|
Reglement for Styrevervregisteret I Kvam herad
Vedteke av Kvam heradsstyre 13.11.2007 - sak 98/07 1. Registrering av styreverv og økonomiske interesser m.m. Kvam herad har vedteke å innføra registrering av styreverv, økonomiske interesser og liknande for representantar og 1.vararepresentant i heradsstyret og medlemmene i kontrollutvalet. Registeret skal også omfatta rådmannen og leiarar som rapporterer direkte til han. ( Stab + einingsleiarar) 2. Innhald i registeret 2.1. Styreverv i offentleg/privat eigde selskap/dotterselskap 2.2. Styreverv i interesseorganisasjon eller organisasjon som mottek økonomisk stønad frå Kvam herad 2.3. Løna arbeid/konsulentoppdrag som kjem i tillegg til vervet som folkevald eller tilsett i Kvam herad 2.4. Næringsinteresser; fast eigedom og større aksjepostar/eigedelar og anna.
3. Føring og vedlikehald av opplysningar i registeret 3.1. Registrering skal gjerast seinast ved utgangen av valåret. Tilsette som nemnde i § 1 skal registrerast seinast innan ein månad etter at samtykke er gitt. 3.2. Registrering av folkevalde og tilsette skal gjerast av den/dei personane som Kvam herad peikar ut som kontaktperson overfor KS. Registreringa skal gjerast i samsvar med rettleiing frå KS. 3.3. Registeret skal ajourførast to gonger pr kalenderår i samsvar med rutinar frå KS. 3.4. Registrerte opplysningar er baserte på samtykke frå den enkelte og er offentleg tilgjengelege gjennom www.styrevervregisteret.no 3.5. Den enkelte registrerte kan når som helst velja å sletta sine opplysningar i registeret. Opplysningar om ein registrert person vil automatisk verta sletta etter fire år med mindre det er registrert ajourføring av personen sine opplysningar.
|