Lenke til artikkelinnhald - Årleg samarbeidsmøte mellom kommunelegane og MattilsynetLenke til artikkelinnhald
A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LEDIGE_STILLINGAR | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Kortversjon av T..
- Offentleg etters..
- Kor mange glas t..
- Høyring - Framti..
- Innsamling av pl..
- Ferieklubben 201..
- Kvam er ein av f..
- Informasjon knyt..
- Opningstider i T..
fotoalbum
kalender
logg inn/ mi side

Nettkalender
Onsdag 22.05.2013:
Lagsaktivitet 18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling. .
Kino, toppramme
Kinoplakat
Kino, botnramme
Kino 20:00 PREMIERE: The Great Gatsby..

Nyinnspilling av den verdenskjente boka til F. Scott Fitzgerald med Leonardo DiCaprio og Carey Mulligan, fra den verdenskjente regissøren av Romeo og Julie og Moulin Rouge, Baz Luhrmann. 11 år. Kr
Torsdag 23.05.2013:
Anna 10:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
Utstilling 11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland sin kunst. Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet. Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
Anna 12:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
Utstilling 14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema kor ein er. Kurator: Kjetil Berge Kunstnarar: Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
Anna 15:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
Lagsaktivitet 18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling. .
Idrett 19:00 1 bane reservert - Kleppetrening..
.
Kino, toppramme
Kinoplakat
Kino, botnramme
Kino 20:00 Kompani Orheim (Gratis framsyning i samband med kampanjen «Kor mange glas tåler barnet ditt?»)..


Fredag 24.05.2013:
Anna 10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
Anna 10:00 Kvam bibliotek - Ålvik..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
Utstilling 11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland sin kunst. Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet. Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
Anna 12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
Utstilling 14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema kor ein er. Kurator: Kjetil Berge Kunstnarar: Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
Idrett 17:00 Hallen reservert..
Olav Tjosås leiger hallen frå 17 til 19. Vakt: Finn.
Kino, toppramme
Kinoplakat
Kino, botnramme
Kino 20:00 PREMIERE: Fast & Furious 6..

Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Årleg samarbeidsmøte mellom kommunelegane og Mattilsynet

Utskriftsvenleg side Lagt ut 30. mai 2012 kl. 14:08 av Marit O. Øvregård - Mattilsynet
MS Rotterdam ved kai i EidfjordI 2007 vart det utarbeidd retningslinjer for samarbeid mellom kommunane og Mattilsynet sine distriktskontor. Retningslinjene vart laga av Folkehelseinstituttet og Mattilsynet i fellesskap. Formålet var å etablera klare forpliktande rutinar som sikrar effektiv varsling, informasjonsflyt og samarbeid mellom Mattilsynet og kommunelegane, i saker som gjeld smittsame sjukdommar som kan overføras til menneskjer frå matvarer, drikkevarer, drikkevatn, dyr og andre kjelder innan Mattilsynet sine forvaltningsområde.

Populært turistmål


Mattilsynet sitt distriktskontor for Hardanger og Voss hadde 24. mai sitt årlege møte med kommunelegane i distriktet. Årets møte vart arrangert i Eidfjord, og kommunelege Reidar Gjøtterud var vert. Tema for møtet var felles problemstillingar knytt til cruisehamna i Eidfjord; drikkevatn, avfallshandtering, kloakk, utbrot av smittsame sjukdomar og kjæledyr om bord.

Eidfjord har vore eit populært mål for turistar og cruisebåtar sidan slutten av 1800-talet. 45 båtar vitja hamna i fjor, og etter planen vil det totalt bli 55 båtar i år. Interessa er aukande, og det er no sett ei øvre grense på 4000 besøkande per dag.

Det har ikkje vore store smitteutbrot om bord på vitjande båtar i Eidfjord, men det har vore hendingar der det har vore naudsynt å samarbeida med lokale helsemyndigheiter.

MS Rotterdam


Tidlegare i år sendte Mattilsynet sitt distriktskontor ein førespurnad til Holland American Line om det var mogleg med eit besøk om bord på MS Rotterdam, som skulle ligge ved kai på møtedagen. Det amerikanske reiarlaget var positive til førespurnaden, og la godt til rette for ein god fagleg gjennomgang knytt til møtetemaet.

