Lenke til artikkelinnhald - Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL 2013 | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
aktuelt
tenester
kontakt
admin
PLAN
arealplansystem
kommuneplan
reguleringsplan
temaplanar/ analysar/ rapportar
BYGGESAK
byggjesak
skjema
DELINGSSAK
delingssak
dispensasjon
GEODATA
geodata
EIGEDOM
eigedom
KOMMUNEGEOLOG
kommunegeolog
skredhandbok
radon
interkommunalt skredsamarbeid
seminar
skredfareprosjektet 2009
DIVERSE
universell utforming
NEDLASTING
nedlasting
Du er her: Startside / Plan og byggesak / delingssak /
Deling av eigedom
Ved deling av eigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt og oppretta som ein eigen eigedom (matrikkeleining) med eige matrikkelnummer; dvs. eige gardsnummer og bruksnummer. Den nye eigedomen registrerast i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregister og eigedomskart). Føresegner kring deling av eigedom finn ein mellom anna i plan- og bygningslova § 26-1. Sentrale tema for frådeling av ny byggjetomt er veg-, vass- og avlaupsløysingar.

Dersom tiltaket ikkje er i tråd med gjeldande plan, kan det vere nyttig å be om førehandskonferanse på eit tidleg tidspunkt. Førehandskonferanse skal haldast av kommunen innan 2 veker etter at oppmoding er motteke, jf. Plan- og bygningslova § 21-1.Førehandskonferanse er eit møte/samtale mellom tiltakshavar og kommunen som myndigheit av plan- og bygningslova. Eit møte/samtale vert normalt sett arrangert før innsending av søknad, for å avklara rammer for prosjektet og sakshandsaminga. I førehandskonferansen kan du leggje fram kva du ynskjer å gjera, og sakshandsamar kan gje rettleiing om det er i tråd med planar, lover og reglar. Avklaringar på eit tidleg tidspunkt kan spare mykje tid i saksprosessen.


KVEN KAN SØKJE OM DELING

Matrikkellova § 9 fastsett kven som kan krevja deling.

  • Hovudregelen er at heimelshavar til eigedommen som skal deles, kan søkje.

  • Gjeld det festetomt, må både heimelshavar og fester underteikne.

  • Ved frådeling av sameige, må samtlege heimelshavarar underteikne.

  • Søkjer ein på vegne av heimelshavar, må det føreliggje fullmakt om dette. Fullmakta må leggjast ved søknaden.

  • Advokatar kan underteikne søknad utan fullmakt.

  • Ved dødsbu må skifteattest følgje søknaden og underskrifta være i samsvar med attesten.

  • Når eit firma er heimelshavar, må søknaden underskrivast av den eller dei som har fullmakt i følgje firmaattesten. Firmaattesten (ikkje eldre enn ½ år) må leggjast ved søknaden.

KVA SKAL DELINGSSØKNADEN INNEHALDE?

For å søke om frådeling /etablering av en ny eigedom, må følgjande sendast til kommuen:

1. Søknadsskjema
Søknad om deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning må fyllast ut korrekt og underskrivast.

2. Situasjonskart
Kart over Kvam finn ein her: Kart.kvam.no

Søk opp den aktuelle eigedomen via søk funksjonen. Situasjonskartet skal innehalde informasjon om den omsøkte eigedomen og naboeigedomar. På kartet må det teiknast inn framlegg til ny delelinje/grense.

3. Nabovarsling
Det er to ulike skjema som nyttast i samband med nabovarsling. Begge skjema finn ein i fellessekretariatet på rådhuset, eller dei kan lastast ned frå menyen til høgre.

Nabovarselskjema skal sendast til naboar som på eitt punkt, eller over eit lengre strekk har felles grense med den omsøkte eigedomen. Nabovarsel skal og sendast til motbuarar, dvs. dei som har ein eigedom vis a vis den omsøkte eigedomen men ikkje har felles grenselinje. Nabovarsel skal sendast uavhengig om eigedomen er bygd på eller ikkje.

I tillegg til nabovarselskjema må varslet minst innehalde teikningar og situasjonskart. Andre opplysninger som kan berøre naboen sine/motbuar sine interesser skal og leggjast ved.

Det skal gå fram av nabovarselet at merknad frå naboar eller motbuarar må sendast kommunen innan to veker etter at nabovarsel er motteke.

Det er to måtar å varsle naboar/gjenbuarar på:

1. Ved personleg påteikning:
Fyll ut framsida og baksida av skjemaet "gjenpart av nabovarsel". Nabo/gjenbuar kvitterer så direkte på skjemaet. Naboen skal ha kopi av nabovarslinga (skjemaet "nabovarsel").

2. Ved rekommandert sending:
Fyll ut skjemaet "gjenpart av nabovarsel" på samme måte som ved personleg påteikning. I tillegg må og skjemaet "nabovarsel" fyllast ut og sendast til alle naboane.

Ta med alle skjemaene til posten og send nabovarslingane rekommandert. Posten vil då kvittere på skjemaet "gjenpart av nabovarsel".

Desse to framgangsmåtane kan godt kombinerast. "Gjenpart av nabovarsel" skal så sendast kommunen saman med søknaden.

NB! Husk å krysse av i felt for dispensasjon dersom det vert søkt om dette.

