Lenke til artikkelinnhald - Kort status-rapport Toloheimen ombygging pr 14. februar 2012Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Ferieklubben 201..
- Fv7 Tokagjelet -..
- «Slik gjer me de..
- Slurvar du med b..
- Opningstider i p..
- Reguleringsplan ..
- Ny attraktivitet..
- Høyring og offen..
- Høyring og off. ..
- Mammografi for k..
- Innsamling av ar..
- Kommunedelplanar..
- KVAM 2024 - V..
- Opningstider i T..
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Kort status-rapport Toloheimen ombygging pr 14. februar 2012

Utskriftsvenleg side Lagt ut 15. februar 2012 kl. 08:27 av Tore Skeie
ØKONOMI:
  • Budsjett 27.1 mill. Forbrukt 7.75 mill. Betaling følgjer framdrift.
  • Noko endringsarbeid er tinga. Ingen avvik å rapportera så langt.


FRAMDRIFT:
Hordaland Bygg & Eiendom (totalentreprenør) har på ein typisk dag ca 15 personar i arbeid på bygget. Bygget er no tett bortsett frå portar på sør-fasade. Takstein er lagd. Innvendige delevegger stort sett på plass før plating på begge sider. Elektrikar-, røyrleggjar- og ventilasjonsarbeid pågår i underetasje. Ligg omtrent på framdriftsplan samla sett, men golvstøyp ligg ca 1 veke etter plan. Ferdigstilling tidleg i september 2012 er framleis gjeldande. Foto som vedlagde, syner korleis bygget framstår i dag.

TRYGGLEIK, HELSE OG ARBEIDSMILJØ (SHA):
Arbeidstilsynet var på inspeksjon 31. januar 2012, og hadde kritiske merknader til SHA-plan som må oppdaterast, og til manglande bruk av ID-kort. Dette har vi fått frist til 1. mars på å retta opp. Ingen alvorlege uhell med skade så langt i prosjektet.

UTFORDRINGAR:
  • Kommunikasjon med polske tømrarar er ei utfordring.
  • Fokus på tryggleik og helse samt orden og reinhald er heva den siste veka, men krev kontinuerleg innsats.


Status på ombygging av Toloheimen per 14. februar 2012

Status på ombygging av Toloheimen per 14. februar 2012

Status på ombygging av Toloheimen per 14. februar 2012

Status på ombygging av Toloheimen per 14. februar 2012

Status på ombygging av Toloheimen per 14. februar 2012

Status på ombygging av Toloheimen per 14. februar 2012

Status på ombygging av Toloheimen per 14. februar 2012

Status på ombygging av Toloheimen per 14. februar 2012

Status på ombygging av Toloheimen per 14. februar 2012



Ferieklubben 2014

15. april 2014 kl. 09:03 - Lillian Kvamsøy
Det vert ferieklubb i veke 26, 27 og 33. Informasjon om ferieklubben og påmeldingskjema finn du her.

Fv7 Tokagjelet - Stengt i korte periodar frå 22.april

11. april 2014 kl. 12:00 - Sigrid Laupsa
Logo Mykje sikrings- og murarbeid står att før vi kan byggja ny portal på Snauhaugtunnelen i Tokagjelet. For tida er strekninga lysregulert grunna innsnevring av vegen. Over påske held vi fram med fjellsikringsarbeida og i perioden 22.april til 16.mai kan vegen verta mellombels stengt inntil 20 minutt i tidsrommet kl.07.00- 19.00 alle dagar unntatt sundag.
  • Stoppa er tilpassa Skyss sine bussruter
  • Køyretøy under utrykking får passera
Kontaktperson i Statens vegvesen er byggeleiar Knut Tøn tlf. 945 01 986

«Slik gjer me det i Kvam»

11. april 2014 kl. 11:33 - Nita Aamelfot
Informasjon om omlegging av spesialundervisning og tilpassa opplæring, eit samarbeid mellom skulane, skuleeigar og PPT.

Slurvar du med brannsikringa på hytta?