MS Rotterdam har 1200 passasjerar og 600 tilsette. Reiarlaget er særs opptekne av miljøet, også om bord på båtane sine. Alle båtane deira har tilsette om bord som har miljø, helse og sikkerheit som sitt ansvarsområde – såkalla SEH Officer. Jonathan Mark Bailey er SEH Officer på MS Rotterdam, og han gav møtedeltakarane ei grundig gjennomgang av både kjøkenet, legekontoret, kontrollrommet, avfallshandteringa og andre meir innbydande fasilitetar på båten.


Avfall og vatn


Noko Jonathan Mark Bailey peikte på var at mottak av sortert avfall ikkje er godt utbygt i mange hamner i Europa. MS Rotterdam sorterer alt avfall. Rundt omkring på båten er det sorteringsstasjonar for gjestene, og båten har ein eigen avdeling som arbeider med sortering og reinsing av avfall. Matrestane vert kverna opp og sleppt i sjøen, dette skjer utanfor 12 mils grensa.

Når det gjeld vatn så fyller dei vatn frå godkjente vassverk på land, og tek eigne prøvar for å sjekke kvaliteten. Alt vatn vert klorert. Dei tek òg sjøvatn om bord, som vert varma opp under vakuum og seinare kondensert. Denne prosessen fører til avsalting av vatnet.

Smittsame sjukdomar


Noroviruset er ein gjengangar på båtar med mange passasjerar. Reiarlaget har sett i verk fleire tiltak for å minska fare for utbrot, mellom anna stasjonar for handdesinfeksjon som er plasserte ved landgang ute på kaia og ved restaurantar og toalett om bord. Eit anna tiltak er isolasjon i samband med utbrot. Utbrot av smittsame sjukdommar vert òg rapportert til neste hamn, slik at lokale myndigheiter er informerte.

MS Rotterdam har òg eit eige legekontor, som fungerer som ein liten klinikk. Klinikken følgjer amerikansk lov og har fire tilsette, to legar og to sjukepleiarar.

Dyr var det få av på båten då einaste dyr som får lov å koma om bord på MS Rotterdam er førarhundar og hundar som varslar epileptiske anfall blant passasjerane..

Lov og tilsyn


Alle leiarar, og tilsette som handterer mat, må gjennomføre eit internettkurs og ta ein eksamen om vatn, mat og hygiene før dei tek til arbeidet. Det er fyrst og fremst lova i USA båtane til reiarlaget må forholda seg til. Om lovverket i besøkslandet er strengare enn amerikansk lov, vert den lokale lova fylgt. Tilsyn om bord skjer vanlegvis når dei ligg ved kai i USA, men dei er òg førebudde på å få tilsyn når dei ligg ved kai mellom anna i Noreg.

Matnytting kunnskap


Kjennskap til korleis det fungerer om bord på store turistbåtar er særs nyttig om det skulle oppstå situasjonar når cruiseskip er i norske farvatn. Det er ofte båtane sjølv som varslar lokale myndigheiter på førehand om det skulle vere tilfelle der assistanse frå land er ynskja.
(Frå venstre) Ragnhild Askeland Bøe (Mattilsynet), Gunnar Hetland (Granvin), Unni Solem (Ulvik), Jonathan M. Bailey (MS Rotterdam), Ole Thorseth (Vaksdal), Richard Jacobsen (Voss), Harald Ramm Salbu (Samnanger), Ole Christian Bjørgo (Mattilsynet), Arne Valland (Mattilsynet), Torhild Solheim (Odda), Arne Aksnes (Kvam) og Reidar Gjøtterud (Eidfjord).

BILETE: (Frå venstre) Ragnhild Askeland Bøe (Mattilsynet), Gunnar Hetland (Granvin), Unni Solem (Ulvik), Jonathan M. Bailey (MS Rotterdam), Ole Thorseth (Vaksdal), Richard Jacobsen (Voss), Harald Ramm Salbu (Samnanger), Ole Christian Bjørgo (Mattilsynet), Arne Valland (Mattilsynet), Torhild Solheim (Odda), Arne Aksnes (Kvam) og Reidar Gjøtterud (Eidfjord).

