Lenke til artikkelinnhald - Ferieoversikt for helsetenestene i Kvam 2017Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Skulestart 2017..
- Tilbygg på Øyste..
- Vegstenging Fv 1..
- Stortings- og sa..
- Stortings- og sa..
- Avfallsgebyr frå..
- Radonmålingar i ..
- Opningstider i s..
- Nye skjema for k..
- Innsamling av ar..
- Pris- og gebyrhe..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Ferieoversikt for helsetenestene i Kvam 2017


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 13. juni 2017 kl. 13:43 av Arne Aksnes
F = ferie
* sjå tekstdel

FYSIOTERAPEUTAR
Dato19.06.26.06.03.07.10.07.17.07.24.07.31.08.07.08.14.08.21.08.
Veke25262728293031323334
Strandebarm fysioterapiFFF
Hardanger fysioterapiF
Norheimsund fysioterapiFFFFF
Helsebanken fysioterapiF
Ålvik fysioterapiFFFF
Fysioterapi for bornFF
Fysioterapi for eldre/vaksneOpe heile sommaren
ErgoterapiFFFF


HELSESTASJONAR
  • Helsestasjonane er stengde veke 30
  • Helsestasjon for ungdom vert stengd i veke 28-32
  • Reisevaksinasjonskontoret vert stengt veke 28-31
  • Ta kontakt med sentralbordet i rådhuset ved behov for meir informasjon, 56553000


LEGEKONTOR
Dato19.06.26.06.03.07.10.07.17.07.24.07.31.08.07.08.14.08.21.08.
Veke25262728293031323334
Ålvik legekontorF*F*F*F*
Helsebanken legekontorOpe heile sommaren
Norheimsund legesenterOpe heile sommaren
Strandebarm legekontor**F**F**F**



Legekontora i Norheimsund og Øystese har ope heile sommaren.

* Siste kontordag i Ålvik før ferien er onsdag 21.6. Ravnestad er tilbake på kontoret mandag 24.7. I ferieperioden kan pasientar evt. venda seg til lege i Helsebanken.

** Legekontoret i Strandebarm er stengt i vekene 30 til og med 32.

** Har du behov for legehjelp dei dagane kontoret er stengt, ta kontakt med legekontoret der din fastlege er:
  • Norheimsund legesenter: 56553940
  • Helsebanken legekontor : 56553850
  • Kvam legevakt: 116117 eller 56551910
  • Akutt naudhjelp: 113





Skulestart 2017

17. august 2017 kl. 14:39 - Beate Gauden, leiar for skule og barnehage
I dag har 90 born starta i 1. klasse på grunnskulen i Kvam! Ein stor dag for både elevane, foreldra og tilsette på skulane. La oss ta vare på dei slik at læringsgløden vert verande i dei.

Me ynskjer dei alle velkomne til lærerike år i eit trygt og godt skulemiljø!

Tilbygg på Øysteseheimen under tak

14. august 2017 kl. 07:42 - Tore Skeie
Påbygget til Øysteseheimen for å få 6 nye bueiningar samt stover mot fjorden pågår for fullt. Arbeidet ligg ca ½ veke før planen som tek sikte på ferdigstilling til jul 2017. Kvammabygg har hatt folk på taket i deler av fellesferien, og taket er no tekt og tett. Legging av takskifer startar om nokre veker. No startar arbeidet med yttervegger, og vi reknar med tett bygg innan 15. september. Så langt har vi unngått store overraskingar sjølv om grunnarbeidet baud på litt ekstra. Det er von om å koma i hamn innanfor budsjett. Foto i artikkelen er tekne måndag 7. august 2017.

Vegstenging Fv 130 Norheimsvegen ved avkøyring til Skutlalia

8. august 2017 kl. 10:43 - Jarle Ystebø
Vegstenging Fv 130 Norheimsvegen ved avkøyring til Skutlalia  Som del av pågåande arbeid med VA på Norheim vil Fv 130 verta stengt i perioden 9 – 18 august, med åpent fra kl 16.00 fredag 11. august til måndag 14 august kl 06.00. Arbeidet vil pågå mellom 06.00 og 22.00. Omkøyringsveg for små bilar blir via Hatlevegen, og for store bilar via Øystese. Vegen til Skutlalia vil bli holdt open under arbeidet.

Stortings- og sametingsvalet: Førehandsrøysting

8. august 2017 kl. 07:35 - Frank Tangen
Alle røysteføre, uavhengig av kva kommune dei er manntalsført i, kan førehandsrøysta i Kvam fram til 8. september. Førehandsrøysting kan skje ved rådhuset frå 10. august og ved biblioteka frå 21. august. Du må ha med legitimasjon når du skal røysta. Legitimasjon kan til dømes vera pass, førarkort eller bankort med bilete.

Stortings- og sametingsvalet: Står du i mannntalet?

21. juli 2017 kl. 10:29 - Frank Tangen
Manntalet i Kvam er lagt ut på rådhuset og biblioteka fram til 11. september. Sjekk om du står der og at informasjonen er rett. Krav om innføring eller endring i manntalet må vera skriftleg og grunngjeve. Det skal sendast til
Kvam valstyre Grovagjelet 16 5600 Norheimsund
Biblioteka i Strandebarm og Ålvik opnar ikkje før i veke 34.

Avfallsgebyr frå stølar

18. juli 2017 kl. 11:30 - Anita Hesthamar
Avfallsgebyr frå stølar Det skal betalast avfallsgebyr for stølar som vert nytta som fritidsbustader, og som har «rom for kvile og matstell».

Radonmålingar i Kvam - Telefonsal

31. mai 2017 kl. 13:15 - Kommunegeologen
Me har fått informasjon om at det for tida er «telefonsal» av radonmålingar. Kvam herad har ingenting med dette å gjera. Rådet frå statens strålevern er å måla radon i målesesongen, som er frå midten av oktober til midten av april. Kvam herad har dei siste målesesongane hatt eit tilbod til innbyggjarane i Kvam om rimelege sporfilm til radonmålingar.

Opningstider i sommar: Kvam rådhus og Kvam bibliotek

31. mai 2017 kl. 10:20 - Sigrid Laupsa
I tabellen under ser du opningstidene til biblioteka og rådhuset denne sommaren (biblioteket i Ålvik har siste opningsdag før sommarferien 2. juni). Rådhuset går over til sommaropningstid (kl.10-14) frå og med måndag 19. juni. Sentralbord og kundemottak har redusert opningstid, men du kan kontakta sakshandsamar via direktenummer som vanleg.

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no