Lenke til artikkelinnhald - Eigenandel for kommunal fysioterapiLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Influensavaksine..
- Søknad om spelem..
- Vegarbeid på Fv7..
- Kommuneplanen si..
- Nye skjema for k..
- Innsamling av ar..
- Pris- og gebyrhe..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Eigenandel for kommunal fysioterapi


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 29. mai 2017 kl. 08:30 av Åslaug Bøhn Botnen
Frå 1. juni 2017 vert det innført eigenbetaling for kommunal fysioterapibehandling i Kvam herad.

I statsbudsjettet for 2017 har Stortinget endra finansieringsordninga for kommunal fysioterapi. Kommunane har fått redusert inntektene sine og er oppmoda om å innføra eigenandel på kommunal fysioterapibehandling. For å kunna oppretthalda tenestenivået og kompensera for inntektstapet, vert ny betalingsordning gjort gjeldande frå 1. juni 2017.

Frå dette tidspunktet må du betala eigenandel for kommunal fysioterapi. Det er fritak for eigenbetaling for:
- barn inntil 16 år
- personar med godkjent yrkesskade
- pasientar i sjukeheim

Du får tilsendt faktura


Kor stor eigenbetalinga er avheng av type behandling du får og kor lenge du får behandling. Takstane for behandling følgjer takstane fastsett i takstplakaten, ein avtale mellom Kommunenes intresseorganisasjon (KS) og Norsk Fysioterapeutforbund. Dette inneber at det er lik eigenbetaling hos kommunale fysioterapeutar og hos private fysioterapiinstitutt som har driftsavtale med kommunen.

Automatisk frikort


Behandling hos fysioterapeut kjem inn under ordninga med frikort for eigenandelstak 2. Denne ordninga vert automatisert frå 1. januar 2017. Det betyr at du får tilsendt frikort i posten etter at du har nådd eigenandelstaket. I 2017 er eigenandelstaket redusert ved at du får frikort når du har hatt utgifter som er høgare enn kr. 1990,-.

For meir informasjon sjå www.helfo.no og www.helsenorge.no.
Helse Norge sitt informasjonstelefonnummer for helse: 800 43573


Influensavaksine

19. oktober 2017 kl. 09:24 - Helsesøstrene i Kvam
Det er tid for vaksine mot sesonginfluensa. Det vert vaksinering fylgjande stader og tider:

Søknad om spelemidlar til nærmiljø- og idrettsanlegg

29. september 2017 kl. 07:11 - Reidun Braut Kjosås
Illustrasjonsfoto Frist for innsending av søknad om spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg er 22. oktober 2017.

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

26. september 2017 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert preiodevis stengt på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 26. september til 22. desember. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Vegen vert stengt:
  • Måndag - torsdag
    • kl. 0820-1045
    • kl. 1115-1410
    • kl. 1430-1505
    • kl. 1535-1610
    • kl. 1630-1830
Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no

Kommuneplanen sin arealdel er klar til første handsaming

22. september 2017 kl. 15:25 - Trond Inge Brakestad
Eit omfattande og viktig arbeid har no nådd ein milepæl. Den nye arealdelen til kommuneplanen skal til politisk handsaming for fyrste gong.

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no