Denne artikkelen er henta frå Kvam herad sine nettsider.
URL: http://www.kvam.no/plan/biblskule.asp?id=596

Eigedom-, kart og planinformasjon
Lagt ut 4. juni 2010 kl. 13:47 av Bjørn Vik

INFOLand er ein automatisk marknadsplass for bygg, eigedom-, kart- og planinformasjon designa for private og profesjonelle brukarar. Velg mellom 38 ulike produkt, og bestill desse via nettet.

WEBINNSYN er ei manuell kartløysing på internett, som inneheld basiskart, plankart, ortofoto og diverse søkefunksjonar.

Klikk for å opne Infoland
I INFOLand
kan du bestille t.d. basiskart, plankart, nabooppgåve og byggeteikningar. Bestillingane vert ekspedert innan 5 dagar, og levert som pdf-filer via e-post eller som vanleg post. Digitale vektorkart på SOSI-format frå Kvam herad vert levert automatisk via e-post etter 5 - 10 min. Andre format (t.d. dwg/dxf) må tingast direkte frå Kvam herad, geodataavd. Faktura vert sendt ut frå Norsk eiendom AS.
Gebyr for frådelingsløyve, byggeløyve og plansamtykkje dekker analoge kart og nabolister.


Klikk for å opne WEBInnsyn - kartWebinnsyn inneheld basiskart med eigedomsgrenser, bygg, koter, vegar, kommuneplan, ortofoto, samt ein del spesialinformasjon.

Ved hjelp av søkefunksjonane som adresse, eigedom, stadnamn, skular, barnehagar og offentlege tenester, kan kartutsnitt hentast fram. I kartløysinga er det mogeleg å konstruere tekst, linjer, sirklar og figurar, samt måle avstand og areal m.m. Kartutsnittet kan så skrivast ut eller kopierast inn i eit dokument.

Den fyrste gongen kartløysinga vert opna får ein spørsmål om å laste ned Adobe SVG viewer. Dette er eit gratis program som gir betre grafikk og utskrift i rett målestokk. Me tilrår sterkt at dette programmet vert installert. Kartprogrammet gir ei automatisk nedlasting av SVG vieweren. Før kartløysinga vert tatt i bruk vil me tilrå deg å ta ein kikk i brukarrettleiinga.

Me tek atterhald om at det kan vere feil på kartet, ma. gjeld dette eigedomsgrenser, leidningar/kablar, kum, planar, m.m. som i samband med prosjektering/anleggsarbeid må undersøkast nærare.


Epost: bjvi@kvam.kommune.no