Lenke til artikkelinnhald - Årsmelding 2011Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | POSTLISTE / INNSYN | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Idèmøte for utvi..
- Oppdatert info 1..
- Redusert framkom..
- Ålvik skule snar..
- Fiskefond for Be..
- Etablerarkurs ha..
- Epost svindel..
- Kvam kino - ny n..
- Arbeid på straum..
- Opplevingskort f..
- Kulturminneplan ..
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Årsmelding 2011

Utskriftsvenleg side Lagt ut 29. mars 2012 kl. 11:13 av Arild McClellan Steine
Framsida av årsmeldingaDet er kanskje vel tidleg å stille spørsmål om Kvam herad har nådd vendepunktet ved årslutt 2011, 11 dagar etter at budsjettet «Pimp my kommune» vart vedteke. Ved oppsummering av året ser eg likevel ein del symbolikk som gjer håp om at lyset lengre framme i tunellen ikkje er toget som kjem rett i mot oss. Trass den allmenne oppfatning av kommunen som ein relativt sedat organisme opplever me kontinuerleg at nye eller gamle utfordringar set oss på prøve. Det er ikkje utfordringane i seg sjølv som definerer oss, men korleis me handterer dei, og det er her eg er gryande optimist.

Kvifor rådmannen er optimist kan du lesa meir om i Årsmeldinga for 2011.

Rekneskap og årsmelding for 2011 skal handsamast av formannskapet 3.mai og i heradsstyret 15. mai 2012.

Driftsrekneskapen for 2011 viser eit netto driftsresultat på 51,6 mill. kr. mot eit budsjettert resultat på 30,2 mill. kr.



Lenke: http://www.kvam.no/informasjon/filarkiv/29032012_112912.pdf


Idèmøte for utvikling av Øystese sentrum

22. august 2016 kl. 09:55 - Reidun Braut Kjosås
Øystese er ei flott bygd med mange gode kvalitetar, men korleis kan me utvikla bygda slik at det vert endå betre å bu og leva her? Me ønskjer innspel frå deg om gode tiltak og grep som kan utvikla Øystese-bygda både for dei som bur, arbeider eller går på skule her, nyttar fritida si i bygda eller er tilreisande.

Oppdatert info 19.08 om Torpevegen

19. august 2016 kl. 11:49 - Leif Skår
I veke 34 (22. - 27. august) vert Torpevegen heilt open, men den kan bli stengt i korte periodar på inntil 10 - 15 minutt. Ny oppdatering vert kunngjort fredag 26. august.

Redusert framkomst i Fitjadalsvegen mellom Kløve-Fitjadalsvatn veke 33-34

15. august 2016 kl. 10:15 - Kvam kraftverk
På grunn av linjereparasjon kan vegen mellom Kløve - Fitjadalsvatn verta stengt i periodar på inntil 30 min. i veke 33 og 34. Utrykningskjøyretøy får fri ferdsel etter behov. For ytterlegare informasjon kontakt KK-vakt nr 56553333.

Ålvik skule snart i gang

15. august 2016 kl. 08:37 - Tore Skeie
Kontrakt om oppføring av ny Ålvik skule er underteikna med Seksjonsbygg AS. Moelven skal levera paviljongen, men Seksjonsbygg har også med seg lokale leverandørar som Nils Aksnes og Kjosås Maskin. Bygget vert oppført som modulbygg, og dette er økonomisk og gjev kortare byggjetid, og er dessutan meir fleksibelt enn plassbygd i høve til endringar i framtida.

Fiskefond for Bergsdalsvassdraget og Flatabøelva er avvikla

11. august 2016 kl. 10:16 - Sigrid Laupsa
Etter søknad frå eigarkommunane har Lotteri- og stiftelsestilsynet vedteke å avvikla stiftinga "Fond for Bergsdalsvassdraget og Flatabøelva". Kvam herad sin del av fondsmidlane er overført til Kvam fiskefond. Kvam fiskefond vert forvalta av rådmannen v/Næringsavdelinga. Vedtekter: http://www.kvam.no/informasjon/filarkiv/11082016_105024.pdf

Etablerarkurs hausten 2016

4. august 2016 kl. 13:15 - Sigrid Laupsa
Etablerarkurs hausten 2016 Tenkjer du på å starta di eige verksemd? Har du allereie starta opp, men vil læra meir om mellom anna budsjett, marknadsføring og rekneskap? Då har du høve til å melda deg på kurs i Norheimsund! Du får meir informasjon ved å opna lenka under. Les òg: http://www.hardanger.com

Epost svindel

20. juli 2016 kl. 08:51 - Hans Chr Berstad
Det er høgtid for svindelforsøk. Dessverre florer det med eposter det ein ynskjer du skal dele telefonnr, kontonr mv. Ver skeptisk, ver merksam og ikkje gje ut informasjon. Epost frå Skatteetaten, Sparebank1, DNB, mv er mest sansyneleg svindelforsøk. Sist motteke frå Sparebank1: Kjære kunde Bedrif/Privat Vi trenger å bekrefte mobiltelefonnummer ditt. Klikk her for å bekrefte. Ikkje klikk på lenka. Du kan verta infisert.

Kvam kino - ny nettside

5. juli 2016 kl. 13:29 - Mary Ann Sørheim
Ny nettside Kvam kino har fått ny nettside.

Arbeid på straumleidning ved Nystøl

23. juni 2016 kl. 11:07 - Frank Tangen
Statnett melder at det i perioden juni-oktober vil vere arbeid på Statnett si straumleidning i Kvam herad. Arbeidet vil gå føre seg ved Nystøl nord for Øystese. Arbeidet vil føre med seg helikoptertrafikk og køyring med bilar og tunge maskiner. I denne perioden vil Statnett òg gjere noko arbeid på straumleidninga aust for Fitjadalsvatnet. Har du spørsmål om arbeida, kan du ta kontakt med prosjektleiar Svein Erik Fjellstad på telefon 916 31 177.

Opplevingskort for born og unge

20. mai 2016 kl. 10:42 - Mary Ann Sørheim
Opplevingskort for born og unge Alle born og unge i 5. - 10. klasse i Kvam har fått utdelt Opplevingskort for 2016. Kortet gjev gratis inngang på ulike aktivitetar i Kvam.

Kulturminneplan er under arbeid

22. desember 2015 kl. 14:31 - Knut Markhus
Arbeidet med kulturminneplan for Kvam er i gang, og alle innspel til planarbeidet er velkomne.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no