Lenke til artikkelinnhald - NyhendeLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Godkjend reguler..
- Tilbod om norsko..
- Ny NAV leiar..
- Trakk og snakk..
- Erling Eid er ti..
- Varsel om oppsta..
- Melding om oppst..
- Invitasjon til t..
- Melding om oppst..
- 420 kV Sima-Samn..
- Offentleg etters..
- Melding om oppst..
- Offentleg etters..
- Skjerpa røykelov..
- Budsjett 2014 - ..
- Innsamling av ar..
- Opningstider i T..
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Godkjend reguleringsplan for Fv49 Lingaparsellen - del 2

Utskriftsvenleg side Lagt ut 19. september 2014 kl. 08:00 av Åsta Gjelland
Reguleringsplan for Fv49 Lingaparsellen - del 2 vart vedteken av Kvam heradstyre 17.06.14, HST-sak 060/14

Reguleringa er utarbeidd i offentleg regi med Statens vegvesen og Kvam herad som tiltakshavar. Asplan Viak er konsulent for utarbeiding av plandokumenta.

Føremålet med planen er i all hovudsak utviding av Fv49. Reguleringsplan for Fv49 Lingaparsellen vart handsama av heradsstyret den 18.06.2013. Det var usemje mellom Kvam herad, Statens vegvesen og grunneigar for deler av vegtrasèen, og planen vart difor delt i del 1 og del 2. Heradstyret vedtok reguleringsplan for Fv49 Lingaparsellen - del 1 i samme møte. Etter den tid har det vorte semje mellom partane om omlegging av vegtrasèen forbi driftsbygningen på gnr 101 bnr 1. Heradstyret vedtok den 17.06.14. reguleringsplan for Fv49 Lingaparsellen - del 2.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om godkjend reguleringsplan pr. brev.

Kart

Saksutgreiing HST-060/14

Reguleringsplankart

Føresegner

Planomtale

Vurdering etter naturmangfaldlova

Støyvurdering


Informasjon om tilgang til dokument:
Alle registrerte dokument på reguleringssaka er å finna her via saksnummer 07/634 Oppdatert plankart og føresegner er arkivert på dette saksnummer 14/823

Via kommunen si kartløysing får du fram planområdet og planframlegget ved å søkja på plannummer 20140006


Klageadgang:
Heradsstyret sitt vedtak om godkjend reguleringsplan kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. Plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9. Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven. Klage må leverast skriftleg til Kvam herad innan 10.10.14

Krav om erstatning el. innløysing må fremjast til Kvam herad innan 3 år frå kunngjeringsdato, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.

Telefon: 56 55 30 00
E-post: postmottak@kvam.kommune.no



Tilbod om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar - kveldskurs påmelding

19. september 2014 kl. 06:40 - Kjell Arne Gjøn
Vaksenopplæringa i Kvam startar opp igjen med kveldskurs i grunnleggjande norsk på nivå 1, 2 og 3. I følgje regelverket må personar som er frå EFTA/EØS betale for opplæringa. Undervisninga er på nynorsk.

Ny NAV leiar

18. september 2014 kl. 11:50 - Kari Sagen
Terje Langeland (36) er tilsett som leiar for NAV Kvam.

Trakk og snakk

18. september 2014 kl. 10:50 - Mary Ann Sørheim
Nyasete i kveldssol - foto: Arne Bjørke Onsdag 24.9 inviterer ordførar og rådmann til «Trakk og snakk» på Fykse.
  • Frammøte kl 17 00 på Bjørke. Turen går til Nyasete ( ca 45 min).
    • Turleiar er Leiv Ingmar Kaale, og Fykse grendalag og Fykse grendautval er arrangørar.
    • Servering frå Steinstø fruktgard.
    Kva er «trakk og snakk»?
  • Erling Eid er tildelt årets DIHVA 2014

    15. september 2014 kl. 09:50 - Sigrid Laupsa
    Årets DIHVA er ein personlig heiderspris som skal vera påskjøning og motivasjon for vidare utvikling innan VA-faget for engasjerte fagpersoner. Prisen vert delt ut av selskapet «Driftsassistansen i Hordaland - Vann og Avløp IKS”.

