|
Du er her: Startside / Plan og byggesak / kommunegeolog /
|
Kommunegeolog
|
|
|
|
Kvam herad er verstkommune for eit interkommunalt samarbeid om ein kommunegeolog. Åtte andre kommunar er med i samarbeidet.
|
|
Kommunegeolog --- 1. Bakgrunn --- 2. Visjon --- 3. Mål --- 4. Strategi --- 5. Tiltak --- 6. Gevinst --- 7. Organisering --- 8. Økonomi --- 9. Oppsummering
Interkommunal kommunegeolog Kvam, Fusa, Ullensvang, Masfjorden, Modalen, Ulvik, Jondal, Eidfjord og Kvinnherad samarbeidar om ein kommunegeolog. Kvam herad er vertskommune. Kommunegeologen er tilsett og har kontor i Kvam herad. Samarbeidskommunane har samarbeidsavtale med Kvam herad.
Samarbeidsplan
Årsrapport for 2012.
Målet med samarbeidet er å auka kompetansen på skredfare slik at ingen bustadar vert godkjent i skredfarlege område, at kommunane kan vere gode støttespelarar i sakar kor ein må avklare farenivået til flaum- og skred og at beredskapen i kommunen vert betre.
STATUS OG VEDTAK Kvam (HST-106/11); Fusa (KOM-036/11); Ullensvang (HST-047/12); Masfjorden (FS-051/12); Modalen (Adm); Ulvik (Adm); Kvinnherad (Adm), Jondal (KOM-052/12) og Eidfjord (FSK-084/12).
INTERKOMMUNALT SAMARBEID Det interkommunale samarbeidet vil prøve å hente og formidle kunnskap oppover i systemet, til kommuneadministrasjonen og utover til tiltakshavarar, politikarar, media og innbyggarar i kommunane. På sikt skal dette føre til at samfunnet vert tryggare.
I dei tidlegare skredprosjekta er det bygd ut eit fungerande nettverk som me ønskjer å bruke og byggje vidare på. Ein viktig arbeidsoppgåve for kommunegeologen er derfor å drive nettverket og arrangere fellesmøte for samarbeidande kommunar.
Interkommunalt skredsamarbeid 2010-2011 - sluttrapportfoldar
Skredfareprosjektet 2009 - sluttrapportfoldar
Lenke: http://www.kvam.no/kommunegeolog
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Informasjonsmøte 9. mars 2012
|
|
Lagt ut 14. mars 2012 kl. 14:49 av Tore Dolvik
|
|
Kvam herad inviterte alle kommunane i Hordaland til eit informasjonsmøte om interkommunal kommunegeolog.
|
|  |

|
|
 |
|
| WEBINNSYN - KART
|
|
|