Lenke til artikkelinnhald - Årsmelding og rekneskap 2010Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | POSTLISTE / INNSYN | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Av- og -Til i ..
- Arbeid på straum..
- Ferieoversikt fo..
- Opningstider i s..
- Høyring og offen..
- Vegstenging – Vi..
- Høyring: Forvalt..
- Gamle Bjølvo kra..
- Torpevegen - Nye..
- UNG FRITID - FE..
- Treningstid i id..
- Opplevingskort f..
- Kulturminneplan ..
- Utgreiing av kom..
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Årsmelding og rekneskap 2010

Utskriftsvenleg side Lagt ut 8. april 2011 kl. 09:00 av Arild M. Steine
Kvam herad sitt rekneskap og årsmelding for 2010 skal handsamast av formannskapet 26. april og i heradsstyret 10. mai 2011.


Driftsrekneskapen for 2010 viser eit netto driftsresultat på 10,9 mill. kr. mot eit budsjettert resultat på 5,6 mill. kr. Samanlikna med 2009 er dette ei betring på 1,7 mill. kr.



Etter avsetningar til fond og bruk av fond er rekneskapen gjort opp med eit resultat på kr. 7,8 mill.

Investeringsrekneskapen viser at det er brukt 39,0 mill. kr. mot budsjettert 49,4 mill. kr. I 2009 vart det investert for 62,4 mill. kr.


Investeringane er finansiert med 21,4 mill. kr. i bruk av lånemidlar og resten er bruk av fond og andre midlar.


Lenke: http://www.kvam.no/informasjon/filarkiv/07042011_161924.pdf


Av- og -Til i ferietida

28. juni 2016 kl. 10:10 - Bjørnar Dagstad
 Av- og -Til  i ferietida Kvam herad har sendt ut 450 posar med Av-og-Til materiell til barnehageforeldra. Me ynskjer at alle foreldre held på dei gode alkoholvanane også i sommarferien, og tenkjer seg om når det høver seg med alkohol i samvær med barn.
Hugs at barn trivst best med vaksne som oppfører seg som dei pleier.
Kvam er ein Av-og-Til-kommune, og har samvær med barn, båt og badeliv og psykisk helse som fokusområde.

Arbeid på straumleidning ved Nystøl

23. juni 2016 kl. 11:07 - Frank Tangen
Statnett melder at det i perioden juni-oktober vil vere arbeid på Statnett si straumleidning i Kvam herad. Arbeidet vil gå føre seg ved Nystøl nord for Øystese. Arbeidet vil føre med seg helikoptertrafikk og køyring med bilar og tunge maskiner. I denne perioden vil Statnett òg gjere noko arbeid på straumleidninga aust for Fitjadalsvatnet. Har du spørsmål om arbeida, kan du ta kontakt med prosjektleiar Svein Erik Fjellstad på telefon 916 31 177.

Ferieoversikt for helsetenestene i Kvam 2016

22. juni 2016 kl. 10:43 - Arne Aksnes
F = ferie * sjå tekstdel

Opningstider i sommar: Kvam rådhus og Kvam bibliotek

21. juni 2016 kl. 07:20 - Sigrid Laupsa
I tabellen under ser du opningstidene til biblioteka og rådhuset denne sommaren. Rådhuset går over til sommaropningstid (kl.10-14) frå og med måndag 20. juni. Sentralbord og kundemottak har redusert opningstid, men du kan kontakta saksbehandlar via direktenummer som vanleg.

Høyring og offentleg ettersyn av reguleringsplan i Tørvikbygd

21. juni 2016 kl. 07:14 - Trond Inge Brakestad

NPB-utvalet har i møte den 31.05.2016 vedteke at framlegg til reguleringsplan for gnr. 86, bnr. 2 og 10 mfl, Hardingsmolt i Tørvikbygd skal leggjast ut til off.ettersyn NPB-sak 032/16

Planområde

Vegstenging – Vikvegen, Øystese

20. juni 2016 kl. 10:25 - Leif Skår
Kvam Herad skal utføra rehabilitering av eksisterande vatn og avløpsleidningar i nedre del av Vikvegen. Nedre del av Vikvegen blir difor stengt for biltrafikk frå onsdag 22.juni til fredag 8.juli. Omkøyring via Fv-130 Kvam Fruktlager/Øystese Gymnas/ Vikvegen.