    Varsel om oppstart regulering og planprogram på høyring - Busdalen/Meierihola/Grustaket/Øysteseelva

    9. september 2014 kl. 12:00 - Åsta Gjelland
    Sweco Norge AS skal på vegne av Kvam herad utarbeide framlegg til regulering

    Melding om oppstart privat regulering - gnr 19 bnr 6 m.fl. Gråsteindalen, Kvamskogen

    9. september 2014 kl. 09:31 - Åsta Gjelland
    Geoplan AS skal på vegne av Alf Bjarne H. Steine utarbeide framlegg til regulering

    Invitasjon til temakveld med Bettina Husebø

    9. september 2014 kl. 07:17 - Elfrid Oma
    Bettina Husebø Vi ynskjer med dette å invitere tilsette ved sjukeheimar i Kvam herad, pårørande og andre interesserte til temakveld med førelesar Bettina Husebø torsdag 25. september kl 18. Bettina er lege, forskar og pioner innan alders- og sjukeheimsmedisin, og er leiar for Senter for alders- og sjukeheimsmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho vil snakke om aktivitet og helse, og omsorg ved livets slutt.

    Melding om oppstart privat regulering – gnr 21 bnr 5 m.fl. Tryglakleiv, Kvamskogen

    5. september 2014 kl. 08:00 - Åsta Gjelland
    Geoplan AS skal på vegne av Bertil Ove Skeie utarbeide framlegg til regulering

    420 kV Sima-Samnanger- Varsel om kraftleidningsarbeid

    1. september 2014 kl. 15:24 - Sigrid Laupsa
    I september skal det utførast reparasjonsarbeid på Statnett sin kraftleidning i samband med at topplina vart øydelagd i vinter. Dette vil skje i fjellet ovanfor Ålvik. Dalekovod er entreprenør, medan Nettpartner skal installere datakabel.

    Offentleg ettersyn – Nytt framlegg til reguleringsplan for Straumbrua Norheim til småbåthamn på Tolo

    1. september 2014 kl. 08:30 - Åsta Gjelland
    NPB-utvalet har i møte den 30.06.14 vedteke at framlegg til reguleringsplan for Straumbrua Norheim til småbåthamn på Tolo i Kvam herad skal leggjast ut til offentleg ettersyn. NPB-sak 055/14

    Melding om oppstart privat regulering - Bakka-Breievne

    29. august 2014 kl. 15:11 - Trond Inge Brakestad
    Geoplan AS skal på vegne av Hardanger fiskeforedling AS utarbeide framlegg til regulering

    Offentleg ettersyn – Framlegg til reguleringsplan for Fv7 Øystese – Fyksesund, Håfjelltunnelen

    29. august 2014 kl. 08:00 - Åsta Gjelland
    NPB-utvalet har i møte den 30.06.14 vedteke at framlegg til reguleringsplan for Fv7 Øystese – Fykesesund, Håfjelltunnelen i Kvam herad skal leggjast ut til offentleg ettersyn. NPB-sak 054/14

    Skjerpa røykelov frå 1. juli

    27. august 2014 kl. 08:28 - Frank Tangen
    Frå 1. juli i år vart det mellom anna innført røykfrie inngangsparti til offentlege verksemder og helseinstitusjonar. Frå same tidspunkt vart det innført tobakksforbod i skule- og barnehagar sine lokale og uteområde.

    Budsjett 2014 - økonomiplan 2014-2017

    16. mai 2014 kl. 00:09 - Anita Hesthamar
    Kvam heradsstyre vedtok 17. desember 2013 budsjett for 2014 og økonomiplanperioden 2014-2017. Budsjettdokumentet er no oppdatert med vedtaket og justerte økonomiske oversiktar i tråd med vedtaket.

    Innsamling av arkivmateriale frå lag- og organisasjonar

    28. januar 2014 kl. 10:00 - Mary Ann Sørheim
    Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne arkivera dette materialet.

    Opningstider i Tolomarka gjenvinningsanlegg

    2. januar 2012 kl. 07:18 - Frank Tangen
    Mandag 10.00 - 18.00 Onsdag og fredag 10.00 - 15.00 Lørdag 10.00 - 15.00 Tlf. 55 52 71 65




    FACEBOOK  Facebook

    Godkjent HTML 4.01 Transitional
    Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no