|
Du er her: Startside / Plan og byggesak / kommuneplan /
|
Kommuneplanen sin arealdel
|
|
|
|
|
|
Gjeldande arealdel til kommuneplanen Gjeldande arealdel til kommuneplanen i Kvam herad vart godkjend i Kvam heradsstyre 13.06.2006. Planen gjeld for planperioden 2006- 2014. (Ved å gå inn på "Kart- webinnsyn" kan du få opp kommuneplanen ved å velje "Kommuneplan" i menyen "Velg karttype" til venstre på sida.)
Kva er arealdelen til kommuneplanen? Arealdelen til kommuneplanen skal ta utgangspunkt i kommuneplanen sine overordna retningsliner for den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga i kommunen. Arealdelen skal samstundes leggjast til grunn for og sikre gjennomføringa av dei nasjonale og regionale retningslinene for arealpolitikken.
Kommuneplanen sin arealdel er eit verkemiddel for å sikra at arealbruken i kommunen bidreg til å nå dei måla som blir vedteke for kommunen si utvikling. Den er ein aktiv styringsreiskap både for å vise område der kommunen ynskjer ein spesiell planinnsats, og til å illustrere areal som er viktige å forvalte på bestemte måtar.
Kommuneplanen sin arealdel har rettsverknad i den forstand at den enkelte grunneigar ikkje kan ta i bruk, byggje ut eller dele sin eigedom på anna måte enn den som er fastsett i planen. Det kan ikkje eksproprierast direkte etter arealdelen.
Rullering av kommuneplanen vert kunngjort i to aviser(Hordaland folkeblad og Bergens tidende) og på kommunen sine heimesider. Ved rullering av arealdelen til kommuneplanen kan det leggjast andre føremål på eigedomar som gjev nye premissar for bruk av ein eigedom. Grunneigarar er sjølve ansvarlege for å fylgje med på offentlege kunngjeringar om når prosessen med rullering av kommuneplanen vert sett i gang, og om det i denne prosessen vert gjort endringar i høve deira eigedom. Alle har høve til å kome med innspel og merknader til heradet i samband med rullering av arealdelen til kommuneplanen.
Kommunedelplan Arealdelen skal i utgangspunktet utarbeidast for heile kommunen, men den kan også utarbeidast berre for deler av kommunen sitt areal, og vert då kalla for geografiske kommunedelplanar. Slike delplanar kan til dømes gjelde for ein tettstad, hytteområde, kystsona mv.
Ein kommunedelplan er ein del av kommuneplanen sin arealdel. Den har difor formelt same innhald, handsamingsform og rettsverknad som ein samla arealdel for heile kommunen. Til liks med arealdelen for heile kommunen er ein geografiske kommunedelplan normalt samansett av kart og føresegner med tilhøyrande planskildring.
Geografiske kommunedelplanar i Kvam herad: - "Kommunedelplan for Norheimsund", godkjend av Kvam heradsstyre 11.02.2003 i sak 014/03 - "Kommunedelplan for Kvamskogen", godkjend av Kvam heradsstyre 06.09.2011. (Lenke til dokumenta finnes i menyen til høgre på sida)
|
|
|
|
|
|
|  |

|
|
 |
|
| WEBINNSYN - KART
|
|
|