Lenke til artikkelinnhald - Toloheimen ombygging - status-rapport pr 12. mars 2012Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- LEDIGE PLASSAR I..
- Offentleg etters..
- Godkjend reguler..
- Godkjend reguler..
- Innsyn og postjo..
- Aktivitetar i so..
- Ferieavvikling h..
- Sommaropning på ..
- Budsjett 2014 - ..
- Forbod mot open ..
- Innsamling av ar..
- Kommunedelplanar..
- KVAM 2024 - V..
- Opningstider i T..
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Toloheimen ombygging - status-rapport pr 12. mars 2012

Utskriftsvenleg side Lagt ut 13. mars 2012 kl. 10:50 av Tore Skeie
SHA (sikkerhet, helse, arbeidsmiljø)
Ingen skader med arbeidsfråver rapportert så langt. Krav frå Arbeidstilsynet er no tilfredsstilt (bortsett frå byggherren sitt ID-kort som manglar). SHA-plan er revidert og gjort kjent for dei som arbeider der. Ca 15 personar er p.t. i arbeid på bygget.

FRAMDRIFT:
Nokre fotos er vedlagde som viser korleis det ser ut 12. mars 2012 på byggjeplassen. Framdrifta er stort sett som planlagt. Nokre aktivitetar er litt etter og andre er før. Inndeling av rom og plating av vegger går som planlagt. Golvstøyp er no på det meste utført bortsett frå i legevaktsentral. Tekniske fag pågår for fullt stort sett som planlagt.

REINT/TØRT BYGG
Bygget er no tørt innvendig med bruk av varmeomnar/byggtørker, og reinhald/orden er stort sett på stell.

ØKONOMI:
Av budsjettet på 27 mill er ca 12.4 mill brukt. Ikkje grunn til å rapportera avvik frå budsjett så langt.

Ambulansegarasje

Ferdig gulv på hjelpemiddelsentralen

Garderobe før gulvstøyping

Ombygging på Toloheimen - status per 12. mars 2012

Ombygging på Toloheimen - status per 12. mars 2012

Ombygging på Toloheimen - status per 12. mars 2012

Ombygging på Toloheimen - status per 12. mars 2012

Ombygging på Toloheimen - status per 12. mars 2012

Sørfasaden på Toloheimen

Treningsrom - spikarslag mot stove


LEDIGE PLASSAR I KULTURSKULEN FRÅ HAUSTEN 2014

16. juli 2014 kl. 13:53 - Rolf Seldal
LEDIGE PLASSAR I KULTURSKULEN FRÅ HAUSTEN 2014 LEDIGE PLASSAR I KULTURSKULEN FRÅ HAUSTEN 2014

Offentleg ettersyn – Nytt framlegg til reguleringsplan for Rv7 Ålvik, Torget - Tyrvefjøra

4. juli 2014 kl. 08:00 - Åsta Gjelland
NPB-utvalet har i møte den 28.11.13 vedteke at nytt framlegg til reguleringsplan for Rv7 Ålvik, Torget - Tyrvefjøra skal leggjast ut til offentleg ettersyn. HST-sak 088/13

Godkjend reguleringsplan for tilkomstveg til gnr 33 bnr 67 m.fl., Valland

4. juli 2014 kl. 08:00 - Åsta Gjelland
Reguleringsplan for tilkomstveg til gnr 33 bnr 67 m.fl. vart vedteken av Kvam Heradstyre den 17.06.14, HST-sak 059/14

Godkjend reguleringsplan for barnehage og bustadar, Lund i Tørvikbygd

4. juli 2014 kl. 08:00 - Åsta Gjelland
Reguleringsplan for gnr 87 bnr 33 m.fl., barnehage og bustadar, Lund i Tørvikbygd vart godkjend av Kvam heradstyre 17.06.14, HST-sak 058/14

Innsyn og postjournal i ferietida !

3. juli 2014 kl. 12:00 - Sigrid Laupsa
Innsyn og postjournal  i ferietida ! Avvikling av ferie gjer at vi ikkje kan yta same service når det gjeld publisering av postliste som ved ordinær drift. I veke 29 vert Innsyn ikkje oppdatert, i vekene 30,31 og 32 vert innsyn oppdatert med postliste og dokument, men med lengre intervall enn vanleg.

Aktivitetar i sommarferien for aldersgruppa 11-18 år.

26. juni 2014 kl. 14:55 - Mary Ann Sørheim
Sommaraktivitetar for barn og unge er i gang. Framleis ledige plassar i veke 27 og 33. Aktivitetane er gratis. «Først til mølla», så meld deg på ! Nytt ! 1.juli vert det tilbod om sykkelleik med Noregsmeister Eirik Ulltang !

Ferieavvikling helsetenestene i Kvam sommaren 2014

19. juni 2014 kl. 10:27 - Gudmund Øvsthus
F= ferie *= Sjå tekstdel

Sommaropning på rådhuset og biblioteka

16. juni 2014 kl. 08:20 - Frank Tangen
I tabellen under ser du opningstidene til biblioteka og rådhuset denne sommaren. Rådhuset går over til sommaropningstider (kl.10-14) frå og med måndag 16. juni.

Budsjett 2014 - økonomiplan 2014-2017

16. mai 2014 kl. 00:09 - Anita Hesthamar
Kvam heradsstyre vedtok 17. desember 2013 budsjett for 2014 og økonomiplanperioden 2014-2017. Budsjettdokumentet er no oppdatert med vedtaket og justerte økonomiske oversiktar i tråd med vedtaket.

Forbod mot open eld i utmark

22. april 2014 kl. 08:51 - Arthur Strømme
Forbod mot open eld i utmark Det er eit generelt forbod om å gjera opp eld i skog og mark frå 15.april til 15.september! Kvam herad v/brannsjefen kan gje løyve i særskilde høve, Vakttelefonen til brann og redningstenesta er 948 48 110. Du kan lesa meir om dette hos DSB. www.dsb.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag- og organisasjonar

28. januar 2014 kl. 10:00 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne arkivera dette materialet.

Kommunedelplanar

16. september 2013 kl. 13:18 - Heidi Ørjansen
Det er nyleg vedteken planprogram for følgjande kommunedelplanar:

KVAM 2024 - Ver med å utvikle Kvam vidare!

20. juli 2013 kl. 09:23 - Heidi E. Ørjansen
Kunngjering i medhald Plan- og bygnignslova § 11-12: Heradsstyret i Kvam har i sak 047/13 vedtatt planprogram for kommuneplan og at det skal lagast ny kommuneplan for Kvam. Kommuneplan = samfunnsdel + arealdel

Opningstider i Tolomarka gjenvinningsanlegg

2. januar 2012 kl. 07:18 - Frank Tangen
Mandag 10.00 - 18.00 Onsdag og fredag 10.00 - 15.00 Lørdag 10.00 - 15.00 Tlf. 55 52 71 65




FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no