Bedrift som mottar stønad plikter å opplyse om bagatellmessig
stønad bedrifta har motteke dei siste tre åra.
· Bagatellmessig stønad kan gjevast alle bedrifter uavhengig av storleik
· Det kan gjevast bagatellmessig stønad til alle typar kostnader og næringar, unnateke stønad til primær stålproduksjon, skipsbygging, transport og eksport
Dersom fondsstyre i kommunen ynskjer eit kraftfond utan avgrensingane som reglane om bagatellmessig stønad gjev, må kommunen sjølv ordne med at tiltaket vert meldt til Nærings- og handelsdepartementet, via Kommunal- og regionaldepartementet i samsvar med Lov om offentleg stønad § 2.
§ 6 Forvaltning
Heradsstyret er opp styre for kraftfondet. Styret kan delegera avgjerdsrett til administrasjonen etter nærare gitte fullmaktsgrenser. Slik mynde kan ikkje gå ut over dei avgrensingar som følgjer av kommunelova sine reglar og dei kommunale budsjett- og rekneskapsføresegner.
Fondsmidlane skal plasserast på rentebærande konto, slik at midlane til ei kvar tid er til rådvelde.
Rente og avdrag på utlån skal attende til kraftfondet. I særlege høve kan heradsstyret gjera unntak for heile eller deler av renta.
Annan plassering av fondsmidlane kan berre godtakast dersom dette
ikkje er til hinder for at midlane kan disponerast til ei kvar tid.
Når det gjeld høve til å klage på avgjerder syner ein til § 59 i
kommunelova (lovleg-kontroll) og forvaltningslova § 28 andre ledd
(klage på enkeltvedtak). Klagefrist er 3 - tre - veker etter at vedtaket er
gjort.
§ 7 Årsmelding
Det skal leggjast fram ei melding om kraftfondet si verksemd for heradsstyret kvart år. Gjenpart av denne årsmeldinga skal sendast Fylkesmannen og fylkeskommunen.
§ 8 Godkjenning av vedtektene
Heradsstyret skal gjera vedtak om endring av vedtektene.
Vedtak om endring av vedtektene for kraftfondet skal godkjennast av Fylkesmannen i Hordaland.
Kopi av godkjende vedtekter vert å sende Fylkeskommunen/Innovasjon Norge.
Retningsliner for bruken av kraftfondet I Kvam
Til § 1 Kraftfond - Heimel, kapital og avkastning
Grunnkapitalen på kr. 1.000.000,- vert plassert i bank eller finansinstitusjon på best mogleg vilkår.
Midlar frå kraftfondet kan setjast av til garantifond, når det vert gjeve garanti for kommunale tiltak.
Styret for kraftfondet kan gje garantiar for opp til kr. 500.000,- av fondskapitalen. Vilkåret er at garantien er gyldig etter § 51 i kommunelova.
Til § 2 Føremål
Det overordna målet med å bruka kraftfondet er å bidra til sikring og vidareutvikling av eksisterande verksemder, fremja etablering av nye verksemder og å sikra og auka busetnaden i kommunen.
Som del av kommuneplanen skal det lagast ein eigen næringsplan. Denne skal gje grunnlag for prioritering av prosjekt. Næringslivet i kommunen bør trekkjast aktivt med i utarbeidinga av ein slik plan. Planen skal innehalde strategiar for kommunen sin kvinne- og ungdomsretta tiltaksarbeid.
Eksempel på prosjekt som kan få stønad:
· Kommunalt tiltaks- og næringsarbeid,
til dømes: næringsplanlegging, etableringsprosjekt,
samarbeid skule/næringsliv og stadutviklingsprosjekt.
· Fysisk tilrettelegging for næringsverksemd
til dømes: kommunal tilrettelegging av næringsarealer, fysisk
stad utvikling, infrastruktur for reiseliv, vassforsyning.