11. april 2014 kl. 10:20 - Arthur Strømme
Slurvar du med brannsikringa på hytta? I påskeveka vil Kvam brann- og redningsteneste, besøkja deler av hyttene på Kvamskogen, slik som føregåande år. Gjennom aksjonen ”Trygg hyttekos” ynskjer me å setja fokus på brannvern på hytta. - Me vil banka på hyttedøra, og om det høver, ta ein prat om brannsikring. Vårt ynskje er slett ikkje å skremma folk og øydeleggja hyttekosen, men om me alle er oppmerksame, kan vi unngå tragiske hyttebrannar her i Kvam. I samband med besøket vil me dela ut ei lita gåve til hyttefolket med batteri til røykvarslar, ein kortspel og informasjon om brannvern.

Opningstider i påska

11. april 2014 kl. 09:53 - Sigrid Laupsa
Opningstider i påska Rådhuset, NAV og biblioteka i Norheimsund og Ålvik har vanleg opningstid måndag 14. og tysdag 15.april. Onsdag 16. april har hovudbiblioteket i Norheimsund ope frå 10.00 til 12.00, medan Kvam rådhus og NAV har ope frå 09.00 til 12.00. Påskeaftan er biblioteket i Norheimsund stengt. Biblioteket i Strandebarm held stengt heile påskeveka. Me nyttar høvet til å ynskje alle våre brukarar ei retteleg fin påske.

Reguleringsplan på høyring og offentleg ettersyn - Masseuttak på gnr. 51, bnr. 3 og 5 mfl. Haukeli

1. april 2014 kl. 10:42 - Trond Inge Brakestad
Kvam nærings-, plan- og bygningsutval har i møte den 19.03.2014 vedteke at fylgjande framlegg til reguleringsplan skal leggjast ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10:

Ny attraktivitetsanalyse

1. april 2014 kl. 09:58 - Jan Tjosås
I samband med arbeidet med ny kommunedelplan for næring og kompetanse har Telemarksforskning levert ein ny rapport om attraktivitet og innovasjon i Kvam. Her er det mykje interessant bakgrunnsstoff for vidare arbeid men næringsutvikling i kommunen

Høyring og offentleg ettersyn - framlegg til regulering for gnr 87, bnr 33 og 114, Lund i Tørvikbygd

21. mars 2014 kl. 08:26 - Jon Nedkvitne
Nærings-, plan- og bygningsutvalet har i møte den 19.03.2014 vedteke at framlegg til reguleringsplan for gnr 87, bnr 33 og 114, Lund i Tørvikbygd skal leggjast ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10:

Høyring og off. ettersyn på reguleringsplan for tilkomstveg til gnr 33 bnr 67 (Vallandshovden))

21. mars 2014 kl. 06:59 - Jon Nedkvitne
Heradsstyret har i møte den 17.12.2013 vedteke at framlegg til reguleringsplan for tilkomstveg til gnr 33 bnr 67 m fl (Vallandshaugane)skal leggjast ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10:

Mammografi for kvinner i Kvam herad

13. mars 2014 kl. 08:47 - Torill Høyland
Alle kvinner i Kvam herad født 1945-1964 vert invitert til mammografiundersøking frå 24.3 - 28.4.2014. I alt 1024 kvinner vil få invitasjon til brystundersøking i mammografibussen.
  • Kven: Kvinner i Kvam herad født 1945-1964
  • Når: 24. mars - 28. april 2014
  • Kvar: Parkeringsplassen ved gamle Norheimsund ungdomsskule

Innsamling av arkivmateriale frå lag- og organisasjonar

28. januar 2014 kl. 10:00 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne arkivera dette materialet.

Kommunedelplanar

16. september 2013 kl. 13:18 - Heidi Ørjansen
Det er nyleg vedteken planprogram for følgjande kommunedelplanar:

KVAM 2024 - Ver med å utvikle Kvam vidare!

20. juli 2013 kl. 09:23 - Heidi E. Ørjansen
Kunngjering i medhald Plan- og bygnignslova § 11-12: Heradsstyret i Kvam har i sak 047/13 vedtatt planprogram for kommuneplan og at det skal lagast ny kommuneplan for Kvam. Kommuneplan = samfunnsdel + arealdel

Opningstider i Tolomarka gjenvinningsanlegg

2. januar 2012 kl. 07:18 - Frank Tangen
Mandag 10.00 - 18.00 Onsdag og fredag 10.00 - 15.00 Lørdag 10.00 - 15.00 Tlf. 55 52 71 65




FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no