FOTOGRAF: Marit O. Øvregård


Kortversjon av Trafikksikringsplan for Kvam 2012-2015

21. mai 2013 kl. 11:00 - Tore Skeie
Trafikksikringsplan for Kvam 2012-2015 vart godkjend i Heradsstyret 11.12.2012. Ein kort-versjon av denne i papir-format er lagt ut på alle kommunale bibliotek i Kvam samt på fellessekretariatet på rådhuset. Den som er interessert, kan venda seg dit for å få tak i brosjyren. Den digitale versjonen finn du også ved å klikka på lenka i denne artikkelen.

Offentleg ettersyn - reguleringsplan for Sandvendalen, gnr 11 bnr 471

21. mai 2013 kl. 08:58 - Heidi E. Ørjansen
Nærings-, plan- og bygningsutvalet vedtok den 02.05.2013 sak 042/13 å legge reguleringsplan for Sandvendalen, gnr 11 bnr 471, Norheimsund ut til offentleg ettersyn.

Kor mange glas tåler barnet ditt?

19. mai 2013 kl. 13:45 - Bjørnar Dagstad
Av og til-kampanje Sommaren er rett rundt hjørna. Nordmenn drikk meir enn elles i den varme årstida. I desse dagar set Kvam herad difor fokus på alkoholbruk rundt born og unge. Når me har fri og temperaturen stig drikk me også meir alkohol. Dette kan få uheldige konsekvensar. Mange born og unge opplever kvart år at sommarferien vert påverka av vaksne sitt alkoholkonsum.

Høyring - Framtidas organisering av barnehagen i Kvam

16. mai 2013 kl. 11:01 - Astrid-Anett Steine
Rådmannen orienterte i heradstyret måndag 13.05 om vedlagt notat. Det vert no sendt ut på høyring. Notatet og eventuelle innspel dannar grunnlag for sak som skal til handsaming i heradsstyret 18. juni. Innspel skal sendast skriftleg (epost: postmottak@kvam.kommune.no eller via post til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund) innan fredag 24. mai.

Innsamling av plast frå landbruk, fiskeoppdrett

14. mai 2013 kl. 09:22 - Jan Tjosås
Rundballesekkar Levering er gratis og er tilgjengeleg for alle i Kvam, men er spesielt retta mot gard- og hagebrukarar samt fiskeoppdrettarar. Ta kontakt om De har spørsmål/ønskje til ordninga. Innsamlar Kjell Gangstø kan De nå på telefon 90 85 75 46.

Ferieklubben 2013

9. april 2013 kl. 13:03 - Lillian Kvamsøy
Det vert ferieklubb i veke 26, 27 og 33. Informasjon om ferieklubben og påmeldingskjema finn du her.

Kvam er ein av fire nominert som Norges kulturkommune 2013

4. april 2013 kl. 13:17 - Frank Tangen
Kvam kommune har i flere år vist stor oppfinnsomhet og sterk vilje i arbeidet med kultur, både i egen kommune og i regionen. Kommunen har vist evne og vilje til fornying der sterke kulturtradisjoner blir satt inn i samtiden og gir grunnlag for framtiden. De siste årenes arbeid med å få kunstnere til å bosette seg i kommunen har gitt store ringvirkninger.

Informasjon knytt til VA-utbygging på Kvamskogen

5. oktober 2012 kl. 07:32 - Nils Eivind Stranden
Utbygging av Kvamskogen VA mot Samnanger ligg no ute på anbod. Vedlagt kart viser trase for planlagt utbygging. Foreløpig tidsplan er vist under. Det kan vere behov for å gjere lokale tilpassingar når ein går i gang med arbeidet.

Opningstider i Tolomarka gjenvinningsanlegg

2. januar 2012 kl. 07:18 - Frank Tangen
Illustrasjon av klokke Mandag 10.00 - 18.00 Onsdag og fredag 10.00 - 15.00 Lørdag 10.00 - 15.00 Tlf. 55 52 71 65




EFAKTURA / AVTALEGIRO eFaktura / AvtaleGiro


WEBINNSYN - KART Webinnsyn - kart


RÅDMANNSBLOGGEN
This town ain’t big enough for the both of us
Rom for mangfald
Pimp my kommune 2.0
«I will sail my vessel» sjølv om Ludvig synes «det er fali det»
Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no