
|
Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /
Førskulelærarar
|
Lagt ut 27. april 2012 kl. 10:30 av Anne Vestrheim

|
Kvam herad har 10 barnehagar plassert frå Ålvik til Oma. Me har over hundre tilsette og me ønskjer oss fleire med på laget.
|
|
Saknr.12/568 Me søkjer førskulelærarar og kan tilby fast stilling eller vikariat. Me vil vera svært fleksible når det gjeld ønskje om stillingsstorleik. Oppmodar menn om å søkja.
Me søkjer deg som er glad i å arbeida med born både innomhus og i friluft. Du må ha godkjent utdanning som førskulelærar.
Meir informasjon om barnehagane våre finn du på: http://www.kvam.no/barnehage/
Kvam herad kan tilby: Lokalt rekrutteringstillegg kr 30 000 for dei med mindre enn 10 års lønsansiennitet Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem Vi tilbyr deg ein interessant og utviklande jobb i gode arbeidsmiljø og eit godt fagmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Ønskjer du og jobba som førskulelærar i Kvam herad og vil vite meir ?
Ta kontakt med: Barnehagesjef Mali Grete N. Aksnes, tlf. 56 55 30 55 – 971 77 627
Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Søknaden skal sendast via vårt digitale søknadssenter Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen.Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert
|
|
|
|
|  |

|