Lenke til artikkelinnhald - KunngjeringLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
- Varsel om oppsta..
- Melding om oppst..
- Melding om oppst..
- Melding om oppst..
- Innsamling av ar..
- Opningstider i T..
ledige stillingar
nyhende
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / kunngjering /

Varsel om oppstart regulering og planprogram på høyring - Busdalen/Meierihola/Grustaket/Øysteseelva

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. september 2014 kl. 12:00 av Åsta Gjelland

Sweco Norge AS skal på vegne av Kvam herad utarbeide framlegg til regulering

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8, 12-9 og 14-2 og Forskrift om konsekvensutgreiing vert det varsla oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for detaljreguleringsplan med tilhøyrande konsekvensutgreiing for Busdalen/Meierihola/Grustaket/Øysteseelva, like nord for Øystese sentrum i Kvam Herad. Samstundes vil også alternativstudie som er utarbeida for planområdet vere offentleg tilgjengeleg for interesserte partar.

Planområdet ligg like nord for Øystese sentrum i Kvam Herad, og er avgrensa som vist på kartet nedanfor:
Kart


Føremål
Føremålet med planarbeidet er at kommunen ynskjer å fastleggja arealbruken i det aktuelle området med mellom anna tilrettelegging av næringsareal som dekkjer framtidig behov i Øystese, fastleggja framtidig trasé for FV130 gjennom planområdet, vurdere mogelegheiter for fleire sentrumsnære bustader og avklare arealbruk i høve til konsesjonssøknader som er under handsaming for kraftverkutbygging i og ved området.

Høyring av planprogram
Forslag til planprogram er i tidsrommet 9.9.2014 - 28.10.2014 lagt ut på følgjande stader: Rådhuset i Norheimsund, samt på Kvam Herad si heimeside www.kvam.kommune.no Kvam Herad fastset det endelege programmet for den påfølgjande plan- og konsekvensutgreiinga.

Planprogram


Alternativstudie
I tillegg til planprogram er det utarbeida ein alternativstudie for planområdet i eigen rapport. Denne rapporten vil liggje offentleg tilgjengeleg saman med planprogrammet i høyringsperioden.

Alternativstudie veg

Oversiktskart vegalternativ


Merknadar til reguleringsplanen og planprogrammet som har tyding for planarbeidet kan sendast til:

Sweco Norge AS
v/arealplanleggar Eva-Beate Rundereim Torsvik
Storetveitvegen 98
5072 Bergen

eller på e-post: eva-beate.torsvik@sweco.no

Frist for innspel er 28. oktober 2014.

Spørsmål kan rettast til Eva-Beate Rundereim Torsvik tlf: 55 27 50 00

Forslagsstillar er Kvam Herad



Varsel om oppstart regulering og planprogram på høyring - Busdalen/Meierihola/Grustaket/Øysteseelva

9. september 2014 kl. 12:00 - Åsta Gjelland

Sweco Norge AS skal på vegne av Kvam herad utarbeide framlegg til regulering

Melding om oppstart privat regulering - gnr 19 bnr 6 m.fl. Gråsteindalen, Kvamskogen

9. september 2014 kl. 09:31 - Åsta Gjelland
Geoplan AS skal på vegne av Alf Bjarne H. Steine utarbeide framlegg til regulering

Melding om oppstart privat regulering – gnr 21 bnr 5 m.fl. Tryglakleiv, Kvamskogen

5. september 2014 kl. 08:00 - Åsta Gjelland
Geoplan AS skal på vegne av Bertil Ove Skeie utarbeide framlegg til regulering

Melding om oppstart privat regulering - Bakka-Breievne

29. august 2014 kl. 15:11 - Trond Inge Brakestad
Geoplan AS skal på vegne av Hardanger fiskeforedling AS utarbeide framlegg til regulering

Innsamling av arkivmateriale frå lag- og organisasjonar

28. januar 2014 kl. 10:00 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne arkivera dette materialet.




FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no