Lenke til artikkelinnhald - Helsefagarbeidar - 55 % stillingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Helsefagarbeidar - 55 % stilling


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 5. januar 2018 kl. 11:00 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Me søkjer fagarbeidar til ledig stilling på Toloheimen.
Søknadsfrist: 21. januar

Sak. 18/11

Ledig 55 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 19.02.2018. Stillinga har for tida base ved gruppe 3 Vest Toloheimen, som er ei langtidsavdeling for personar med demens. Stillinga inneber for tida turnus med arbeid kvar 3. helg.

Kvalifikasjonskrav:
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Interesse for arbeid med personar med demens er nødvendig
Erfaring frå demensarbeid er ønskjeleg
Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Me søkjer fleksible arbeidstakarar som har evne til å arbeida sjølvstendig og i teamarbeid
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

I Kvam herad legg me vekt på at tilsette er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me kan tilby:
• engasjerte medarbeidarar i eit fagleg godt arbeidsmiljø
• gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
• løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem

For nærare opplysningar om stillinga: gruppeleiar Liv Skutlaberg - 99 34 95 86, E-post: lisk@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 21. januar 2018

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.




Søknadssenter




Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no