Lenke til artikkelinnhald - Sakshandsamar i barneverntenesta Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Fotokonkurranse ..
- Ny makspris i ba..
- Informasjon om t..
- Offentleg etters..
- Gratis HPV-vaksi..
- Budsjett 2018 og..
- Registreringspli..
- Høyring: Nye kom..
- Høyring: Ny vegn..
- Vegarbeid på Fv7..
- Nye skjema for k..
- Innsamling av ar..
- Pris- og gebyrhe..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Sakshandsamar i barneverntenesta


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 22. mai 2013 kl. 13:00 av Anne Vestrheim
Saknr.13/587
Barneverntenesta i Kvam herad har ledig eit 70 % vikariat som sakshandsamar. Vikariatet er ledig i eitt år f.o.m 15.08.2013.

Barneverntenesta har eit godt og stabilt fagmiljø som er i stadig utvikling.
Det er for tida 5,6 stillingar knytt opp mot sakshandsaming i barneverntenesta.I tillegg til dette er 2,8 stilling knytt til Kvam familiesenter, som yter heimebaserte tenester til familiar som mottek hjelp frå barneverntenesta. Kvam familiesenter er eit tiltak i barnevernet.

Hovedarbeidsoppgåver:


Stillinga vil innebera arbeidsoppgåver knytta til sakshandsaming etter lov om barneverntenester.

Kvalifikasjonar:


Det er ynskjeleg med sosialfagleg høgskuleutdanning, fortrinnsvis barnevernspedagog eller sosionom og gjerne med relevant vidareutdanning.

Det vil bli lagt vekt på:


• kompetanse og arbeidserfaring frå barnevernet
• personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
• evne til å arbeida både sjølvstendig og i team
• evne til å inspirere og vilje til å omsetje initiativ til handling
• god munnleg og skriftleg framstillingsevne
• strukturert og nøyaktig
• evne til å skapa framdrift i enkeltsaker
• gode datakunnskapar

Søkjar må ha førarkort og høve til å disponera eigen bil.

Me kan tilby:


• triveleg arbeidsmiljø
• spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• anledning til å vera med å vidareutvikle barneverntenesta i kommunen

Avlønning etter gjeldande sentrale tariffavtalar og lokalt lønssystem
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest jf. Forskrift av 15.10.99 til lov om barneverntenester av 17 juli 1992 nr 100 § 6-10 siste ledd.

Me ynskjer ei jamnare fordeling av kvinner og menn i barneverntenesta og oppfordrar menn om å søkja.

Nærmare opplysningar om stillinga, får ein ved å kontakta:


Barnevernsleiar Anne Nyquist Valland tlf. 56553078 / 976 35 351 eller nestleiar Liv Berit K. Befring tlf. 56553091 / 995 24 612

Søknadsfrist: 7. juni 2013

Søknaden skal sendast via vårt digitale søknadssenter.
Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.




Fotokonkurranse - ny nettportal

6. desember 2017 kl. 08:10 - Frank Tangen
Vinn kr. 2000 og få ditt bilete brukt som illustrasjon i Kvam herad sin nye nettportal!
Kvam herad inviterer til fotokonkurranse med Kvam som tema. Bileta skal syna eitt eller fleire motiv du meiner illustrerer Kvam på ein interessant og/eller heilskapleg måte. Du vel sjølv kva årstid bilete skal visa.

Ny makspris i barnehagen frå 1. januar 2018

1. desember 2017 kl. 12:38 - Beate Gauden
Kvam herad følgjer staten sin makspris for foreldrebetaling i barnehage. Frå og med 01.01.18 aukar maksprisen for ein 100% plass pr. månad frå kr. 2730,- til kr. 2910,-. Betaling for plass i barnehage kan ikkje vera høgare enn maksgrensa. Dette gjeld både offentlege og private barnehagar. Maksprisen er fastsett av Stortinget sitt årlege budsjettvedtak.

Informasjon om tildeling av plass i barnehage frå januar/februar 2018

28. november 2017 kl. 13:21 - Beate Gauden
I løpet av desember vil barnehageadministrasjonen tildela eventuelle ledige barnehageplassar frå januar/februar 2018. Dei som får tilbod om barnehageplass, vil få epost om dette. På grunn av forskriftsendring vert det frigjeve færre plassar enn tidlegare, og det er betydeleg større etterspurnad for vårhalvåret 2018 enn føregåande år. Fint om foreldre sjekkar at eposten som ligg inne på søknadsportalen stemmer.

Offentleg ettersyn – Budsjett 2018, Økonomiplan 2018-2021 og Avgiftsbudsjett 2018

28. november 2017 kl. 12:59 - Kari Weltzien Vik
Kvam formannskap si tilråding til Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021. Formannskapssak nr. 052/17.

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde i 1991 eller seinare

22. november 2017 kl. 08:25 - Torill Høyland
Infeksjon med humant papillomavirus (HPV) er svært vanleg blant personar som er seksuelt aktive. Kvinner som får ein vedvarande HPV-infeksjon kan på sikt utvikla livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. HPV-vaksine kan gi vern også hjå dei som har debutert seksuelt. HPV-vaksine er difor tilrådd til alle unge kvinner som ikkje tidlegare er vaksinerte.

Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 - med vedlegg

21. november 2017 kl. 14:53 - Anita Hesthamar
Rådmann Arild M. Steine presenterte framlegg til budsjett for 2018 og økonomiplan 2018-2021 i heradsstyremøtet tysdag 7. november 2017. Budsjettframlegget skal handsamast i formannskapet måndag 27. november og i heradsstyre tysdag 12. desember.

Registreringsplikt for sal av tobakksprodukt

21. november 2017 kl. 14:28 - Bjørnar Dagstad
Frå 2018 må alle som skal selja tobakksprodukt registrera verksemda i Tobakkssalsregisteret. Dette må gjerast innan utgangen av 2017. Dette vart vedteke i Tobakkskadeloven §4 i juni.

Høyring: Nye kommunedelplanar for vatn og avløp 2017 - 2024

10. november 2017 kl. 11:01 - Jarle Ystebø
Kvam heradsstyre har i møte den 27.09.2017 vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 å leggja kommunedelplanar for vatn og avløp ut til høyring og offentleg ettersyn i inntil 6 veker.
Høyringsfrist: 29.12.2017

Høyring: Ny vegnorm for Kvam herad

7. november 2017 kl. 06:08 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad har vore med på å utarbeida vegnorm i lag med 11 andre kommunar i Hordaland. Norma skal sikra lik praksis knytt til bygging av nye vegar. Den set òg vilkår knytt til overtaking av private vegar, eller nedklassifisering (overføring frå kommunal til privat) av vegar. Før kommunal veg kan nedklassifserast til privat veg, skal det gjerast politisk vedtak i kommunen.
Høyringsfrist: 29. desember

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

26. september 2017 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert preiodevis stengt på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 26. september til 22. desember. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Vegen vert stengt:
  • Måndag - torsdag
    • kl. 0820-1045
    • kl. 1115-1410
    • kl. 1430-1505
    • kl. 1535-1610
    • kl. 1630-1830
Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no