Lenke til artikkelinnhald - Helgestillingar   - ØysteseheimenLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Helsefagarbeidar..
- Kinoassistent..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Helgestillingar - Øysteseheimen


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 23. november 2017 kl. 16:15 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Øysteseheimen utvidar og treng fleire tilsette . Me har ledig fleire helgestillingar frå medio januar 2018.

Sak. 17/1775 – gruppe 2
I samband med utviding og auka kapasitet på Øysteseheimen vert det ledig 5 helgestillingar frå medio januar-18. Stillingsstorleikar: 2 stk. i 20 % og 3 stk. i 13 % stilling. Helgestillingane har for tida base i gruppe 2 i sone Øystese. Gruppa er ei somatisk langtidsavdeling med sengepostar i fyrste og andre etasje på Øysteseheimen, 18 senger. Hovudoppgåver for stillingane vil vera stell og pleie. Stillingane inneber for tida turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg.

Kontaktperson: du er velkomen til å ta kontakt med gruppeleiar Margaret Tombre Mæland – 56 55 85 04 / 974 78 554, eller e-post: mame@kvam.kommune.no for meir informasjon om stillingane.


Sak. 17/1776 – gruppe 3
I samband med utviding og auka kapasitet på Øysteseheimen vert det ledig 5 helgestillingar frå medio januar-18. Stillingsstorleikar: 14 %, 25 %, 34 % og 2 stk. i 35 % stilling. Helgestillingane har for tida base i gruppe 3 i sone Øystese. Gruppa er ei avdeling for personar med demens og det er ønskjeleg at den som søkjer har interesse for demensomsorg. Hovudoppgåver for stillingane vil vera stell og pleie. Stillingane inneber for tida turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg.

Kontaktperson: du er velkomen til å ta kontakt med gruppeleiar Margunn Lofthus – 974 84 612
Epost: marlof@kvam.kommune.no


Kvalifikasjonar for helgestilling:
Me ønskjer at den som søkjer har fagbrev innan helse. Men søkjarar med relevant arbeidserfaring og-/eller som ønskjer å ta utdanning innan helse, er også velkomen til å søkja.
Du må vere over 18 år. Me ønskjer oss søkjarar med godt humør og som er fleksible.

Me legg me vekt på at tilsette er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me kan tilby:
• utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• engasjerte medarbeidarar i eit godt arbeidsmiljø
• gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
• løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem

Søknadsfrist: 10. desember 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.

Søknadssenter


Helsefagarbeidar – 70 % stilling

28. november 2017 kl. 10:28 - Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidar til ledig stilling ved Mikkjelsflaten omsorgsbustadar.

Kinoassistent

28. november 2017 kl. 00:00 - Anne Vestrheim
Stilling som assistent ledig frå 1.1.18. Stillinga er for tida knytt til arbeid ved Kvam kino i Norheimsund.


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no