Lenke til artikkelinnhald - Innspel om friluftsområde i KvamLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Influensavaksine..
- Søknad om spelem..
- Vegarbeid på Fv7..
- Kommuneplanen si..
- Nye skjema for k..
- Innsamling av ar..
- Pris- og gebyrhe..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Innspel om friluftsområde i Kvam


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 28. november 2016 kl. 14:40 av Reidun Braut Kjosås
Kvam herad og Bergen og omland friluftsråd treng hjelp frå deg til å få oversikt over område som vert nytta til friluftsliv i Kvam? Kvam har mange flotte friluftsområde både langs fjorden og høgare opp i fjellet. Mykje har me oversikt over, men det er fleire område som kan registrerast.
- Frist for innsending av innspel er 29. januar 2017

- Med di hjelp kan me få eit oversyn over kva område som vert nytta som friluftsføremål i ditt nærmiljø. Med nokre tastetrykk på datamaskina di, kan du bidra til at me får eit oversyn over alle desse områda i kommunen.

Her kan du på ein enkel måte skriva inn "ditt" friluftsområde og svara på nokre konkrete spørsmål. BOF og Kvam herad ved folkehelsekoordinatoren ønskjer å få innspel frå lag, organisasjnar og enkeltpersonar. Ei arbeidsgruppe samansett av personar frå Kvam herad, BOF, turlaget og jeger- og fiskarlaget følgjer opp arbeidet med kartlegginga av dei aktuelle areala.

Har du spørsmål knytta til arbeidet kan du ta kontakt med Reidun Braut Kjosås på tlf 56556868 eller e-post reidun.kjosas@kvam.kommune.no

Foto: Utsikt frå Torefjell. Fotograf: Frank Tangen


Influensavaksine

19. oktober 2017 kl. 09:24 - Helsesøstrene i Kvam
Det er tid for vaksine mot sesonginfluensa. Det vert vaksinering fylgjande stader og tider:

Søknad om spelemidlar til nærmiljø- og idrettsanlegg

29. september 2017 kl. 07:11 - Reidun Braut Kjosås
Illustrasjonsfoto Frist for innsending av søknad om spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg er 22. oktober 2017.

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

26. september 2017 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert preiodevis stengt på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 26. september til 22. desember. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Vegen vert stengt:
  • Måndag - torsdag
    • kl. 0820-1045
    • kl. 1115-1410
    • kl. 1430-1505
    • kl. 1535-1610
    • kl. 1630-1830
Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no

Kommuneplanen sin arealdel er klar til første handsaming

22. september 2017 kl. 15:25 - Trond Inge Brakestad
Eit omfattande og viktig arbeid har no nådd ein milepæl. Den nye arealdelen til kommuneplanen skal til politisk handsaming for fyrste gong.

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no