|
1. Arbeidsoppgåver:- Utvalet bør vera høyringspart på kommunale planar i sitt geografiske område
- Utvalet bør i arbeidet med kommuneplan og kommunedelplanar koma med innspel om areal for næring og bustad.
- Utvalet skal vera pådrivar for trivselstiltak i sitt område
- Utvalet står elles fritt til å arbeida for andre tiltak som lokalsamfunnet har interesse for, og bør ha eit særleg ansvar for å samordna tilgjengelege ressursar, slik at desse vert best mogleg nytta til lokalsamfunnet sitt beste.
- Det skal haldast grendamøte når leiaren finn det naturleg eller minst 2 av utvalsmedlemene ber om det. Det skal haldast grendamøte minst ei gong i året.
2. Samansetjing/valordning Grendautvalet skal ha 5 medlemer To av medlemene skal veljast av heradsstyret og er valde for den kommunale valbolken. Tre medlemer skal veljast av grenda på grendamøte og for å unngå at heile utvalet vert skifta ut samstundes, vert desse valde 2 år etter kommunevalet. Dei er og valde for 4 år. Den fungerande leiaren i utvalet har ansvar for å kalla inn til det fyrste grendamøtet etter kommunevalet. Det fyrste møtet skal vera innan utgangen av året etter kommunevalet. Det fungerande styret er valnemnd for dei grendavalde representantane. Kandidatar til styret skal spørjast før valet. Grendamøtet vel leiar og nestleiar eller det nye styret konstituerar seg sjølv. Det skal sendast melding til kommunen om resultatet av valet. På grendamøtet har alle stemmerett som er manntalsførde i grenda. Formannsskapet skal vidare peika ut ein av sine medlemer/varamedlemer som kontakt- person for grendautvalet. Vedkomande skal kallast inn til alle utvalsmøte, der han også har forslags- og talerett. 3. Samarbeid/normer Grendautvalet bør ha eit nært samarbeid med heradsstyret, kommuneadministrasjonen, lokale lag og organisasjonar når det gjeld planlegging og gjennomføring av tiltak. Grendautvala skal ikkje vera einsidige lokale pressgrupper, men sjå lokale tiltak i eit samordna kommunalt perspektiv. Kommunen kallar inn grendautvala til eit årleg kontaktmøte i oktober. Grendautvalet kan sjølv ta initiativ til møte med kommunen. 4. Økonomi/årsmelding Det vert sett av ein fast årleg sum til drift av grendautvala på budsjettet for heradet. Formannsskapet gjer vedtak om fordeling til det enkelte utval. Grendautvala kan søkja om kommunale tilskot til tiltak. Grendautvalet fører sjølv rekneskap for kvart år. Det skal kvart år sendast inn årsmelding og rekneskap til kommunen.
|