Lenke til artikkelinnhald - Kommunepsykolog Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Vil du verta vår..
- Leiar ved Kvam r..
- Sjukepleiar i 80..
- Vernepleiar i 10..
- Sjukepleiar i 50..
- Kyrkjegardsarbei..
- Leiar for barnek..
- Ledige stillinga..
- Helsesøster - 10..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Kommunepsykolog

Utskriftsvenleg side Lagt ut 7. juni 2017 kl. 15:15 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Ynskjer du å vera med i satsinga på psykisk helse i kommunen? Kvam herad ligg i vakre Hardanger og har 8500 innbyggjarar. Me satsar på god psykisk helse gjennom førebygging, tidlig intervensjon og tverrfagleg samarbeid. Me søkjer no etter ein psykolog til avdeling Rus og psykisk helse. Målgruppa er vaksne over 18 år.

Sak. 17/831

Om stillinga:

Me har ledig 100 % fast stilling for psykologspesialist/psykolog frå snarast. Kommunen har fått tilskot frå Helsedirektoratet til rekruttering av psykolog til den kommunale helse- og omsorgstenesta. Psykologkompetansen skal bidra til å styrka det samla kommunale arbeidet på psykisk helse- og rusfeltet. Dette skal skje ved å bidra til førebygging og tidlig intervensjon, samarbeid med relevante aktørar i kommunen og spesialisthelsetenesta, samt behandling av psykiske vanskar og-/eller rusmiddelvanskar.

Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vert fordelt omtrent 50/50 mellom samfunnspsykologisk og allmennpsykologisk arbeid. Dette inneber følgjande oppgåver:

• Arbeida i team med tilsette i og utanfor avdelinga, med definerte og prioriterte oppgåver på individ-, gruppe- og befolkningsnivå
• Vurdering, kartlegging, behandling av vaksne med lette til moderate rus- og psykiske vanskar. Tilvising til spesialisthelsetenesta der dette vurderast som naudsynt
• Rettleiing, konsultasjon og tverrfagleg samarbeid internt i avdeling ROP og med andre aktuelle helse- og sosialfaglege aktørar
• Informasjon, opplæring og kompetansedeling innan feltet rus og psykisk helse internt i avdeling ROP og i kommunen som heile
• Delta i kommunen sitt samla arbeid innan folkehelse og førebygging, som gruppetilbod og befolkningsretta arbeid
Den som vert tilsett vil kunna medverka til å utvikla stillinga innan rammene nemnt over.

Utdanning og kvalifikasjonar:
• Norsk autorisasjon som psykologspesialist /psykolog
• Gjerne erfaring frå klinisk arbeid med vaksne, rettleiing og tverrfagleg praksis
• Nyutdanna med interesse for feltet vert også oppmoda til å søkja

Eigenskapar:
• Interesse og kompetanse innan folkehelse, førebygging og kommunalt psykisk helsearbeid
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• God formidlingsevne for rettleiing og undervisning/kurs
• Evne og interesse for utviklingarbeid og prosjektarbeid

Me ønskjer at medarbeidarar i Kvam herad skal:
• vera serviceinnstilt og imøtekomande
• ta ansvar og vera profesjonelle
• samarbeida med andre
• dela kompetanse og vera nytenkjande

Me tilbyr:
• Lønn etter avtale
• Støtte til spesialisering i samfunns- og allmennpsykologi, samt permisjon med lønn for å delta på kurs og rettleiing på denne vidareutdanninga
• Kommunepsykologen får høve til å delta i regionale og nasjonale nettverk
• Det vert lagt til rette for tett samarbeid med psykologspesialist som er kommunepsykolog for barn og unge, samt psykolog i PPT
• Tilsetjing frå snarast
• Gode pensjons- og forsikringsordningar

I avdeling rus og psykisk helse (ROP) er det 3,5 stilling som psykiatrisk sjukepleiar og 2 ruskonsulentar i 100 % stilling. I tillegg er det tilsett 2 miljøarbeidarar i 50 % stilling knytt opp mot dagtilbod.

