Lenke til artikkelinnhald - Barnehagelærar Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Helsefagarbeidar..
- Kinoassistent..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Barnehagelærar


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 27. november 2017 kl. 14:14 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Er du barnehagelærar? Me har ledig ei spennande stilling i arbeid med born:

Barnehagelærar

Sak. 17/1763


Me har ledig 100 % stilling som pedagogisk leiar, for tida ved Strandebarm barnehage. Born i alderen 2,5 - 4 år. Stillinga er ledig frå 01.02.2018.

Strandebarm barnehage er ny og har i dag 3 avdelingar. Barnehagen ligg sentrumsnært med gangavstand til sjø, skog, skule, handlesenter, fotballbane. For meir informasjon om barnehagen, gå inn på heimesida www.strandebarmbarnehage.no

Kvalifikasjonar:
Godkjent utdanning som barnehagelærar. Anna pedagogisk utdanning kan også verta vurdert.
God samarbeidsevne, sjølvstendig og fleksibel.

Me ynskjer at tilsette i barnehagane i Kvam herad skal:
-kunne gje tydeleg retning og vera målretta
-vera konstruktive, visa endringsvilje, bruka tid på fagleg leiing
-by på seg sjølve, visa fagleg engasjement og vera løysingsorienterte
-ha brukaren i fokus, dvs både borna og foreldra
-samarbeida godt med andre og få fram det gode i seg sjølv og andre

Me kan tilby:
- ein interessant og utviklande jobb i godt og fagleg arbeidsmiljø
- varierte arbeidsdagar med mykje livsglede og læring
- deltaking i vårt utviklingsarbeid med LP-modellen i Kvam
- pedagogisk leiartillegg
- løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- gode pensjons-/og forsikringsordningar

* Ved ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.

Kontaktperson: styrar i Strandebarm barnehage Marit Linga- 56556860
Epost: mlin@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 10. desember 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.



Søknadssenter


Helsefagarbeidar – 70 % stilling

28. november 2017 kl. 10:28 - Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidar til ledig stilling ved Mikkjelsflaten omsorgsbustadar.

Kinoassistent

28. november 2017 kl. 00:00 - Anne Vestrheim
Stilling som assistent ledig frå 1.1.18. Stillinga er for tida knytt til arbeid ved Kvam kino i Norheimsund.


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no