Høyring: Forvaltningsplan for grågås i Kvam herad

15. juni 2016 kl. 11:06 - Rolf Erling Loe
Kvam herad sender no Forvaltningsplan for grågås i Kvam herad ut på høyring. Høyringsfristen er 15. Juli 2016. Merknadar til forvaltningsplanen sendast til postmottak@kvam.kommune.no

Gamle Bjølvo kraftverk - status per juni 2016

13. juni 2016 kl. 10:25 - Frank Tangen
Her får du Statkraft sin statusrapport per juni 2016 for arbeidet med Gamle Bjølvo kraftverk.
Arbeidet går som planlagt og det vert jobba på fleire stadar samstundes. I mai er røyra på dei flatare partia delt i lengder på ca. 4 meter, og så fort taubana er klar til drift, vil desse røyrdelane fraktast vekk. Det meste av utstyret til kabelbana er kome frå Austerrike og arbeida med montering startar i nær framtid.

Torpevegen - Nye stengetider frå 13.juni

9. juni 2016 kl. 09:52 - Nils Eivind Stranden
Det vert nye stengetider for Torpevegen frå og med måndag 13.juni fram til ferien 7.juli.
  • Heilt stengt frå kl.08.30 -12.00 Resten av dagen er vegen open for alminneleg ferdsel, men det kan verta ventetid på inntil 10 minutt. Stenging gjeld berre arbeidsdagar.

UNG FRITID - FERIE FOR ALLE - ferieaktivitetar for aldersgruppa 11-18 år

6. juni 2016 kl. 11:05 - Mary Ann Sørheim
Ung fritid i Kvam Er du mellom 11- 18 år og vil oppleva kjekke ferieaktivitetar saman med andre i sommar,- kan UNG FRITID sine ferieaktivitetar i vekene 25, 26 og 32 vera noko for deg ! Ulike frivillige organisasjonar, Grannehjelpa og Kvam herad samarbeider om ulike aktivitetar i sommar, for eksempel sykkeldag med Eirik Ulltang, golf, besøk på Hardanger Fartøyvernsenter, brevandring på Folgefonna, kino, tur til Voss Klatrepark, tur med vikingskipet TYRA, bowling,laga sunt snop, klatring, sjonglering, mm.

Treningstid i idrettshallane 16/17- søknadsfrist 04.08.2016

27. mai 2016 kl. 14:20 - Magreth Børve Olsen
Søknadsskjema om treningstid på kveldstid i hallane i Strandebarm, Norheimsund og Øystese finn ein i vårt digitale søknadssenter. Søknadsfrist er 04.08.2016

Opplevingskort for born og unge

20. mai 2016 kl. 10:42 - Mary Ann Sørheim
Opplevingskort for born og unge Alle born og unge i 5. - 10. klasse i Kvam har fått utdelt Opplevingskort for 2016. Kortet gjev gratis inngang på ulike aktivitetar i Kvam.

Kulturminneplan er under arbeid

22. desember 2015 kl. 14:31 - Knut Markhus
Arbeidet med kulturminneplan for Kvam er i gang, og alle innspel til planarbeidet er velkomne.

Utgreiing av kommunestruktur

25. juni 2015 kl. 21:46 - Arild McClellan Steine
Den administrative utgreiinga av to moglege kommunesamanslåingar mellom a) Ullensvang, Odda og Jondal, og b) Odda, Jondal og Kvam, vart lagt fram for alle kommunestyra i Hardanger den 22. juli. Rapporten er tilgjengeleg for nedlasting i pdf-format her.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no