· Bedriftsutvikling,
til dømes: etableringsstipend, opplæring, produktutvikling,
marknadsføring, marknadsundersøking og planlegging.
· Investering i bedrifter,
til dømes: utstyr, maskiner og bygningar ved oppstart og
utviding av bedrifter.
· Ungdom, utdanning og arbeid,
til dømes: Støtte til private verksemder som tek inn lærlingar
i yrkesretta fag.
Kraftfondet kan og nyttast til utbygging av kommunale fellestiltak som kommunikasjonar, barnehagar, skular, helse- og sosialinstitusjonar, samfunnshus og idrettsanlegg. Til desse formåla kan fondet nyttast til støtte investeringar, ikkje drift. Kommunen bør prioritere kraftfondet til direkte næringsutvikling framfor denne typen kommunale fellestiltak.
Ved ein eventuell samfinansiering med midlar frå andre støtteordningar, kan samla offentleg stønad ikkje overstige stønadsdel som er fastset i § 5.
Tiltak som ikkje skal gjevast stønad over kraftfondet:
· Det kan ikkje gjevast stønad til sanering av gjeld i private bedrifter. Dette set ikkje hindringar for at kraftfondet kan nyttast til refinansiering av ei bedrift etter føreteke gjeldssanering.
· Det kan heller ikkje gjevast stønad til løpande drift av kommunen. Unnateke løn til næringsarbeid, som kan finansierast av fondet. Vidare kan det gjevast stønad til ekstraordinære kommunale tiltak som i utgangspunktet er lagt til andre forvaltningsinstansar.
· Avdrag på lån vert ikkje rekna som løpande drift av kommunen.
Ut over dei prioriteringar som er gjort i strategisk næringsplan, bør all næringsverksemd likestillast. Kommunen bør derimot ikkje gje stønad til næringsverksemd som mottar store overføringar over statsbudsjettet.
Til § 3 Former for stønad
a. Stønad til nyetableringar skal i hovudsak gjevast som tilskot eller lån på visse vilkår, under dette ansvarleg lånegjeld. Storleiken på tilskota og/eller lån skal vurderast ut i frå samla kapitaltrong og tilgang på andre distriktspolitiske verkemiddel.
b. Garantiar kan berre gjevast dersom desse kan godkjennast etter § 51 i kommunelova.
c. Kraftfondet bør ikkje nyttast til å teikne aksjar og andeler i privat næringsverksemd. Kommunen kan fort komme i ein uheldig dobbelrolle som ansvarleg for både investering/drift og tilskot/lån.
Til § 4 Forholdet til internasjonale plikter på statsstøtte området
og § 5 Vilkår for stønad
Ei øvre ramme for stønadsbeløp pr. prosjekt må haldast innafor dei maksimale rammene som følgjer av ESA statsstøttereglar.
Gjennom EØS- avtalen har Noreg forplikta seg til å avstå frå å yte konkurransevriane offentleg stønad til næringslivet i den grad stønaden påverkar samhandelen mellom EØS- landa.
Definisjonen offentleg stønad dekkjer stønad gjeve frå offentlege kjelder anten desse er statlege, fylkeskommunale eller kommunale. Reglane om offentleg stønad vil derfor regulere bruken av kraftfond når fonda nyttast til stønad til bedrifter. Stønad til prosjekt i kommunal regi, som nærings- og tiltaksprosjekt og infrastruktursprosjekter fell ikkje inn under reglane om offentleg stønad.
Sentralt i reglane om offentleg stønad er kravet om stønadsordningar skal meldast inn og/eller eventuelt notifisert av EFTA´s overvakingsorgan. I Noreg samordnar Nærings- og handelsdepartementet slik innmelding til overvakingsorganet. Innafor godkjent stønadsordning vil det normalt ikkje vere nødvendig å melde inn enkeltvedtak om stønad.
Kommunen har under § 5 i vedtektene for Masfjorden kraftfond gått inn på bagatellmessige stønadsordningar. Bagatellmessige stønadsordningar skal meldast til ESA, og krev ingen årleg rapportering.
