
|
Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /
Kort status-rapport Toloheimen ombygging pr 14. februar 2012
|
Lagt ut 15. februar 2012 kl. 08:27 av Tore Skeie
|
ØKONOMI:- Budsjett 27.1 mill. Forbrukt 7.75 mill. Betaling følgjer framdrift.
- Noko endringsarbeid er tinga. Ingen avvik å rapportera så langt.
FRAMDRIFT: Hordaland Bygg & Eiendom (totalentreprenør) har på ein typisk dag ca 15 personar i arbeid på bygget. Bygget er no tett bortsett frå portar på sør-fasade. Takstein er lagd. Innvendige delevegger stort sett på plass før plating på begge sider. Elektrikar-, røyrleggjar- og ventilasjonsarbeid pågår i underetasje. Ligg omtrent på framdriftsplan samla sett, men golvstøyp ligg ca 1 veke etter plan. Ferdigstilling tidleg i september 2012 er framleis gjeldande. Foto som vedlagde, syner korleis bygget framstår i dag.
TRYGGLEIK, HELSE OG ARBEIDSMILJØ (SHA): Arbeidstilsynet var på inspeksjon 31. januar 2012, og hadde kritiske merknader til SHA-plan som må oppdaterast, og til manglande bruk av ID-kort. Dette har vi fått frist til 1. mars på å retta opp. Ingen alvorlege uhell med skade så langt i prosjektet.
UTFORDRINGAR:- Kommunikasjon med polske tømrarar er ei utfordring.
- Fokus på tryggleik og helse samt orden og reinhald er heva den siste veka, men krev kontinuerleg innsats.









|
|
|
|
|
|
16. mai 2013 kl. 11:01 - Astrid-Anett Steine
|
|
Rådmannen orienterte i heradstyret måndag 13.05 om vedlagt notat. Det vert no sendt ut på høyring. Notatet og eventuelle innspel dannar grunnlag for sak som skal til handsaming i heradsstyret 18. juni. Innspel skal sendast skriftleg (epost: postmottak@kvam.kommune.no eller via post til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund) innan fredag 24. mai.
|
|
| | 14. mai 2013 kl. 09:22 - Jan Tjosås |
Levering er gratis og er tilgjengeleg for alle i Kvam, men er spesielt retta mot gard- og hagebrukarar samt fiskeoppdrettarar. Ta kontakt om De har spørsmål/ønskje til ordninga. Innsamlar Kjell Gangstø kan De nå på telefon 90 85 75 46. |
|
|
| | 4. april 2013 kl. 13:17 - Frank Tangen | Kvam kommune har i flere år vist stor oppfinnsomhet og sterk vilje i arbeidet med kultur, både i egen kommune og i regionen. Kommunen har vist evne og vilje til fornying der sterke kulturtradisjoner blir satt inn i samtiden og gir grunnlag for framtiden. De siste årenes arbeid med å få kunstnere til å bosette seg i kommunen har gitt store ringvirkninger. |
|
| | 5. oktober 2012 kl. 07:32 - Nils Eivind Stranden | | Utbygging av Kvamskogen VA mot Samnanger ligg no ute på anbod. Vedlagt kart viser trase for planlagt utbygging. Foreløpig tidsplan er vist under. Det kan vere behov for å gjere lokale tilpassingar når ein går i gang med arbeidet. |
|
| | 2. januar 2012 kl. 07:18 - Frank Tangen |
Mandag 10.00 - 18.00
Onsdag og fredag 10.00 - 15.00
Lørdag 10.00 - 15.00
Tlf. 55 52 71 65 |
|
|  |

|