Lenke til artikkelinnhald - Brannkonstabel - ledige stillingar i Kvam brann- og redningstenesteLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Helgestillingar ..
- Helgestillingar ..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Brannkonstabel - ledige stillingar i Kvam brann- og redningsteneste


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 7. juni 2017 kl. 14:40 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
LogoKvam brann- og redningsteneste er organisert med deltidspersonell tilknytt brannstasjonane på Oma, i Norheimsund, Øystese og i Ålvik.
Oma har ikkje vaktordning, men heile styrken vert kalla ut ved varsling. I samband med høgtider og feriar vert styrken organisert med vakt. Beredskapsområdet er ytre del av heradet, frå Ljones til grensa mot Kvinnherad og mot Fusa. Styrken er pr. i dag på 11 personar.
Norheimsund og Øystese har kontinuerleg dreiande vaktordning. Beredskapsstyrken er organisert med 5 vaktlag, kvart på 5 personar. Styrken er pr. i dag på 24 personar.
Beredskapsområdet er midtre del av heradet – avgrensa mot vest til grensa mot Samnanger.
For Ålvik har Kvam sløkkjeavtale med Elkem Bjølvefossen A/S, utan vaktordning, men heile styrken vert kalla ut ved varsling. Beredsskapsområdet er indre del av heradet, frå Fykse til grensa mot Granvin. Styrken er pr. i dag på 16 personar.

Sak.17/843
Kvam brann- og redningsteneste har ledig ei deltidsstilling som brannkonstabel ved Oma stasjon og to stillingar ved Norheimsund.


Naudsynleg opplæring er eit sentralt krav, og ein må vera førebudd på å be om fri/permisjon frå sitt faste arbeid for å gjennomføre deler av denne.

Fylgjande krav vert stilt til søkjar:
*Bør ikkje vera over 40 år
*Må bu og det er føremon at du har ditt daglege arbeid i same bygda brannstasjonen ligg i. Det er krav om innsatstid på 10 minuttar
*Dokumentert løyve frå arbeidsgjevar for å delta i brannvernet må leggjast fram
*Må ta del i den opplæring som det vert stilt krav om
*Må ha tilfredsstillande helseattest, også for røykdykking
*Det vert stilt fysiske krav for tenesta som må stettast, eller vera stetta innan 6 mnd.
*Søkjar med utvida førarkort i kl. C vert føretrekt. Alternativt må ein vera villig til å tileigna seg dette.

Mannskap i alle brann- og redningstenester skal ha motivasjon til å hjelpa folk, vera innstilt på og må samarbeida med sine kollegaer i brann- og redningstenesta, ambulansen, politiet og andre under øving og innsats!

Den som får tilbod om stilling, må vera førebudd på å leggja fram utvida politiattest.

Nærare opplysningar får du ved å kontakta:
Brannsjef Bjørn Johansen - 56 55 31 55 / 977 71 110, epost: bjjo@kvam.kommune.no
eller varabrannsjef Arthur Strømme - 56 55 31 93 / 95 72 12 06, epost: arst@kvam.kommune.no

Me kan tilby:
Ei spennande stilling med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem
Godt arbeidsmiljø

Søknadsfrist: 31. juli 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA).

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.






Lenke: http://felles
Søknadssenter


Helgestillingar - Mikkjelsflaten

10. august 2017 kl. 15:42 - Anne Vestrheim
Helgestillingar ved Mikkjelsflaten/gruppe 1 i sone Øystese.

Helgestillingar - Avlastninga

10. august 2017 kl. 15:10 - Anne Vestrheim
Helgestillingar ved omsorgs- /og avlastningsbustad i Pleie og omsorg - sone Øystese.


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no