www.kvam.no

aktuelt
kontrollutvalet
ordførar
politisk organisering
styreverv
reglement

Innsyn

postjournal
søk etter dokument
søk etter arkivsak
søk etter telefonnr.
utval
møteplan

Ymest

skjema
filarkiv
kva skjer i kvam?
lenker
epostlesar

Logg inn

admin

Kap. 01 - Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Kvam herad
Utskriftsvenleg side Oppdatert 6. januar 2010 kl. 11:22 av Sigrid Laupsa
Vedteke av Kvam heradsstyre 4.mars 2008, H-sak 24/08
Retningslinene gjeld alle folkevalde og tilsette i Kvam herad.

 

 

1. Føremålet med retningslinene

Føremålet med desse retningslinene er å skapa betre medvit om haldningar og etiske verdiar og dermed styrkja innbyggjarane sin tillit til administrasjon og politikk i Kvam herad.

 

2. Lojalitet

Kvam herad vil leggja stor vekt på lojalitet. Med lojalitet forstår ein at folkevalde og tilsette

-          følgjer lover og føresegner m.m. som er fastsette av overordna sentrale styresmakter.

 

-          følgjer reglar, retningsliner og instruksar som Kvam herad har fastsett med heimel i sentrale lover og føresegner m.m.

 

-          til ei kvar tid er merksam på og har for auga forhold som kan ha uheldige verknader i høve til kommunen sitt alminnelege omdømme eller tillit ute blant folk.

 

-          forvaltar kommunen sine interesser og verdiar på ein for samfunnet best mogeleg måte.

 

-          viser kollegaer, føresette og underordna respekt og tillit i omtale og handling.

 

 

3. Informasjon

I all sakshandsaming og verksemd skal ein leggja vekt på å få fram fullstendig, korrekt og sakleg informasjon som grunnlag for dei avgjerder som skal takast.  Dette gjeld og munnleg informasjon gitt i møte e.l.

Informasjon som ikkje er fortruleg, skal vera open og

        tilgjengeleg for alle.

Fortruleg informasjon må respekterast og ikkje misbrukast til personleg vinning eller til skade for andre.

 

 

4. Mynde

Mynde gitt gjennom verv som folkevalt, gjennom andre kommunale tillitsverv eller i kommunale arbeidstilhøve, skal nyttast til sitt føremål.

Mynde skal ikkje nyttast for å oppnå personlege føremoner, personleg vinning eller for å fremma personlege interesser.

Mynde skal nyttast med særleg varsemd overfor dei som har små ressursar og som vanskeleg kan hevda sine rettar. Mynde må ikkje nyttast til openberr ulikehandsaming.

5. Økonomiske og andre føremoner

 I all saksførebuing og avgjerdsprosessar elles skal ein leggja vekt på å ha ei fri og uavhengig  stilling. Økonomiske eller andre interesser og tilhøve som kan verka inn på eller så tvil om at  sakshandsaming eller avgjerder er saklege, skal ein unngå.

 

Ein må derfor:

  •  For seg sjølv eller andre ikkje ta mot gåver, provisjon, tenester eller andre ytingar som kan  oppfattast som, eller av gjevaren meint som, påverknad i samband tenesteyting/saksutgreiing e.l.
  •   vera varsam med å ta mot invitasjonar til reiser o.l. (gratisreiser m.m.) utan på førehand å ha  vurdert konsekvensane med overordna. Deltaking i evt. gratisreiser/seminar skal skje med  utgangspunkt i ev. fagleg utbytte.

 

 

6. Interessekonflikt

Det er viktig å unngå situasjonar og aktivitetar som kan føra til konflikt mellom Kvam herad og  personlege interesser.

Døme på slike mogelege interessekonfliktar:

-        Forretningssamband eller andre liknande bindingar med tidlegare arbeidsgjevar eller
arbeidskollegaer

-       Løna ekstraarbeid som kan verka inn på eige arbeid i Kvam herad.

 

-       Engasjement i interesseorganisasjonar eller -laug der engasjementet kan føra

til at vedkomande kjem i ein konkurransesituasjon eller lojalitetskonflikt i

høve til Kvam herad si verksemd.

 

-       Personlege økonomiske interesser som kan føra til at vedkomande medarbeidar

kjem i ein konkurransesituasjon eller lojalitetskonflikt i høve til Kvam herad  si verksemd.

   -   Familiære eller andre sosiale samband.

Dersom ein har personlege interesser i ei sak eller på eit område der ein har fagleg ansvar eller mynde, skal ein ta dette opp med sin overordna.

7. Åtferd

Alle som representerer Kvam herad  må vidareutvikla og arbeida for å styrkja den etiske standard og åtferd i politikk og administrasjon.

Leiarar på alle nivå (politiske og administrative) har eit særleg ansvar for å leggja vekt på personleg integritet, vidareutvikling av etisk forsvarleg åtferd og å gjera desse retningslinene kjend for politikarar og tilsette.




Reglement - forklaring
01 Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Kvam herad
02 Arbeidsvilkår for folkevalde i Kvam herad
03 Tilhøvet mellom folkevalde og administrasjonen
1 Reglement for Kvam heradsstyre
11 Reglement for Kvam formannskap, Tenesteutval, Nærings- plan- og bygningsutval
12 Reglement for Kvam eldreråd
13 Reglement for Kvam kontrollutval
14 Reglement for Kvam administrasjonsutval
15 Reglement for klagenemnda
16 Reglement for Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
17 Instruks / reglement for grendautval i Kvam herad
2 Reglement for delegering av mynde - Innleiing
21 Delegering - Del II - Heradsstyret og ordførar
22 Delegering - Del III - Generelt
23 Delegering - Del IV - Barnehage
24 Delegering - Del V - Helsevern og sosiale tenester
25 Delegering - Del VI - Plan- og tekniske tenester
25.1 Plan, bygg og frådeling
25.2 Næring og landbruk
25.3 Tekniske tenester
26 Delegering - Del VII - Undervisning
27 Delegering - Del VIII og IX- Personal og økonomi
28 Delegering - Del X - Andre særlover og anna
3 Kraftfondet i Kvam herad - Vedtekter og retningsliner
4 Retningslinjer for kommunalt eigarskap i selskap og føretak i Kvam herad
5 Kvam viltfond - Vedteketer
6 Målbuksplan for Kvam herad - vedteken i 1998
Filarkiv

PDF - Vert opna i nytt vindauga Økonomireglement Kvam herad
PDF - Vert opna i nytt vindauga Vedtak økonomireglement
PDF - Vert opna i nytt vindauga Finansreglementet Kvam herad

Møteplan

27.05.2013 - TEN
28.05.2013 - URÅD
29.05.2013 - NPB
04.06.2013 - FSK
07.06.2013 - KER
18.06.2013 - AHST
18.06.2013 - HST
19.06.2013 - NPB

Møteprotokollar

03.05.2013 - KER
02.05.2013 - NPB
30.04.2013 - VAL
30.04.2013 - FSK
24.04.2013 - URÅD
09.04.2013 - HST
22.03.2013 - KER
20.03.2013 - NPB
20.03.2013 - URÅD
19.03.2013 - VALN

vis alle protokollar