Denne artikkelen er henta frå Plan og byggesak.
URL: http://www.kvam.no/plan/biblskule.asp?id=322&meny=Skredhandbok
Plan og byggesak

Skredhendingar
Lagt ut 13. januar 2012 kl. 15:07 av Tore Dolvik
Ei skredhending er ei hending der det har gått eit skred. til dømes steinsprang, jordskred, snøskred med meir
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---

3. Skredhendingar
NVE Retningslinjer 2/2011 ”Flaum og skredfare i arealplan"
Skrednett: Skrednett.no

Har det gått skred før i område er det stor sannsyn for at det kan gå skred igjen. Det er derfor ein fordel og ein billig skredfarekartlegging å ha oversikt over skredhendingar i kommunen. Kommunens eige arkiv og lokal kunnskap er viktig i kartlegginga av skredfaren. Nasjonalt har NGU ein skreddatabase som ligg ute på skrednett.no.
NVE Retningslinjer 2/2011 har ein god oversikt over flaum- og skredprosessar, skredtypar og korleis ein kan vurdere skredfaren for dei forskjellige skredtypane.

Skrednett.no
Skrednett.no er ein nettportal til skredkart og annan informasjon om skred. Her kan du finne aktsemdkart og registrerte skredhendingar. Skredhendingane kan bli vist etter fleire tema, som skredtype, snøskred, samferdsel, omkomne og konsekvens. Det er to hovudtypar skred registrert i denne basen.
  • Historiske skred. Astor Furseth (NGU) har samla inn informasjon om skredulukker i Noreg. Desse ulukkene er definert som skredhendingar som har ramma menneske eller gjort materiell skade.
  • Skredhendingar mot samferdsel. Data frå Statens vegvesen og Jernbaneverket.
  • Skrednett: http://www.ngu.no/kart/skrednett/?map=Skredhendelser - skredtype
  • WMS: http://geo.ngu.no/mapserver/SkredHendelserWMS

    HUSK å sjekke om skredhendinga er relevant ved å trykke på informasjonsknappen (i) og på skredhendinga. Ein del av registreringane er feilplasserte og nokre hendingar er truleg ikkje relevant for søknaden.

    Eige arkiv og erfaring
    Den billigaste og beste skredkartlegginga ein kommune kan gjøre er å få ein oversikt over tidlegare skredhendingar og gjøre desse lett tilgjengeleg for sakshandsamarane. Det kan vere at det er referert til skredhendingar eller uro i arkivet eller på folkemunne. Det kan òg ligge mykje informasjon i tidlegare rapportar som har kome inn til kommunen, anten i søknader eller etter skredhendingar.
    Det er viktig å ha rutinar for å fortsett ha ein oversikt over nye skredhendingar som skjer i kommunen og geotekniske rapportar som kjem inn til kommunen. Det er òg ein fordel å ha ein oversikt over uromeldingar sidan det som oftast er billigare å førebygge skred enn å rydde opp i etterkant.
  • Gjøre innkomne rapportar søkbare i arkiv
    - Av og til ligg rapporten gjømd i søknaden eller i eit vedlegg og ikkje som eige dokument.
    - Flytt rapporten til eit nytt dokument i saka eller som namngitt vedlegg i ”dokumentet”. Gi det eit namn som gjør det enklare å finne seinare, til dømes med ord som rapport og skred/ras
  • Oversikt over innkomne uromeldingar om skredfare og skredrelaterte uromeldingar som vassproblem i bratt terreng, overvatn, tette røyr, ustabile murar, sig, sprekkar med meir


    ---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---







    Epost: tordol@kvam.kommune.no