomavirus (HPV) er svært vanleg blant personar som er seksuelt aktive. Kvinner som får ein vedvarande HPV-infeksjon kan på sikt utvikla livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. HPV-vaksine kan gi vern også hjå dei som har debutert seksuelt. HPV-vaksine er difor tilrådd til alle unge kvinner som ikkje tidlegare er vaksinerte.

Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 - med vedlegg

21. november 2017 kl. 14:53 - Anita Hesthamar
Rådmann Arild M. Steine presenterte framlegg til budsjett for 2018 og økonomiplan 2018-2021 i heradsstyremøtet tysdag 7. november 2017. Budsjettframlegget skal handsamast i formannskapet måndag 27. november og i heradsstyre tysdag 12. desember.

Registreringsplikt for sal av tobakksprodukt

21. november 2017 kl. 14:28 - Bjørnar Dagstad
Frå 2018 må alle som skal selja tobakksprodukt registrera verksemda i Tobakkssalsregisteret. Dette må gjerast innan utgangen av 2017. Dette vart vedteke i Tobakkskadeloven §4 i juni.

Høyring: Nye kommunedelplanar for vatn og avløp 2017 - 2024

10. november 2017 kl. 11:01 - Jarle Ystebø
Kvam heradsstyre har i møte den 27.09.2017 vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 å leggja kommunedelplanar for vatn og avløp ut til høyring og offentleg ettersyn i inntil 6 veker.
Høyringsfrist: 29.12.2017

Høyring: Ny vegnorm for Kvam herad

7. november 2017 kl. 06:08 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad har vore med på å utarbeida vegnorm i lag med 11 andre kommunar i Hordaland. Norma skal sikra lik praksis knytt til bygging av nye vegar. Den set òg vilkår knytt til overtaking av private vegar, eller nedklassifisering (overføring frå kommunal til privat) av vegar. Før kommunal veg kan nedklassifserast til privat veg, skal det gjerast politisk vedtak i kommunen.
Høyringsfrist: 29. desember

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

26. september 2017 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert preiodevis stengt på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 26. september til 22. desember. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Vegen vert stengt:
  • Måndag - torsdag
    • kl. 0820-1045
    • kl. 1115-1410
    • kl. 1430-1505
    • kl. 1535-1610
    • kl. 1630-1830
Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no