
|
Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /
Ikkje la deg lure
|
Lagt ut 28. februar 2012 kl. 09:25 av IKT avdelinga
|
Phishing er eit omgrep som betyr at nokon prøver å lure frå deg informasjon, for i neste omgang å nytte denne informasjonen til å svindle deg for pengar eller anna informasjon.
Hos Norsk Senter for Informasjonssikring (www.norsis.no) står phishing definert som:Phishing er angrepsmetode der angriperen prøver å lurer til seg opplysninger som kan brukes i vinnings øyemed. Eksempeler er henvendelser på e-post der mottakeren bes oppsøke en webside (f.eks. en nettbank) hvor de må legge inn sine passord. Internettsiden ser ut til å være troverdig, men i realiteten en falsk side for at angriperne skal få tilgang til dine opplysninger. Det har også vært eksempler hvor andre kanaler som telefon og chattekanaler er brukt. Med jevne og ujevne mellomrom dukker det opp epostar som tilsynelatande kjem frå banken, forsikringsselskap, flyselskap, kredittkortselskap, breibandsleverandøren din + +, der ein får beskjed om at noko gale har skjedd med kontoforholdet ditt, og du kan verten beden om å oppgje informasjon som t.d. kontonummer, kredittkortnummer, pin-kode, eller du kan verte beden om å trykke på ei link, og så "logge inn" for å "bekrefte" kundeforholdet ditt.Epostane som kjem ser ekte ut, og dei er proft laga, med selskapets logo m.m. Det er viktig å understreke at bankar, forsikringsselskap, kredittkortselskap, flyselskap, politi m.m. (ikkje ein gong den seriøse butikken på hjørnet), vil nokon sende deg ei epost (eller sms) der du vert beden om å oppgi brukernamn, passord, kredittkortnummer, kontonummer, fødsels- og personnummer m.m.Før du gjer som eposten ber deg om, tenk etter: Ville eg ha gjort dette dersom ei vilt framand person kom bort til meg på gaten og ba om dei same opplysningane? Dersom du likevel har gjort som mailen har bede deg om, må du ta kontakt med det riktige selskapet, t.d. banken og melde frå umiddelbart, og gjerne melde forholdet til politiet og.
|
|
|
|
|
|
18. juni 2013 kl. 10:42 - Frank Tangen
|
Torsdag 20. juni vert det snorklypping og festivitas når den nye strandvegen i Norheimsund vert opna. Ta med matkorg, heile familien og godt humør. Det vert aktivitetar for både store og små; mellom anna badminton, strandvolleyball og bading.
PROGRAM- kl 1630: Norheimsund musikklag spelar opp på haldeplassen. Samla oppmarsj frå kaien til parken ca kl 1645
- kl 1700: Offisiell opning med talar og snorklypping på Strandbrua. Musikklaget spelar.
- kl 1730: Gratis is og grilling av pølser
|
|
| | 17. juni 2013 kl. 08:32 - Leif Skår | | Innkøyringa til Bruhaugvegen frå Byrkjelandsvegen vert stengt frå og med i dag og inntil vidare grunna utviding av bru. Omkøyring vert skilta. |
|
| | 13. juni 2013 kl. 09:47 - Heidi E. Ørjansen |
I medhald av § 12-8 i plan- og bygningslova og i samråd med Kvam herad vert det med dette varsla oppstart av detaljregulering for: Gnr. 87, bnr. 33 m. fl. barnehage Lund, Tørvikbygd, Kvam herad.
Forslagsstillar er Jarle Tveiten Transport AS v/Jarle Tveiten, Heradstveitvegen 201, 5620 Tørvikbygd. |
|
| | 11. juni 2013 kl. 07:20 - Frank Tangen | | I tabellen under ser du opningstidene til NAV, biblioteka og rådhuset denne sommaren. Biblioteket i Øystese vart stengt frå 1. juni. Rådhuset går over til sommartid frå og med fredag 14. juni. |
|
| | 10. juni 2013 kl. 08:41 - Mary Ann Sørheim | | Søknadsskjema om treningstid på kveldstid i hallane i Strandebarm, Norheimsund og Øystese finn ein i vårt digitale søknadssenter.
Søknadsfrist er 4.7.13 |
|
| | 7. juni 2013 kl. 08:00 - Trude Birknes Buene |
I medhald av plan- og bygningslova § 17-4, tredje ledd vert det med dette kunngjort godkjenning av utbyggingsavtale for Øvre Øystese, gnr. 44, bnr. 12 m.fl. |
|
| | 21. mai 2013 kl. 11:00 - Tore Skeie | | Trafikksikringsplan for Kvam 2012-2015 vart godkjend i Heradsstyret 11.12.2012. Ein kort-versjon av denne i papir-format er lagt ut på alle kommunale bibliotek i Kvam samt på fellessekretariatet på rådhuset. Den som er interessert, kan venda seg dit for å få tak i brosjyren. Den digitale versjonen finn du også ved å klikka på lenka i denne artikkelen. |
|
| | 21. mai 2013 kl. 08:58 - Heidi E. Ørjansen | | Nærings-, plan- og bygningsutvalet vedtok den 02.05.2013 sak 042/13 å legge reguleringsplan for Sandvendalen, gnr 11 bnr 471, Norheimsund ut til offentleg ettersyn. |
|
| | 5. oktober 2012 kl. 07:32 - Nils Eivind Stranden | | Utbygging av Kvamskogen VA mot Samnanger ligg no ute på anbod. Vedlagt kart viser trase for planlagt utbygging. Foreløpig tidsplan er vist under. Det kan vere behov for å gjere lokale tilpassingar når ein går i gang med arbeidet. |
|
| | 2. januar 2012 kl. 07:18 - Frank Tangen | | Mandag 10.00 - 18.00
Onsdag og fredag 10.00 - 15.00
Lørdag 10.00 - 15.00
Tlf. 55 52 71 65 |
|
|  |

|