Kontaktpersonar:
Leiar for avdeling rus og psykisk helse Anne Merete Flekstad Vik, tlf: 97603130, annevi@kvam.kommune.no
Kommunepsykolog Anna Mo-Bjørkelund, 95200535, anmb@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 25. juni 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Søknadssenter


Vil du verta vår nye fagansvarlege for vedlikehald av bygg?

22. juni 2017 kl. 15:35 - Anne Vestrheim
Avdelinga innan FDV bygg i Kvam herad er delt i forvaltning, drift, vedlikehald, reinhald, tekniske anlegg og utvikling. Bygg og eigedomsdrift er knytt til Teknisk eining, med totalt ca.50 tilsette. Denne stillinga har ansvar for planlegging og gjennomføring av vedlikehald på ca. 65.000m2 BRA med bygningsmasse, samt enkel prosjektering og byggeleiing. Då vår dyktige vedlikehaldsleiar snart pensjonerer seg, søkjer me no etter ein erstattar.

Leiar ved Kvam rehabiliterings- og behandlingsavdeling

22. juni 2017 kl. 15:30 - Anne Vestrheim
Søkjer du nye utfordringar? Spennande leiarstilling ledig.

Sjukepleiar i 80 % stilling

22. juni 2017 kl. 15:15 - Anne Vestrheim
Vil du bli med på laget? Me søkjer etter ny sjukepleiarkollega.

Vernepleiar i 100 % vikariat

22. juni 2017 kl. 15:10 - Anne Vestrheim
I Kalhagen bufellesskap søkjer me etter vernepleiar til ledig vikariat.

Sjukepleiar i 50 % stilling

22. juni 2017 kl. 15:04 - Anne Vestrheim
Me søkjer ny sjukepleiarkollega til ledig stilling ved avdeling "Firkløveren" i sone Norheimsund.

Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

19. juni 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss til hausten, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling, med tilsetjing 20. august 2017.
  • Søknadsfrist: 1. juli 2017.

Leiar for barnekor i Øystese

13. juni 2017 kl. 06:28 - Olav Skeie Lid, kyrkjeverje
Logo Kvam kyrkjer 20% stilling ledig frå 1. august. Minikor: 1.-3. klasse, Aspirantkor: 4.-7. klasse. Kora er tilslutta Ung Kyrkjesong.

Ledige stillingar i Kvam brann- og redningsteneste

7. juni 2017 kl. 14:40 - Anne Vestrheim
LogoKvam brann- og redningsteneste er organisert med deltidspersonell tilknytt brannstasjonane på Oma, i Norheimsund, Øystese og i Ålvik. Oma har ikkje vaktordning, men heile styrken vert kalla ut ved varsling. I samband med høgtider og feriar vert styrken organisert med vakt. Beredskapsområdet er ytre del av heradet, frå Ljones til grensa mot Kvinnherad og mot Fusa. Styrken er pr. i dag på 11 personar. Norheimsund og Øystese har kontinuerleg dreiande vaktordning. Beredskapsstyrken er organisert med 5 vaktlag, kvart på 5 personar. Styrken er pr. i dag på 24 personar. Beredskapsområdet er midtre del av heradet – avgrensa mot vest til grensa mot Samnanger. For Ålvik har Kvam sløkkjeavtale med Elkem Bjølvefossen A/S, utan vaktordning, men heile styrken vert kalla ut ved varsling. Beredsskapsområdet er indre del av heradet, frå Fykse til grensa mot Granvin. Styrken er pr. i dag på 16 personar.

Helsesøster - 100 % vikariat

2. mai 2017 kl. 10:00 - Anne Vestrheim
Helsestasjonar og skulehelseteneste i Kvam er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Me har ansvar for skulehelsetenesta på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, samt helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine. Me søkjer helsesøster til ledig vikariat:


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no