Lenke til artikkelinnhald - Ledige stillingarLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | POSTLISTE / INNSYN | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Sjukepleiarar – ..
- Helsefagarbeidar..
- Vil du bli vår n..
nyhende
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Sjukepleiarar – nattevakt

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. juli 2016 kl. 22:59 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Me søkjer sjukepleiarar til nattevaktsteamet i Pleie og omsorg – sone Øystese.

Det er ledig fleire sjukepleiarstillingar frå 1. september 2016. Stillingane har for tida base i nattevaktsteamet i sone Øystese.

Sak.16/1885

80% vikariat natt – t.o.m.31.12.2016
59% vikariat natt – t.o.m.31.12.2016
54% vikariat natt – t.o.m.31.12.2016
25% fast stilling natt

*Skriv i søknaden kva stillingsstorleik du søkjer på

Hovudarbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene er varierande og det er ein føresetnad at den som vert tilsett er villig til å jobba i dei ulike avdelingane: eldreomsorg, omsorg for menneske med psykisk utviklingshemming og avdeling for rus og psykiatri.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Du må beherske norsk skriftleg og munnleg.
Du må kunne arbeida sjølvstendig og vera fleksibel.
Me søkjer deg som har interesse for, og/eller erfaring med demensomsorg, psykisk utviklingshemming eller rus/psykiatri.

Me ønskjer at tilsette i Kvam herad er:
• Serviceinnstilt og imøtekomande
• Tek ansvar og er profesjonelle
• Samarbeider med andre
• Deler kompetanse og er nytenkjande

* Ved nytilsetjing skal den tilsette levere politiattest utan merknader, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.

Kontaktperson: gruppeleiar Margunn Lofthus 56558505– 974 84 612
E-post: marlof@kvam.kommune.no

Me tilbyr:
Ei utfordrande stilling der du får arbeida innan ulike fagområde
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Søknadsfrist: 16. august 2016

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Søknadssenter


Helsefagarbeidarar – nattevakt

Lagt ut 9. juli 2016 kl. 22:27 av Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidarar til faste stillingar i Nattevaktsteamet i Pleie og omsorg – Øystese.

Vil du bli vår nye driftsoperatør?

Lagt ut 20. juni 2016 kl. 16:00 av Anne Vestrheim
VA avdelinga i Kvam herad har 6 tilsette (4 driftsoperatørar, driftsleiar VA og VA-ingeniør) og har ansvaret for drift og vedlikehald av VA anlegga i heradet, samt prosjektering og byggeleiing. Kvam herad vil i tida framover stå overfor fleire store utbyggings, vedlikehalds og saneringsoppgåver innan VA sektoren og søkjer:

Sjukepleiarar – nattevakt

9. juli 2016 kl. 22:59 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiarar til nattevaktsteamet i Pleie og omsorg – sone Øystese.

Helsefagarbeidarar – nattevakt

9. juli 2016 kl. 22:27 - Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidarar til faste stillingar i Nattevaktsteamet i Pleie og omsorg – Øystese.


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no