Lenke til artikkelinnhald - FørskulelærararLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Sjukepleiar - 10..
- Sjukepleiar - 85..
- Helsefagarbeidar..
- Sommarjobb i Ple..
- Sommarjobb ved K..
- Sommarjobb i Fer..
- Sommarjobb i Par..
- Hardangerrådet s..
nyhende
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Førskulelærarar

Utskriftsvenleg side Lagt ut 27. april 2012 kl. 10:30 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Kvam herad har 10 barnehagar plassert frå Ålvik til Oma. Me har over hundre tilsette og me ønskjer oss fleire med på laget.


Saknr.12/568
Me søkjer førskulelærarar og kan tilby fast stilling eller vikariat. Me vil vera svært fleksible når det gjeld ønskje om stillingsstorleik. Oppmodar menn om å søkja.

Me søkjer deg som er glad i å arbeida med born både innomhus og i friluft. Du må ha godkjent utdanning som førskulelærar.

Meir informasjon om barnehagane våre finn du på: http://www.kvam.no/barnehage/

Kvam herad kan tilby:
Lokalt rekrutteringstillegg kr 30 000 for dei med mindre enn 10 års lønsansiennitet
Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem
Vi tilbyr deg ein interessant og utviklande jobb i gode arbeidsmiljø og eit godt fagmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Ønskjer du og jobba som førskulelærar i Kvam herad og vil vite meir ?

Ta kontakt med: Barnehagesjef Mali Grete N. Aksnes, tlf. 56 55 30 55 – 971 77 627

Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Søknaden skal sendast via vårt digitale søknadssenter
Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen.Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert
Søknadssenter


Sjukepleiar - 100% stilling

19. februar 2015 kl. 15:33 - Anne Vestrheim
Pleie og omsorg – Ålvik søkjer sjukepleiar

Sjukepleiar - 85% vikariat

19. februar 2015 kl. 15:30 - Anne Vestrheim
Pleie og omsorg – Strandebarm søkjer sjukepleiar

Helsefagarbeidar

19. februar 2015 kl. 15:25 - Anne Vestrheim
Pleie og omsorg – Strandebarm søkjer helsefagarbeidar

Sommarjobb i Pleie og omsorg

12. februar 2015 kl. 12:20 - Anne Vestrheim
Vil du vera ferievikar? Ønskjer du ein meiningsfull sommarjobb i heimetenesta, i institusjon, i bustad for menneske med utviklingshemming eller på dagsenter ?

Sommarjobb ved Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling

12. februar 2015 kl. 12:15 - Anne Vestrheim
Vil du vera ferievikar?

Sommarjobb i Ferieklubben

12. februar 2015 kl. 12:05 - Anne Vestrheim
Har du lyst på ein aktiv sommarjobb saman med barn?

Sommarjobb i Parkvesenet

12. februar 2015 kl. 12:00 - Anne Vestrheim
Likar du fysisk arbeid ute i frisk luft?

Hardangerrådet søkjer dagleg leiar

20. januar 2015 kl. 09:59 - Trude Rinaldo
Hardangerrådet søkjer dagleg leiar Hardangerrådet iks er interkommunalt samarbeidsorgan og Regionråd for dei 7 kommunane/herada Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam Odda, Ullensvang og Ulvik. Dagleg leiar er ansvarleg for dagleg drift og utviklingsarbeidet i Hardangerrådet iks og rapporterer til styret og til Representantskapet/Regionrådet. Hardangerrådet har to fast tilsette og leiger inn prosjektmedarbeidarar etter behov.



SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no