Reglane om bagatellmessig stønad seier at ei bedrift kan motta inntil 100.000 ECU (omrekna i høve til referansekurs fastset av ESA - EFTA overvakingsorgan kvart år) til ei og samme bedrift i ein tre års periode frå det tidspunkt ei bedrift er tildelt bagatellmessig stønad. Ein må difor ta omsyn til all tildelt bagatellmessig stønad for ei bedrift innafor siste tre års perioden og som er blitt definert som bagatellmessig stønad. Det kan gjevast bagatellmessig stønad til alle typar kostnader og næringar, unnateke støtte til primær stålproduksjon,
skipsbygging, transport og eksport.
Med stønad til eksport tenkjer ein på, stønad som kan koplast direkte til mengde eksporterte varer frå bedrifta, etablering og drift av eit distribusjonsnettverk.
Det kan gjevast stønad til følgjande tiltak i samband med eksport:
· Rådgjeving for identifisering av bedrifta sine behov og val av tenester
· Kompetansegjevande tiltak
· Utarbeiding av eksportmarknadsplan
· Studiar eller konsulenttenester som vil vere nødvendig for å lansere eit nytt produkt eller eit eksisterande produkt på eit ny marknad
· Marknadsundersøkingar/innhenting av marknadsinformasjon
· Deltaking på messer
Lån frå kraftfondet skal sikrast med pant i fast eigedom, leigerett med driftstilbehøyr, maskiner eller salspant.
Rente på lån frå kraftfondet skal følgja Husbankens lågaste flytande rente
Til § 6 Forvaltning
a. Heradsstyret er styre for kraftfondet og kan delegere mynde til rådmannen. Søknad om tilskot over kr. 50.000 skal handsamast av heradsstyret.
b. Søknader til kraftfondet skal skje elektronisk – skjema finn ein på kommunen si heimeside på internett www.kvam.kommune.no og alle søknader vert å sende postmottak@kvam.kommune.no. Saksførebuinga til styret for kraftfondet vert delegert til rådmannen i samsvar med § 23 i Kommunelova. Rådmannen kan internt delegere mynde.
c. Alle søkjarar til kraftfondet skal verta invitert til heradsstyret for å få presentert sin prosjekt/forretningsideen sin.
d. Etter tre år skal søkjar som har motteke lån/tilskot få eit evalueringsskjema der dei vurderer kommunen sin medverknad i høve til lån eller tilskot og kva servicenivået har betydd for dei.
e. Budsjett og rekneskap skal integrerast i kommunen sitt økonomisystem i samsvar med gjeldande føresegner. I tillegg forutset ein at det vert utarbeid eit vedlegg til rekneskapen med ein samla oppstilling av kraftfondet sine inntekter og utgifter. I budsjettet skal heradsstyret konkretisere sum frie fondsmidlar til tildeling i form av hhv. lån og tilskot
Til § 7 Årsmelding
Kvart år skal det leggjast fram for heradsstyret ei melding om
bruken av kraftfondet.
Årsmeldinga for kraftfondet skal innehalda:
· Rekneskap
· Oversyn over prosjekt
· Analyse over korleis fondet er nytta sett i høve til prioriteringa i strategisk næringsplan
· Trong for endringar i prioriteringar/retningsliner for bruken av kraftfondet for neste år
Søkjarar som har motteke lån til prosjekt skal sende inn årsmelding til styret for kraftfondet årleg inntil lånet er nedbetalt/innfridd innfridd og søkjarar som har vorte tildelt tilskot gjennom kraftfondet skal sende inn rekneskap/ årsmelding for det aktuelle år tilskotet vart utbetalt med tilbakemelding om kva betydning tilskotet hadde for det aktuelle året”.
--------------
HST-093/07 Vedtak:
- Rådmannen vert delegert løyvingar av tilskot på inntil kr. 50 000.-