4. Utfyllande informasjon om den ømsøkte deling
Anten ved å nytte rubrikken i "Søknad om deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning" eller i form av eige skriv gjev de utfyllande informasjon om frådelinga. Sentralt her er å ha med opplysningar om planstatus for området og eventuelle servituttar de kjenner til i det omsøkte området. For dispensasjonssøknader skal søknaden grunngjevast.

Arealplanane gjev rammer som kjem i tillegg til plan- og bygningslova med forskrifter, og andre lover og reglar som kan gje føringar i ei delingssak. Det er viktig å vite kva arealplan som gjeld for din eigedom i samband med delingssøknaden. delingssaker i samsvar med arealplanen for området kan som oftast handsamast som delegert vedtak, medan delingssaker som ikkje er i samsvar med overordna plan som oftast krev dispensasjonssøknad. Du kan ta kontakt med Kvam herad for å få opplyst planstatus på eigedomen din, men vi oppmodar til at du nyttar "Infoland" for å bestille informasjon om gjeldande planstatus på eigdomen.

SAKSGANG OG HANDSAMINGSTID
Når søknaden er registrert i kommunen, føretek me ein enkel gjennomgang av saken. Er det manglar i saka, orienterer me om dette. Treng søknaden handsaming/uttale frå andre offentlege instansar, sørgjer kommunen for innhenting av desse. Gjeldande arealplanar i området legg viktige føringar for om eigedommen kan delast eller ikkje. Søknad om deling vert handsama etter Plan- og bygningslova § 20-1 m). Lovpålagt handsamingstid for delingssaker 12 veker. Dersom søknaden ikkje vert handsama av heradet innan fristen, vil du få redusert gebyr. Sakshandsamingstida vert rekna frå den dato søknaden er fullstendig dokumentert. Me prøver å handsame sakene så snart som råd, og i den rekkjefylgje dei kjem inn. Det er ikkje sakshandsamingsfrist for søknader om dispensasjon. Me har difor ikkje høve til å prioritere desse sakene framføre saker med tidsfristar. Alle dispensasjonssaker skal fremjast nærings-,plan- og bygningsutvalet.

Om det vert søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden òg handsamast av landbruksmyndigheitene i samsvar med Jordlova § 12.

VEDTAK OG KLAGEADGANG
Vedtak vert fatta med heimel i plan- og bygningsloven (og evt jordlova) og stilast til søkjaren med kopi til eventuelle partar som har hatt merknader til søknaden. I delingssaker er vedtaket gyldig i 3 år. Med dette fylgjer at kartforretning må setjast igang innan 3 år frå vedtaksdato.

Vedtak fatta av Kvam herad kan klagast på til Fylkesmannen i Hordaland, jf. forvaltningslova § 28 og plan- og bygningslova § 1-9. Klagefrist er 3 veker rekna frå melding om vedtak er motteke, jf. forvaltningslova § 29. Klagen skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men sendast til Kvam herad.

Partar i saka har rett til å gjere seg kjent med dokument i saka, jf. forvaltningslova §§ 18 og 19.

OPPMÅLINGSFORRETNING
Når delingssamtykke er gjeve og eventuelle vilkår for delinga er oppfylt, skal det avhaldast oppmålingsforretning der grensene vert påviste, godkjende og merka. Heimelshavar og eigarane til tilgrensande eigedomar får skriftlig varsel minst 2 veker før oppmålingsforretninga finn stad. Det skal førast protokoll der det går fram kven som møtte, om det var semje/usemje i påviste grenser og eventuelle andre forhold som kom opp under oppmålingsforretninga.

Etter oppmålingsforretninga skal den nye eigedommen (ny matrikkeleining) førast inn i matrikkelen og oversendast Statens kartverk for tinglysing saman med eventuelle naudsynte fråsegner. Når den nye eigedomen (matrikkeleininga) er tinglyst, skal kommunen utarbeide eit matrikkelbrev som skal sendast den som har rekvirert frådelinga.

GEBYR
Kvam herad sitt gebyrhefte finn du her: Gebyr 2012

KORLEIS ER STODA I DELINGSSAKA
Dersom du lurar på korleis stoda er i di delingssak kan du gå inn på Kvam herad sine heimesider og få innsyn i alle offentlege dokument i saka di.

Delingssaka di finn du slik:
- Gå inn på Kvam herad si startside: www.kvam.no
- Alle registrerte dokument på reguleringssaka er å finna via hovudmenyen POSTLISTE / Innsyn / Saker / Saksnummer
- Når du får opp saka di, går du inn på "Detaljar" og du får opp alle inngåande og utgåande brev som er offentleg tilgjengeleg. Dokumenta kan sorterast til dømes etter dato.





LENKJE
112 Fylkesmannen i Hordaland - Dispensasjon
PDF - Vert opna i nytt vindauga Rettleing for dispensasjonssaker
SERVICEERKLÆRING
362 Frådeling av eigedomar, kartforretning
SKJEMA
PDF - Vert opna i nytt vindauga Skjema for deling og rekvisisjon av oppmålingsforr
PDF - Vert opna i nytt vindauga Erklering om arealoverføring
PDF - Vert opna i nytt vindauga Oppmålingsforretning sak etter matrikkellova
ER/ Skjema og blankettar til tinglysing
PDF - Vert opna i nytt vindauga Gjenpart av nabovarsel
DF Nabovarsel

WEBINNSYN - KART
Start Webinnsyn - kart
Godkjent HTML 4.01 Transitional