Lenke til artikkelinnhald - Kyrkjegardsarbeidar i  100% stillingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Helsefagarbeidar..
- Kinoassistent..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 18. september 2017 kl. 09:41 av Olav Skeie Lid
logo
Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling med tilsetjing snarast.
  • Søknadsfrist: 6. oktober 2017.


Arbeidsoppgåver

  • Primæroppgåva er å ha ansvar for å opna og kasta att graver ved våre 6 kyrkjegardar. Det er om lag 100 gravferder i Kvam kvart år.
  • I tillegg vil stillinga innebera anna drifts- og vedlikehaldsansvar på kyrkjegardane i Kvam.
  • Kyrkjegardsarbeidaren vil også samarbeida tett med kyrkjetenarane om vedlikehaldsarbeid på kyrkjene våre.


Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og robust
  • Du er sjølvstendig.
  • Du har stå-på-vilje og godt humør
  • Du må til tider tola periodar med stort press i arbeidet
  • Du har evne til møta menneske i sårbare livssituasjonar


Arbeidsstad – og vilkår

  • Oppmøtestad er Øystese kyrkjegard.
  • Du disponerer fellesrådet sin bil i arbeidet, samt minigravar på hengjar.


Kvalifikasjonar

  • Sertifikat kl B, samt for biltilhengjar
  • Evne til å arbeida nøyaktig og trygt, og utføra arbeidet med høg kvalitet.
  • Erfaring med praktisk arbeid
  • Kreativ og konstruktiv i møte med utfordringar
  • Ein stor fordel om du er maskinkunnig


Me tilbyr

  • Gode forsikrings- og pensjonsordninger.
  • Løn etter tariffavtale/kvalifikasjonar
  • Gode medarbeidarar


Vanlege lover og reglar innan arbeidslivet og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon sitt tariffområde gjeld. Pensjonsordning i KLP, Prøvetid: 6 mnd.

Spørsmål kan rettast til:
Kyrkjeverja i Kvam, telefon 56551745, mob: 41400035, e-post: kyrkjeverje@kvam.kyrkjer.net.

Søknad med kopi av vitnemål og CV kan sendast til:

Kyrkjeleg fellesråd i Kvam
Postboks 39, 5601 Norheimsund



Helsefagarbeidar – 70 % stilling

28. november 2017 kl. 10:28 - Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidar til ledig stilling ved Mikkjelsflaten omsorgsbustadar.

Kinoassistent

28. november 2017 kl. 00:00 - Anne Vestrheim
Stilling som assistent ledig frå 1.1.18. Stillinga er for tida knytt til arbeid ved Kvam kino i Norheimsund.


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no