Lenke til artikkelinnhald - Ledige stillingarLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Vil du verta vår..
- Leiar ved Kvam r..
- Sjukepleiar i 80..
- Vernepleiar i 10..
- Sjukepleiar i 50..
- Kyrkjegardsarbei..
- Leiar for barnek..
- Ledige stillinga..
- Helsesøster - 10..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Vil du verta vår nye fagansvarlege for vedlikehald av bygg?

Utskriftsvenleg side Lagt ut 22. juni 2017 kl. 15:35 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Avdelinga innan FDV bygg i Kvam herad er delt i forvaltning, drift, vedlikehald, reinhald, tekniske anlegg og utvikling. Bygg og eigedomsdrift er knytt til Teknisk eining, med totalt ca.50 tilsette. Denne stillinga har ansvar for planlegging og gjennomføring av vedlikehald på ca. 65.000m2 BRA med bygningsmasse, samt enkel prosjektering og byggeleiing. Då vår dyktige vedlikehaldsleiar snart pensjonerer seg, søkjer me no etter ein erstattar.

Sak. 17/924

100 % stilling som fagansvarleg vedlikehald bygg ledig frå april 2018, men med tilsetjing snarast for å gjennomgå opplæring og i tillegg fungera som byggjeleiar i pågåande prosjekt og bygningsregistrering i IK-Bygg.

Hovudarbeidsoppgåvene vil vera knytt til vedlikehald av kommunale bygg, og utvendige anlegg ved desse, blant anna:
• Ansvar for kontroll og planlegging for vedlikehald av alle kommunale bygg
• Ansvar for kontroll og planlegging for vedlikehald av alle uteområda til kommunale bygg
• Gjennomføra budsjetterte oppgraderingar, inkl. tilbodsrundar og kontrahering
• Registrering og oppdatering av EDB basert vedlikehaldsprogram
• Delta i vaktordning for FDV bygg kan verta aktuelt
• Ansvar for arbeidsfordeling av oppgåver, materialinnkjøp og budsjett

Kvalifikasjonar:
• Erfaring med liknande arbeidsoppgåver
• Fag-/ sveinebrev/ mesterbrev og evt. ingeniørutdanning innan byggfag
• Leiarerfaring, god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
• Sertifikat klasse B er eit krav, ynskje om BE eller helst C1E
• Stillasbyggjarbevis, liftkurs etc. er ynskjeleg
• Det er eit krav om god datakunnskap

Personlege eigenskapar:
• Gje tydeleg retning og ha interesse for fagfeltet
• Konstruktiv og vera initiativtakar
• Evne til å motivera medarbeidarar
• Bruka tid på leiing, vera eit førebilete
• Ha resultatfokus – effektiv, pliktoppfyllande og lojal
• Endringsvilje, serviceinnstilt og samarbeidsvillig på tvers av fag

Me kan tilby:
• Varierte, spanande og utfordrande oppgåver på ein triveleg arbeidsplass
• Inspirerande kontakt med ulike brukarar, kollegaer og samarbeidspartnarar
• Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og lokalt lønnssystem
• Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til:
Stein Rykkje - leiar FDV bygg, tlf. 414 40 285, epost: steryk@kvam.kommune.no
Lars Ese Ur - teknisk sjef, tlf. 979 55 054, epost: laesur@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 6. august 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.






Søknadssenter


Leiar ved Kvam rehabiliterings- og behandlingsavdeling

Lagt ut 22. juni 2017 kl. 15:30 av Anne Vestrheim
Søkjer du nye utfordringar? Spennande leiarstilling ledig.

Sjukepleiar i 80 % stilling

Lagt ut 22. juni 2017 kl. 15:15 av Anne Vestrheim
Vil du bli med på laget? Me søkjer etter ny sjukepleiarkollega.

Vernepleiar i 100 % vikariat

Lagt ut 22. juni 2017 kl. 15:10 av Anne Vestrheim
I Kalhagen bufellesskap søkjer me etter vernepleiar til ledig vikariat.

Sjukepleiar i 50 % stilling

Lagt ut 22. juni 2017 kl. 15:04 av Anne Vestrheim
Me søkjer ny sjukepleiarkollega til ledig stilling ved avdeling "Firkløveren" i sone Norheimsund.

Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

Lagt ut 19. juni 2017 kl. 09:41 av Olav Skeie Lid
logo
Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss til hausten, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling, med tilsetjing 20. august 2017.
  • Søknadsfrist: 1. juli 2017.

Leiar for barnekor i Øystese

Lagt ut 13. juni 2017 kl. 06:28 av Olav Skeie Lid, kyrkjeverje
Logo Kvam kyrkjer
20% stilling ledig frå 1. august. Minikor: 1.-3. klasse, Aspirantkor: 4.-7. klasse. Kora er tilslutta Ung Kyrkjesong.

