Lenke til artikkelinnhald - Ikkje la deg lureLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
nyhende
- Søknadsfrist SFO..
- Tilbod om norsko..
- Kulturtilskot fr..
- Notanes, oppstar..
- Vegarbeid i Skår..
- Informasjon om h..
- Vegarbeid på Fv7..
- Utlysing av tils..
- Vil du bidra til..
- Reguleringsplan ..
- Vegstenging - Ne..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Ikkje la deg lure


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 28. februar 2012 kl. 09:25 av IKT avdelinga
Ikkje la deg lurePhishing er eit omgrep som betyr at nokon prøver å lure frå deg informasjon, for i neste omgang å nytte denne informasjonen til å svindle deg for pengar eller anna informasjon.

Hos Norsk Senter for Informasjonssikring (www.norsis.no) står phishing definert som:
Phishing er angrepsmetode der angriperen prøver å lurer til seg opplysninger som kan brukes i vinnings øyemed. Eksempeler er henvendelser på e-post der mottakeren bes oppsøke en webside (f.eks. en nettbank) hvor de må legge inn sine passord. Internettsiden ser ut til å være troverdig, men i realiteten en falsk side for at angriperne skal få tilgang til dine opplysninger. Det har også vært eksempler hvor andre kanaler som telefon og chattekanaler er brukt.
Med jevne og ujevne mellomrom dukker det opp epostar som tilsynelatande kjem frå banken, forsikringsselskap, flyselskap, kredittkortselskap, breibandsleverandøren din + +, der ein får beskjed om at noko gale har skjedd med kontoforholdet ditt, og du kan verten beden om å oppgje informasjon som t.d. kontonummer, kredittkortnummer, pin-kode, eller du kan verte beden om å trykke på ei link, og så "logge inn" for å "bekrefte" kundeforholdet ditt.Epostane som kjem ser ekte ut, og dei er proft laga, med selskapets logo m.m. Det er viktig å understreke at bankar, forsikringsselskap, kredittkortselskap, flyselskap, politi m.m. (ikkje ein gong den seriøse butikken på hjørnet), vil nokon sende deg ei epost (eller sms) der du vert beden om å oppgi brukernamn, passord, kredittkortnummer, kontonummer, fødsels- og personnummer m.m.Før du gjer som eposten ber deg om, tenk etter: Ville eg ha gjort dette dersom ei vilt framand person kom bort til meg på gaten og ba om dei same opplysningane? Dersom du likevel har gjort som mailen har bede deg om, må du ta kontakt med det riktige selskapet, t.d. banken og melde frå umiddelbart, og gjerne melde forholdet til politiet og.



Søknadsfrist SFO 15. februar 2018

24. januar 2018 kl. 07:11 - Beate Gauden
Ynskjer de at 1.-4.-klassingen dykkar skal ha eit trygt og godt tilbod etter ordinær skuletid? Søk gjerne kommunal skulefritidsordning på vedlagt søknadsskjema. Informasjon til SFO ved dei ulike skulane ligg på skulane sine heimsider. Det må vera minst 8 elevar for at SFO skal starta ved ein skule.

Tilbod om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar - kveldskurs påmelding

19. januar 2018 kl. 09:00 - Kjell Arne Gjøn
Vaksenopplæringa i Kvam startar opp igjen med kveldskurs i nynorsk. I følgje regelverket må personar som er frå EFTA/EØS betala for opplæringa.

Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18

18. januar 2018 kl. 11:20 - Mary Ann Sørheim
Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18 Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja kulturtilskot for 2018. Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Notanes, oppstart av reguleringsplan for offentleg avlaupsanlegg og parkområde

15. januar 2018 kl. 11:27 - Leiv Ingmar Kaale
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for utvida avlaupsanlegg med tilhøyrande infrastruktur og uteområde.

Vegarbeid i Skårdalsvegen (Fv 131)

15. januar 2018 kl. 07:12 - Nils Eivind Stranden
Kjosås Maskin AS skal utføra arbeid med utbetring av FV131 i Øystese, Skårdalsvegen, i perioden 15.01.2018 – 01.05.2018. Vegen kan verta stengt i inntil 30 minutt ved sprenging.
  • Sprenging vert varsla med lydsignal og skal utførast fredagar.

Informasjon om hovudopptak i barnehagar i 2018

12. januar 2018 kl. 10:58 - Beate Gauden
Alle barn som er fødd før 01.12.17 har lovfesta rett på barnehageplass frå og med 01.08.2018 eller den månaden dei fyller 1 år, dersom det er søkt om plass innan søknadsfristen.

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

10. januar 2018 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert periodevis stengt måndag-torsdag på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 2. januar til 30. april 2018. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Sjekk detaljar på vegvesen.no

Utlysing av tilskotsmidlar- Den Kulturelle Spaserstokken 2018

2. januar 2018 kl. 13:45 - Mary Ann Sørheim
Profesjonelle kunst- og kulturaktørar vert inviterte til å søkja tilskot til kulturaktivitetar for eldre i 2018.

Vil du bidra til rehabiliteringsplanen i Kvam?

2. januar 2018 kl. 12:52 - Rikke G. Reistad
Kvam herad er i gang med å utarbeida ny rehabiliteringsplan for vaksne. Rehabiliteringsplanen er tenkt ferdigstilt i februar 2018.

Reguleringsplan i Ljonesvågen

29. desember 2017 kl. 11:50 - Leiv Ingmar Kaale
Biofish AS ynskjer å utvida akvakulturanlegget i Ljonesvågen.

Vegstenging - Netelandsbrua i Steinsdalen

25. desember 2017 kl. 08:13 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad skal utbetra Netelandsbrua i den kommunale vegen i Steinsdalen. Eksisterande bru skal fjernast (sjå raudt kryss i kart) og det vert lagt nye element som grunnlag for ny bru. Fundament på kvar side skal også utbetrast/fornyast. Dette betyr at vegen vert stengt i ein periode framover. Det vil ikkje vera mogeleg med gjennomkøyring i denne perioden, men det vil fortsatt vera tilkomst frå kvar side frå Steine og frå Dalatun.
  • Det er planlagt at arbeidet vil pågå frå og med måndag 8. januar til fredag 20. april 2018. Sluttdatoen kan bli endra.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no