|
Du er her: Startside / Plan og byggesak / arealplansystem /
|
Det kommunale arealplansystemet
|
|
|
|
|
|

Kommuneplan Kommuneplanen er den obligatoriske samordnande planen for all verksemd innafor kommunen. Kommunane skal utføre ei kontinuerleg kommuneplanlegging med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innafor sine område. Kommunestyret skal minst ein gong i løpet av kvar valperiode vurdera kommuneplanen, og om det er behov for å føreta endringar i den.
Til kommuneplanen vert det utarbeidd ein arealdel. Planen skal leggjast til grunn for planlegging, forvaltning og utbygging i kommunen. Kommuneplanen skal i tillegg gje grunnlag for utarbeiding av kommunedelplanar og reguleringsplaner
Kommunedelplanar kan utarbeidast for eit avgrensa tema. Kommunedelplanar som vert utarbeidd for deler av kommunen sitt areal, vert kalla for geografiske kommunedelplanar. Slike delplanar kan til dømes gjelde for ein tettstad, hytteområde, kystsona mv. Kommundelplanar kan også utarbeidast for ulike tema som vatn- og avlaup, idrett- og kultur, trafikksikring o.l.
Økonomiplan Økonomiplanen skal omfatte heile kommunen si verksemd og gje ein realistisk oversikt over sannsynlige inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.
Reguleringsplan Reguleringsplanar skal utarbeidast når dette er bestemt i kommuneplanen sin arealdel. For større byggje- og anleggsarbeid skal det alltid utarbeidast reguleringsplan.
Konsekvensutgreiing Krav til konsekvensutgreiing (KU) framgår av ny plan- og bygningslov § 4-2.
|
|
|
|
|
|
|  |

|
|
 |
|
| WEBINNSYN - KART
|
|
|