Ledige stillingar i Kvam brann- og redningsteneste

Lagt ut 7. juni 2017 kl. 14:40 av Anne Vestrheim
LogoKvam brann- og redningsteneste er organisert med deltidspersonell tilknytt brannstasjonane på Oma, i Norheimsund, Øystese og i Ålvik.
Oma har ikkje vaktordning, men heile styrken vert kalla ut ved varsling. I samband med høgtider og feriar vert styrken organisert med vakt. Beredskapsområdet er ytre del av heradet, frå Ljones til grensa mot Kvinnherad og mot Fusa. Styrken er pr. i dag på 11 personar.
Norheimsund og Øystese har kontinuerleg dreiande vaktordning. Beredskapsstyrken er organisert med 5 vaktlag, kvart på 5 personar. Styrken er pr. i dag på 24 personar.
Beredskapsområdet er midtre del av heradet – avgrensa mot vest til grensa mot Samnanger.
For Ålvik har Kvam sløkkjeavtale med Elkem Bjølvefossen A/S, utan vaktordning, men heile styrken vert kalla ut ved varsling. Beredsskapsområdet er indre del av heradet, frå Fykse til grensa mot Granvin. Styrken er pr. i dag på 16 personar.

Helsesøster - 100 % vikariat

Lagt ut 2. mai 2017 kl. 10:00 av Anne Vestrheim
Helsestasjonar og skulehelseteneste i Kvam er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Me har ansvar for skulehelsetenesta på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, samt helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine.

Me søkjer helsesøster til ledig vikariat:

Vil du verta vår nye fagansvarlege for vedlikehald av bygg?

22. juni 2017 kl. 15:35 - Anne Vestrheim
Avdelinga innan FDV bygg i Kvam herad er delt i forvaltning, drift, vedlikehald, reinhald, tekniske anlegg og utvikling. Bygg og eigedomsdrift er knytt til Teknisk eining, med totalt ca.50 tilsette. Denne stillinga har ansvar for planlegging og gjennomføring av vedlikehald på ca. 65.000m2 BRA med bygningsmasse, samt enkel prosjektering og byggeleiing. Då vår dyktige vedlikehaldsleiar snart pensjonerer seg, søkjer me no etter ein erstattar.

Leiar ved Kvam rehabiliterings- og behandlingsavdeling

22. juni 2017 kl. 15:30 - Anne Vestrheim
Søkjer du nye utfordringar? Spennande leiarstilling ledig.

Sjukepleiar i 80 % stilling

22. juni 2017 kl. 15:15 - Anne Vestrheim
Vil du bli med på laget? Me søkjer etter ny sjukepleiarkollega.

Vernepleiar i 100 % vikariat

22. juni 2017 kl. 15:10 - Anne Vestrheim
I Kalhagen bufellesskap søkjer me etter vernepleiar til ledig vikariat.

Sjukepleiar i 50 % stilling

22. juni 2017 kl. 15:04 - Anne Vestrheim
Me søkjer ny sjukepleiarkollega til ledig stilling ved avdeling "Firkløveren" i sone Norheimsund.

Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

19. juni 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss til hausten, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling, med tilsetjing 20. august 2017.
  • Søknadsfrist: 1. juli 2017.

Leiar for barnekor i Øystese

13. juni 2017 kl. 06:28 - Olav Skeie Lid, kyrkjeverje
Logo Kvam kyrkjer 20% stilling ledig frå 1. august. Minikor: 1.-3. klasse, Aspirantkor: 4.-7. klasse. Kora er tilslutta Ung Kyrkjesong.

Ledige stillingar i Kvam brann- og redningsteneste

7. juni 2017 kl. 14:40 - Anne Vestrheim
LogoKvam brann- og redningsteneste er organisert med deltidspersonell tilknytt brannstasjonane på Oma, i Norheimsund, Øystese og i Ålvik. Oma har ikkje vaktordning, men heile styrken vert kalla ut ved varsling. I samband med høgtider og feriar vert styrken organisert med vakt. Beredskapsområdet er ytre del av heradet, frå Ljones til grensa mot Kvinnherad og mot Fusa. Styrken er pr. i dag på 11 personar. Norheimsund og Øystese har kontinuerleg dreiande vaktordning. Beredskapsstyrken er organisert med 5 vaktlag, kvart på 5 personar. Styrken er pr. i dag på 24 personar. Beredskapsområdet er midtre del av heradet – avgrensa mot vest til grensa mot Samnanger. For Ålvik har Kvam sløkkjeavtale med Elkem Bjølvefossen A/S, utan vaktordning, men heile styrken vert kalla ut ved varsling. Beredsskapsområdet er indre del av heradet, frå Fykse til grensa mot Granvin. Styrken er pr. i dag på 16 personar.


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no