|
Du er her: Startside / Plan og byggesak / universell_utforming /
|
Universell utforming
|
|
|
|
|
|
Omgrepet universell utforming Omgrepet universell utforming blir ofte brukt synonymt med tilgjengelighet for alle, planlegging for alle og design for alle.
Universell utforming betyr at produkt, byggverk og uteområde som er i alminnelig bruk skal utformast slik at alle menneske skal kunna bruka dei på en likestilt måte så langt det er mogleg, utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel.
Kven er alle? Ein gylden regel innan universell utforming er at bygningar og uteområde tilrettelagt for personar med funksjonsnedsetting, også fungerer godt for alle andre.
Prosjektering med utgangspunkt i universell utforming Dei fleste mål og rettleiingar i samband med dimensjonering av bygningar gjennom tidene har vore basert på lærdom og modellar frå da Vinci, le Corbusier og Neufert- med ein fullt førleg mannskropp som førebilete. I tråd med dagens syn på samfunnet, der alle skal kunna delta, må det takast omsyn til menneske sine variasjonar så vel i alder som i funksjonsevne.
Prosjektering med utgangspunkt i universell utforming vil vera basert på tre tilhøve:
 - Menneske som barn, ung, vaksen, eldre
- Menneske med redusert funksjonevne med omsyn til rørsle, orientering og overfølsomhet ovanfor luftforurenining og materiale.
- Menneske som brukar tekniske hjelpemiddel som har konsekvensar for utforming
Krav til universell utforming i Teknisk forskrift - Kapittel X Brukbarhet i Teknisk forskrift - Kapittel X Brukbarhet i Veiledning til Teknisk forskrift
|
|
|
|
|
|
|  |

|
|
 |
|
| WEBINNSYN - KART
|
|
|