Lenke til artikkelinnhald - Årsmelding og rekneskap 2010Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Forbod mot open ..
- Ferieklubben 201..
- Fv7 Tokagjelet -..
- «Slik gjer me de..
- Reguleringsplan ..
- Ny attraktivitet..
- Høyring og offen..
- Høyring og off. ..
- Mammografi for k..
- Innsamling av ar..
- Kommunedelplanar..
- KVAM 2024 - V..
- Opningstider i T..
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Årsmelding og rekneskap 2010

Utskriftsvenleg side Lagt ut 8. april 2011 kl. 09:00 av Arild M. Steine
Kvam herad sitt rekneskap og årsmelding for 2010 skal handsamast av formannskapet 26. april og i heradsstyret 10. mai 2011.


Driftsrekneskapen for 2010 viser eit netto driftsresultat på 10,9 mill. kr. mot eit budsjettert resultat på 5,6 mill. kr. Samanlikna med 2009 er dette ei betring på 1,7 mill. kr.



Etter avsetningar til fond og bruk av fond er rekneskapen gjort opp med eit resultat på kr. 7,8 mill.

Investeringsrekneskapen viser at det er brukt 39,0 mill. kr. mot budsjettert 49,4 mill. kr. I 2009 vart det investert for 62,4 mill. kr.


Investeringane er finansiert med 21,4 mill. kr. i bruk av lånemidlar og resten er bruk av fond og andre midlar.


Lenke: http://www.kvam.no/informasjon/filarkiv/07042011_161924.pdf


Forbod mot open eld i utmark

22. april 2014 kl. 08:51 - Arthur Strømme
Forbod mot open eld i utmark Det er eit generelt forbod om å gjera opp eld i skog og mark frå 15.april til 15.september!

Kvam herad v/brannsjefen kan gje løyve i særskilde høve,
Vakttelefonen til brann og redningstenesta er 948 48 110.

Du kan lesa meir om dette hos DSB. www.dsb.no

Ferieklubben 2014

15. april 2014 kl. 09:03 - Lillian Kvamsøy
Det vert ferieklubb i veke 26, 27 og 33. Informasjon om ferieklubben og påmeldingskjema finn du her.

Fv7 Tokagjelet - Stengt i korte periodar frå 22.april

11. april 2014 kl. 12:00 - Sigrid Laupsa
Logo Mykje sikrings- og murarbeid står att før vi kan byggja ny portal på Snauhaugtunnelen i Tokagjelet. For tida er strekninga lysregulert grunna innsnevring av vegen. Over påske held vi fram med fjellsikringsarbeida og i perioden 22.april til 16.mai kan vegen verta mellombels stengt inntil 20 minutt i tidsrommet kl.07.00- 19.00 alle dagar unntatt sundag.
  • Stoppa er tilpassa Skyss sine bussruter
  • Køyretøy under utrykking får passera
Kontaktperson i Statens vegvesen er byggeleiar Knut Tøn tlf. 945 01 986

«Slik gjer me det i Kvam»

11. april 2014 kl. 11:33 - Nita Aamelfot
Informasjon om omlegging av spesialundervisning og tilpassa opplæring, eit samarbeid mellom skulane, skuleeigar og PPT.

Reguleringsplan på høyring og offentleg ettersyn - Masseuttak på gnr. 51, bnr. 3 og 5 mfl. Haukeli

1. april 2014 kl. 10:42 - Trond Inge Brakestad
Kvam nærings-, plan- og bygningsutval har i møte den 19.03.2014 vedteke at fylgjande framlegg til reguleringsplan skal leggjast ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10:

Ny attraktivitetsanalyse

1. april 2014 kl. 09:58 - Jan Tjosås
I samband med arbeidet med ny kommunedelplan for næring og kompetanse har Telemarksforskning levert ein ny rapport om attraktivitet og innovasjon i Kvam. Her er det mykje interessant bakgrunnsstoff for vidare arbeid men næringsutvikling i kommunen

Høyring og offentleg ettersyn - framlegg til regulering for gnr 87, bnr 33 og 114, Lund i Tørvikbygd

21. mars 2014 kl. 08:26 - Jon Nedkvitne
Nærings-, plan- og bygningsutvalet har i møte den 19.03.2014 vedteke at framlegg til reguleringsplan for gnr 87, bnr 33 og 114, Lund i Tørvikbygd skal leggjast ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10:

Høyring og off. ettersyn på reguleringsplan for tilkomstveg til gnr 33 bnr 67 (Vallandshovden))

21. mars 2014 kl. 06:59 - Jon Nedkvitne
Heradsstyret har i møte den 17.12.2013 vedteke at framlegg til reguleringsplan for tilkomstveg til gnr 33 bnr 67 m fl (Vallandshaugane)skal leggjast ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10:

Mammografi for kvinner i Kvam herad

13. mars 2014 kl. 08:47 - Torill Høyland
Alle kvinner i Kvam herad født 1945-1964 vert invitert til mammografiundersøking frå 24.3 - 28.4.2014. I alt 1024 kvinner vil få invitasjon til brystundersøking i mammografibussen.
  • Kven: Kvinner i Kvam herad født 1945-1964
  • Når: 24. mars - 28. april 2014
  • Kvar: Parkeringsplassen ved gamle Norheimsund ungdomsskule

Innsamling av arkivmateriale frå lag- og organisasjonar

28. januar 2014 kl. 10:00 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne arkivera dette materialet.

Kommunedelplanar

16. september 2013 kl. 13:18 - Heidi Ørjansen
Det er nyleg vedteken planprogram for følgjande kommunedelplanar:

KVAM 2024 - Ver med å utvikle Kvam vidare!

20. juli 2013 kl. 09:23 - Heidi E. Ørjansen
Kunngjering i medhald Plan- og bygnignslova § 11-12: Heradsstyret i Kvam har i sak 047/13 vedtatt planprogram for kommuneplan og at det skal lagast ny kommuneplan for Kvam. Kommuneplan = samfunnsdel + arealdel

Opningstider i Tolomarka gjenvinningsanlegg

2. januar 2012 kl. 07:18 - Frank Tangen
Mandag 10.00 - 18.00 Onsdag og fredag 10.00 - 15.00 Lørdag 10.00 - 15.00 Tlf. 55 52 71 65




FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no