Lenke til artikkelinnhald - HelsefagarbeidararLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Ledige sjukeplei..
- Vernepleiar - vi..
- Helsefagarbeidar..
- Ringevikarar til..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Helsefagarbeidarar


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 6. oktober 2017 kl. 08:30 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Me søkjer helsefagarbeidarar til ledig 91 % fast stilling og 66 % vikariat i sone Strandebarm.

Sak.17/1089

91 % fast stilling «fastvikar» som helsefagarbeidar for tida i sone Strandebarm, ledig frå snarast.
Arbeid i institusjon og ute i heimebasert omsorg. I stillinga inngår også heimehjelpsarbeid. Turnusarbeid på dag, kveld og kvar tredje helg. 21 % av stillinga er i fast turnus og 70 % er fast vikararbeid med arbeidsplan minimum 14 dagar fram.


Sak.17/1192

66 % vikariat som helsefagarbeidar i sone Strandebarm, ledig frå snarast – 31.08.18.
Arbeid i institusjon og ute i heimebasert omsorg. I stillinga inngår også heimehjelpsarbeid. Turnusarbeid på dag, kveld og kvar tredje helg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
-du må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
-du må kunne arbeida sjølvstendig og vera fleksibel
-ha førarkort for personbil
-du må beherska norsk skriftleg og munnleg

Me ønskjer at medarbeidarane i Kvam herad skal
• vera imøtekomande og serviceinnstilte
• ta ansvar og vera profesjonelle
• dela kompetanse og vera nytenkjande
• samarbeida med andre

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Kontaktpersonar: gruppeleiar Elisabeth Svåsand/Liv Berit Bru Eide, telefon 56553110 – 918 17 408, E-post: elisva@kvam.kommune.no eller liei@kvam.kommune.no

Me kan tilby
-løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
-gode pensjons-/og forsikringsordningar
-fagleg godt arbeidsmiljø

Søknadsfrist: 17. oktober 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.




Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Søknadssenter


Ledige sjukepleiarstillingar i Nattevaktsteamet

19. oktober 2017 kl. 15:15 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiararar til Nattevaktsteamet i Øystese

Vernepleiar - vikariat

19. oktober 2017 kl. 15:10 - Anne Vestrheim
Kalhagen bufellesskap søkjer vernepleiar til:

Helsefagarbeidar - natt

19. oktober 2017 kl. 15:05 - Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidar til vikariat i Nattevaktsteamet i Øystese.

Ringevikarar til barnehage

19. oktober 2017 kl. 15:00 - Anne Vestrheim
- vil du vera ringevikar hjå oss?


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no