Lenke til artikkelinnhald - Årsmelding 2011Lenke til artikkelinnhald
A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LEDIGE_STILLINGAR | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Stenging av veg ..
- Oppstart av priv..
- Sommaropning på ..
- Treningstid i id..
- Godkjenning av u..
- 1. tertialrappor..
- Kortversjon av T..
- Offentleg etters..
- Informasjon knyt..
- Opningstider i T..
fotoalbum
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Årsmelding 2011

Utskriftsvenleg side Lagt ut 29. mars 2012 kl. 11:13 av Arild McClellan Steine
Framsida av årsmeldingaDet er kanskje vel tidleg å stille spørsmål om Kvam herad har nådd vendepunktet ved årslutt 2011, 11 dagar etter at budsjettet «Pimp my kommune» vart vedteke. Ved oppsummering av året ser eg likevel ein del symbolikk som gjer håp om at lyset lengre framme i tunellen ikkje er toget som kjem rett i mot oss. Trass den allmenne oppfatning av kommunen som ein relativt sedat organisme opplever me kontinuerleg at nye eller gamle utfordringar set oss på prøve. Det er ikkje utfordringane i seg sjølv som definerer oss, men korleis me handterer dei, og det er her eg er gryande optimist.

Kvifor rådmannen er optimist kan du lesa meir om i Årsmeldinga for 2011.

Rekneskap og årsmelding for 2011 skal handsamast av formannskapet 3.mai og i heradsstyret 15. mai 2012.

Driftsrekneskapen for 2011 viser eit netto driftsresultat på 51,6 mill. kr. mot eit budsjettert resultat på 30,2 mill. kr.



Lenke: http://www.kvam.no/informasjon/filarkiv/29032012_112912.pdf


Stenging av veg i Vikøy

17. juni 2013 kl. 08:32 - Leif Skår
Innkøyringa til Bruhaugvegen frå Byrkjelandsvegen vert stengt frå og med i dag og inntil vidare grunna utviding av bru. Omkøyring vert skilta.

Oppstart av privat reguleringsplan - barnehagetomta på Lund i Tørvikbygd

13. juni 2013 kl. 09:47 - Heidi E. Ørjansen
Illustrasjon av reguleringsplan I medhald av § 12-8 i plan- og bygningslova og i samråd med Kvam herad vert det med dette varsla oppstart av detaljregulering for: Gnr. 87, bnr. 33 m. fl. barnehage Lund, Tørvikbygd, Kvam herad. Forslagsstillar er Jarle Tveiten Transport AS v/Jarle Tveiten, Heradstveitvegen 201, 5620 Tørvikbygd.

Sommaropning på rådhuset, biblioteka og NAV

11. juni 2013 kl. 07:20 - Frank Tangen
I tabellen under ser du opningstidene til NAV, biblioteka og rådhuset denne sommaren. Biblioteket i Øystese vart stengt frå 1. juni. Rådhuset går over til sommartid frå og med fredag 14. juni.

Treningstid i idrettshallane- søknadsfrist 4.7.13

10. juni 2013 kl. 08:41 - Mary Ann Sørheim
Søknadsskjema om treningstid på kveldstid i hallane i Strandebarm, Norheimsund og Øystese finn ein i vårt digitale søknadssenter. Søknadsfrist er 4.7.13

Godkjenning av utbyggingsavtale

7. juni 2013 kl. 08:00 - Trude Birknes Buene
Kvam herad I medhald av plan- og bygningslova § 17-4, tredje ledd vert det med dette kunngjort godkjenning av utbyggingsavtale for Øvre Øystese, gnr. 44, bnr. 12 m.fl.

1. tertialrapport 2013

27. mai 2013 kl. 15:10 - Anita Hesthamar
1. tertial skal handsamast i Kvam formannskap 4. juni 2013 og i Kvam heradsstyre 18. juni 2013.

Kortversjon av Trafikksikringsplan for Kvam 2012-2015

21. mai 2013 kl. 11:00 - Tore Skeie
Trafikksikringsplan for Kvam 2012-2015 vart godkjend i Heradsstyret 11.12.2012. Ein kort-versjon av denne i papir-format er lagt ut på alle kommunale bibliotek i Kvam samt på fellessekretariatet på rådhuset. Den som er interessert, kan venda seg dit for å få tak i brosjyren. Den digitale versjonen finn du også ved å klikka på lenka i denne artikkelen.

Offentleg ettersyn - reguleringsplan for Sandvendalen, gnr 11 bnr 471

21. mai 2013 kl. 08:58 - Heidi E. Ørjansen
Nærings-, plan- og bygningsutvalet vedtok den 02.05.2013 sak 042/13 å legge reguleringsplan for Sandvendalen, gnr 11 bnr 471, Norheimsund ut til offentleg ettersyn.

Informasjon knytt til VA-utbygging på Kvamskogen

5. oktober 2012 kl. 07:32 - Nils Eivind Stranden
Utbygging av Kvamskogen VA mot Samnanger ligg no ute på anbod. Vedlagt kart viser trase for planlagt utbygging. Foreløpig tidsplan er vist under. Det kan vere behov for å gjere lokale tilpassingar når ein går i gang med arbeidet.

Opningstider i Tolomarka gjenvinningsanlegg

2. januar 2012 kl. 07:18 - Frank Tangen
Mandag 10.00 - 18.00 Onsdag og fredag 10.00 - 15.00 Lørdag 10.00 - 15.00 Tlf. 55 52 71 65



Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no