Lenke til artikkelinnhald - Kommuneplanen sin arealdel er klar til første handsamingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
nyhende
- Tilbod om norsko..
- Kulturtilskot fr..
- Notanes, oppstar..
- Vegarbeid i Skår..
- Informasjon om h..
- Vegarbeid på Fv7..
- Utlysing av tils..
- Vil du bidra til..
- Reguleringsplan ..
- Vegstenging - Ne..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Kommuneplanen sin arealdel er klar til første handsaming


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 22. september 2017 kl. 15:25 av Trond Inge Brakestad

Eit omfattande og viktig arbeid har no nådd ein milepæl. Den nye arealdelen til kommuneplanen skal til politisk handsaming for fyrste gong.

framsidebilete


Kommuneplanen er ein overordna og strategisk plan for utvikling av Kvam herad, og arealdelen er kartet som syner korleis areala på sjø og land skal forvaltast på ein berekraftig måte. Saman med plankartet er det laga juridiske føresegner som utdjuper og supplerer kartet, og planomtale som forklarer og grunngjev plangrepa. Det er òg laga konsekvensutgreiingar og ROS-analysar som set søkeljos på kva konsekvensar og farar planframlegget får for liv og helse, miljø, samfunn, folkehelse og økonomiske verdiar med meir.

Visjonen til Kvam herad er å "Skapa ei oppsiktsvekkjande framtid - Create a remarkable future", og hovudmålet er å "Vidareutvikla eit pulserande og sjølvstendig regionsenter som knyter saman Hardanger og Bergensregionen."

For å nærme seg målet er det i kommuneplanen formulert 5 viktige strategiområde som me meiner arealdelen bidreg til gode og framtidsretta løysingar for. Dei 5 strategiområda er:
- Stadutvikling
- Bustad
- Kommunikasjon og infrastruktur
- Verdiskaping gjennom samarbeid
- Livskvalitet

Viktige datoar framover
- 27.09 vert planen presentert for Kvam formannskap
- 31.10 vert planen handsama av Kvam formannskap
- Frist for høyringsinnspel vert truleg i januar/februar 2018, men dette vil det kome meir informasjon om etter at planen er handsama.

Presentasjon av plankart
Plankartet er no tilgjengeleg i kommunen si kartløysing webinnsyn

Her kan ein navigere i kartet og gjere seg kjent med administrasjonen sitt framlegg til arealbruk. Ein kan og slå av og på ulike kartlag (omsynssoner, faresoner, føremål mm) for at kartet skal verte lettare å forstå og lese.

Presentasjon av saksutgreiing og plandokument
(obs. store filer som kan ta litt tid å laste inn)

- Saksutgreiing Formannskapet 27.09
- Plankart
- Føresegner
- Planomtale
- Temakart frå kommunedelplan for Norheimsund
- Referat frå planforum 21.02.2017
- Konsekvensutgreiing og ROS-analyse
- Faresonekartlegging - Rapport frå NVE
- Konsekvensutgreiing for utviding av akvakulturlokalitetar - Rapport frå Rådgivande biologar på oppdrag for Lingalaks
- Risikovurdering av oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden - Rapport frå Safetec Nordic på oppdrag for Lingalaks






Tilbod om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar - kveldskurs påmelding

19. januar 2018 kl. 09:00 - Kjell Arne Gjøn
Vaksenopplæringa i Kvam startar opp igjen med kveldskurs i nynorsk. I følgje regelverket må personar som er frå EFTA/EØS betala for opplæringa.

Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18

18. januar 2018 kl. 11:20 - Mary Ann Sørheim
Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18 Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja kulturtilskot for 2018. Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Notanes, oppstart av reguleringsplan for offentleg avlaupsanlegg og parkområde

15. januar 2018 kl. 11:27 - Leiv Ingmar Kaale
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for utvida avlaupsanlegg med tilhøyrande infrastruktur og uteområde.

Vegarbeid i Skårdalsvegen (Fv 131)

15. januar 2018 kl. 07:12 - Nils Eivind Stranden
Kjosås Maskin AS skal utføra arbeid med utbetring av FV131 i Øystese, Skårdalsvegen, i perioden 15.01.2018 – 01.05.2018. Vegen kan verta stengt i inntil 30 minutt ved sprenging.
  • Sprenging vert varsla med lydsignal og skal utførast fredagar.

Informasjon om hovudopptak i barnehagar i 2018

12. januar 2018 kl. 10:58 - Beate Gauden
Alle barn som er fødd før 01.12.17 har lovfesta rett på barnehageplass frå og med 01.08.2018 eller den månaden dei fyller 1 år, dersom det er søkt om plass innan søknadsfristen.

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

10. januar 2018 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert periodevis stengt måndag-torsdag på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 2. januar til 30. april 2018. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Sjekk detaljar på vegvesen.no

Utlysing av tilskotsmidlar- Den Kulturelle Spaserstokken 2018

2. januar 2018 kl. 13:45 - Mary Ann Sørheim
Profesjonelle kunst- og kulturaktørar vert inviterte til å søkja tilskot til kulturaktivitetar for eldre i 2018.

Vil du bidra til rehabiliteringsplanen i Kvam?

2. januar 2018 kl. 12:52 - Rikke G. Reistad
Kvam herad er i gang med å utarbeida ny rehabiliteringsplan for vaksne. Rehabiliteringsplanen er tenkt ferdigstilt i februar 2018.

Reguleringsplan i Ljonesvågen

29. desember 2017 kl. 11:50 - Leiv Ingmar Kaale
Biofish AS ynskjer å utvida akvakulturanlegget i Ljonesvågen.

Vegstenging - Netelandsbrua i Steinsdalen

25. desember 2017 kl. 08:13 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad skal utbetra Netelandsbrua i den kommunale vegen i Steinsdalen. Eksisterande bru skal fjernast (sjå raudt kryss i kart) og det vert lagt nye element som grunnlag for ny bru. Fundament på kvar side skal også utbetrast/fornyast. Dette betyr at vegen vert stengt i ein periode framover. Det vil ikkje vera mogeleg med gjennomkøyring i denne perioden, men det vil fortsatt vera tilkomst frå kvar side frå Steine og frå Dalatun.
  • Det er planlagt at arbeidet vil pågå frå og med måndag 8. januar til fredag 20. april 2018. Sluttdatoen kan bli endra.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no